Gjødsel vert nytta i jordbruket for å tilføre næringsstoff til plantene. Nitrogen, fosfor og kalium blir rekna som hovudnæringsstoff, medan ei rekke andre grunnstoff er naudsynte i mindre mengder. Plantene vert tilført gjødsel i form av mineralgjødsel, organisk gjødsel eller ein kombinasjon av desse. Mineralgjødsel (kunstgjødsel) er heilt eller delvis eit industriprodukt, medan organisk gjødsel i all hovudsak er husdyrgjødsel (ekskrement og urin frå husdyra), men kan også vere planterestar og liknande. Tilførsel av gjødsel påverkar i stor grad storleiken og kvaliteten på avlingane i jordbruket.

Fosfor frå husdyrgjødsel på lågaste nivå sidan 1990

Praksis for lagring og spreiing av husdyrgjødsel har mykje å seie for miljø­påverknaden. Bruk av husdyrgjødsel medfører utslepp til luft av klimagassar (til dømes metan og lystgass) og andre uønskte gassar (til dømes ammoniakk). Husdyrgjødsel kan også føre til ureining av hav og vassdrag. Samstundes kan jordbruket nyttiggjere andre organiske ressursar i samfunnet som elles går til spille eller blir eit avfallsproblem.

Total mengd husdyrgjødsel blir utrekna basert på tal husdyr og faktorar for kvart dyreslag. Over tid skjer det endringar i både dyremateriale og fôring som påverkar mengd næringsstoff i husdyrgjødsla. Faktorane som vert nytta for mengd nitrogen og fosfor i gjødsel frå dei ulike husdyrslaga, skal gjelde for norske tilhøve, og det blei utarbeidd nye faktorar i 2012. I 2018 blei faktorar for nitrogen endra for ammeku. For storfe elles blir faktorane for næringsstoff i husdyrgjødsel oppdaterte årleg. 

I tillegg til oppdaterte faktorar for nitrogen og fosfor i husdyrgjødsel, er det over tid òg tatt i bruk eit meir omfattande datagrunnlag for husdyr i utrekningane. Ettersom nye faktorar og meir oppdaterte datagrunnlag blir utarbeidd, oppdaterast tidsserien kvart år tilbake til 1990.

Ifølgje utrekningar for 2025 utgjorde husdyrgjødsel 85 100 tonn totalnitrogen eller 48 300 tonn lett tilgjengeleg nitrogen (ammonium-N) og 11 400 tonn fosfor (total- P). Etter ein topp i den totale nitrogenmengda i 2016 på 92 300 tonn har det gått noko ned, og er no på nivå med byrjinga av 2000-talet. Fosfor har hatt ein tilsvarande nedgang, og mengda i 2025 er den lågaste sidan tidsserien starta i 1990. Mengd kalium i husdyrgjødsel vert ikkje utrekna.

Figur 1. Indeks for mengd nitrogen (N) og fosfor (P) frå husdyrgjødsel. 1999-2025. 1999=100

Raskare nedmolding av husdyrgjødsla

I 2024 blei 4,10 millionar dekar jordbruksareal gjødsla minst ein gong med husdyrgjødsel. Arealet utgjorde 42 prosent av jordbruksarealet i drift. Delen er 3 prosentpoeng høgare enn i 2020.

Det er ein fordel om gjødselspreiing går føre seg slik at gjødsla kjem raskt ned i jorda eller ned til bakken. Då blir næringsstoffa i husdyrgjødsla betre tatt vare på, og det gir mindre avrenning til vatn og mindre ammoniakkutslepp til luft. På areal som blir jordarbeidd, kan gjødsla moldast ned med plog eller harv, og ved spreiing på open åker var det i tidlegare forskrift krav om å molde ned gjødsla seinast innan 18 timar etter spreiing. I eng og anna veksande grøde, vil gjødsla til vanleg bli spreidd utan nedmolding, men det finst løysingar for å injisere gjødsel rett i bakken.

Figur 2. Jordbruksareal tilført husdyrgjødsel, etter type spredeutstyr. 2020 og 2024. Dekar

Ser ein på arealet kor husdyrgjødsla har blitt nedmolda, var det ein auke i delen som blir raskare nedmolda i 2024 enn i 2018. Meir enn halvparten av arealet, 58 prosent, blei nedmolda innan fire timar.

Figur 3. Jordbruksareal med nedmolding av husdyrgjødsel, etter nedmoldingstidspunkt. 2018 og 2024. Prosent

Levering av husdyrgjødsel til produksjon av biogass er utbreitt fleire stadar i landet, og ei tilskotsordning for dette blei etablert i 2013. I 2025 blei 194 100 tonn husdyrgjødsel levert til produksjon av biogass, ein auke på 33 prosent frå 2023 då 146 200 tonn blei levert.

Stabil auke i innvilga tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel

Det har vore tilskot til miljø­venleg spreiing av husdyrgjødsel frå 2008. Frå 2013 blei tilskotet ein del av Regionalt miljøprogram (RMP) og miljøtemaet Utslepp til luft.

Føremålet med tilskotet er å redusere tap av lystgass og ammoniakk til luft, avren­ning av næringsstoff til vatn og å redusere luktproblem i samband med spreiing av husdyr­gjødsel. Det er i dei fleste tilfelle krav til nedmolding innan to timar etter spreiing. I veksande kulturar kan gjødsla fellast ned i bakken eller leggjast på bakken med tilførselslangar.

Det blei i 2025 gitt tilskot til 3,0 millionar dekar jordbruksareal med miljø­venleg spreiing av husdyrgjødsel. Arealet auka med 99 800 dekar eller om lag 3 prosent frå året før.

Figur 4. Jordbruksareal med tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, fordelt etter type tiltak. 2013-2025. Dekar

I alt vart det gjeve 206,8 millionar kroner i tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel i 2025.

Mest avløpsslam til jordbruket på Austlandet

I 2025 blei 147 000 tonn slamtørrstoff frå kommunal avløpssektor brukt til ulike føremål. Om lag 69 500 tonn av dette gjekk til jord­bruket. I Akershus og Innlandet åleine blei det disponert 33 200 tonn, eller 48 prosent, av alt slammet som gjekk til jord­bruket i 2025. Det er spesielle krav til bruk av avløpsslam i jord­bruket. Til dømes kan ein ikkje spreie avløpsslam på areal der det vert dyrka grønsaker, potet, bær eller frukt.

Figur 5. Mengd slam disponert til ulike føremål. 2022-2025. Tonn tørrstoff

Blant fylka brukte Akershus mest avløpsslam med 26 096 tonn slamtørrstoff, og av dette blei 21 624 tonn brukt i jordbruket. Agder brukte 21 900 tonn slamtørrstoff, men berre 1 854 av dette gjekk til jordbruket. I Østfold, Oslo og Vestfold blei det totalt disponert 19 505 tonn avløpsslam, og alt dette blei brukt på jordbruksareal.

Omsetnaden av mineralgjødsel på veg opp igjen

Bruken av mineralgjødsel i jordbruket byggjer på tala over omsetnaden av gjødsel. Rapporteringsperioden er frå 1. juli til 30. juni året etter. Ein reknar med at mesteparten av den omsette mineralgjødsla vert brukt om våren og sommaren.

I etterkrigstida og fram til 1980-talet var det ein sterk auke i bruken av mineral­gjødsel. Frå 1980 og fram til og med 2006-07 heldt omsetnaden av nitrogen seg ganske stabil, medan omsetnaden av fosfor og kalium blei redusert.

I 2007-08 blei det hamstra gjødsel på grunn av forventa prisauke i sesongen 2008-09. Omsetnaden for 2007-08 og dei to etterfølgjande åra blei monaleg påverka av dette. 

Nye normer for fosforgjødsling dei seinare åra samt redusert fosforinnhald i viktige gjødselslag, har med­verka til ytterlegare nedgang i bruk av fosfor frå mineralgjødsel.

Den totale omsetnaden av hovudnæringsstoffa nitrogen, fosfor og kalium i 2024-25 utgjorde 82 prosent av mengda i 1999. I hamstringsåret 2008 utgjorde omsetnaden 106 prosent av mengda i 1999. I 2025 var omsetnaden av nitrogen 94 prosent av mengda i 1999. Tilsvarande tal for 2024 var 86 prosent. Etter 2008 er mengdene fosfor og kalium redusert mykje, mellom anna grunna endringar i anbefalingar for gjødsling. Prisane på mineralgjødsel hadde ei kraftig auke i 2022, og mengd omsett næringsstoff i alt gjekk ned med omtrent 22 prosent frå 2021 til 2023. Omsetninga har sidan auka igjen, og i 2025 var mengdene for både fosfor og kalium omtrent 60 prosent av 1999-nivået, ei auke på 5 prosentpoeng frå 2023.

Figur 6. Indeks for omsett mengd nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) i mineralgjødsel. 1999-2025. 1999=100.

Gjødsel i alt

For å få totale mengder nærings­stoff som blir tilført jordbruket, må ein summere mineralgjødsel, husdyr­gjødsel og annan gjødsel.

Annan gjødsel omfattar avløpsslam, vekstar som vert dyrka og ikkje hausta, men blir tilført jorda som gjødsel for neste års avling (grøngjødsling), silopressaft og små kvanta av nokre typar gjødsel som ikkje inngår i statistikken som Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) utarbeidar. Ein har ikkje sikre anslag over kor mykje annan gjødsel utgjer i form av næringsstoff.

Etter 2010 er total mengd fosfor på eit lågare nivå enn før 2008. Gjennomsnittleg mengd i femårsperioden 2003–2007 var 24 300 tonn mot 19 500 tonn i femårsperioden 2021–2025. Nedgangen har vore på 20 prosent. Del mineralgjødsel av total mengd fosfor har i same perioden minka frå 51 til 41 prosent.

Med unntak for dei tre åra 2008–2010, som vart monaleg påverka av hamstring av mineralgjødsel, har den totale mengda effektivt nitrogen variert lite. Gjennomsnittleg mengd for femårsperioden 2003–2007 var 154 800 tonn, medan det for femårsperioden 2021–2025 var 146 600 tonn. Del mineralgjødsel har minka frå 68 prosent i perioden 2003–2007 til 66 prosent i perioden 2021–2025.

Mengd kalium frå mineralgjødsel har minka frå 45 800 tonn i gjennomsnitt for åra 2003–2007 til 29 900 tonn for åra 2021–2025, som svarar til ein nedgang på 35 prosent.

Figur 7. Omsett mengd nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) i mineralgjødsel og utrekna mengd effektiv nitrogen (ammonium-N) og fosfor tilgjengeleg i husdyrgjødsel. 1999-2025. 1000 tonn