Statistikken trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja viser at det var 724 trus- og livssynssamfunn som søkte statsforvaltaren om offentleg stønad i 2021. Talet på trus- og livssynssamfunn har økt årleg sidan 2012, men nå er det tilbake på same nivå som i 2014.

Den nye trussamfunnslova som trådde i kraft 1. januar 2021 har påverka kor mange samfunn som har søkt om offentleg stønad. Lova krev at eit samfunn må ha minst 50 tilskotsteljande medlemmer for å få slik stønad. Tidlegare var det ikkje ei slik grense for trussamfunna.

¹ Ny trussamfunnslov trådde i kraft 1. januar 2021

Noko færre medlemmer

Statistikken tar også for seg tal på medlemmer i trus- og livssynssamfunna. I 2021 var det 680 000 medlemmer i samfunna utanfor Den norske kyrkja. Dette er vel 17 000 færre enn i 2020, men framleis høgare enn alle dei tidlegare åra.

Dei fleste trus- og livssynsretningar opplevde ein nedgang i talet på medlemmer frå 2020 til 2021. Den største prosentvise nedgangen var i islam, med 7 prosent. Medlemstalet innanfor buddhisme, bahá'i og kristendom har halde seg forholdsvis stabilt i same periode, med endringar på under 1 prosent kvar. har økt med om lag 5 prosent frå 2020 til 2021.

¹ Ny trussamfunnslov trådde i kraft 1. januar 2021

8 av 10 nordmenn tilhøyrar eit trus- eller livssynssamfunn

Om ein legg talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja saman med medlemstalet i Den norske kyrkja på snautt 3,7 millionar, er om lag 80 prosent av nordmenn tilknytt eit trus- eller livssynssamfunn.