Tal frå den kommunale KOSTRA-rapporteringa viser at det i 2025 blei tillate omdisponert 4 200 dekar jord til andre formål enn landbruk, fordelt på 1 800 dekar Dyrka jord er areal av fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. og 2 400 dekar Dyrkbar jord er areal som ved oppdyrking kan setjast i slik stand at det vil oppfylle krava til lett-brukt eller mindre lettbrukt fulldyrka jord, og som oppfyller krava til klima og jordkvalitet for plantedyrking.. Av det tillate omdisponerte arealet blei 87 prosent regulert etter plan- og bygningslova, medan 13 prosent av arealet blei omdisponert etter jordlova. Areal omdisponert til skogplanting etter jordlova inngår ikkje i tala ovanfor, og i 2025 blei det omdisponert 171 dekar dyrka og dyrkbar jord til skogplanting etter jordlova. Tilsvarande tal for 2024 var 534 dekar.
Noreg har lite jordressursar samanlikna med mange andre land. Berre tre prosent av landarealet er dyrka jord, og berre ein tredjedel av dette arealet er eigna for å dyrke matkorn. Den aller beste jorda i Noreg ligg i stor grad nær byar og tettstader der det også er stort utbyggingspress. Sidan andre verdskrigen er det i Noreg omdisponert cirka 1,2 millionar dekar dyrka og dyrkbar jord. Ein stor del av den jorda har vore eigna til matkornproduksjon.
Det nasjonale jordvernmålet for åra 2004-2015 var at årleg omdisponering av dyrka jord skulle vere under 6 000 dekar. I 2013 blei dette målet nådd med omdisponering av 5 600 dekar dyrka jord, men auka igjen til 6 300 dekar både i 2015 og 2016. Jordvernmålet frå 2016 var å avgrense omdisponeringa til maksimalt 4 000 dekar per år innan 2020. Kvart år sidan 2016, med unnatak av 2020, har det blitt omdisponert mindre enn 4 000 dekar dyrka jord. I 2020 blei det omdisponert 4 600 dekar dyrka jord, medan det i 2021 og 2022 blei omdisponert høvesvis 3 000 og 3 500 dekar dyrka jord.
Stortinget vedtok i juni 2021 eit nasjonalt jordvernmål, som sa at årleg omdisponering av dyrka jord ikkje skulle overstiga 3 000 dekar, og at målet skulle vera nådd innan 2025.
I samband med jordbruksoppgjeret i 2023 blei den nasjonale jordvernstrategien oppdatert med desse nye tiltaka:
- Utvikle eit sentralt register for viktige jordbruksareal av nasjonal interesse
- Etablere eit nytt kartlag for dyrkbar jord
- Utvikle eit jordbruksarealrekneskap som kan bli ein del av eit nasjonalt arealrekneskap
- Greie ut ein heimel i jordlova for vern av viktige jordbruksareal
- Etablere ein systematisk registrering av faktisk nedbygging av jordbruksareal
- Redusere landbruket sin eigen nedbygging av jordbruksareal
Samstundes blei det vedteke eit nasjonalt mål der årleg omdisponering av dyrka jord ikkje skal vere meir enn 2 000 dekar, og at målet skal være nådd innan 2030. Med 1 800 dekar dyrka areal omdisponert i 2025 blei målet nådd dette året.
For omdisponering av dyrkbar jord viser tala store variasjonar frå år til år. Det registrerte arealet var nede i 2 200 dekar i 2000, men auka deretter til ein topp på 10 200 dekar i 2004. I 2025 blei 2 400 dekar dyrkbar jord omdisponert til andre formål enn landbruk, ein nedgang på 300 dekar frå året før.
Ser ein på kva formål det dyrka og dyrkbare arealet blir omdisponert til, blei om lag halvparten omdisponert til samferdselsformål og anna bygg og anlegg, om lag 28 prosent til bustad- og fritidsbygg og resten til næring, privat og offentleg tenesteyting samt bebygd areal for landbruk.
Fylket med mest dyrka jord planlagt omdisponert til andre formål enn landbruk i 2025 var Troms med 750 dekar etterfølgt av Buskerud med 660 dekar, Trøndelag med 490 og Nordland 480 dekar. Kommunetala viser at Balsfjord hadde mest omdisponering til andre formål enn landbruk i 2025 med 720 dekar, deretter Narvik med 320 dekar og Ringerike med 300 dekar.
I fireårsperioden 2022–2025 blei det omdisponert mest dyrka jord i Ullensaker kommune med 890 dekar, etterfølgt av Balsfjord med 810 dekar og deretter Løten og Hamar med høvesvis 800 og 760 dekar.
Kartbasert undersøking om nedbygging av jordbruksareal
Ovanfor er det skrive om areal som er vedtatt omdisponert. Det er ikkje det same som at arealet er nedbygd. Det kan gå mange år før arealet faktisk blir nedbygd, og det kan vere at arealet ikkje blir nedbygd i det heile. For å forsøke å finne ut av kor mykje areal som faktisk vert nedbygd, gjorde SSB i 2019 ein analyse av faktisk nedbygd jordbruksareal på landbrukseigedomar, med spesielt fokus på nedbygging som kan knytast til jordbruksproduksjon og som kan definerast som landbruket si eiga nedbygging. Resultat frå analysen for 2004-2015 er presentert i rapporten «Landbrukets egen nedbygging av jordbruksareal» (SSB Rapporter 2019/15). Av totalt 97 600 dekar jordbruksareal som blei nedbygd, var 47 800 dekar på landbrukseigedomar per 2015. Resten var på eigedomar som er fråskilt frå landbrukseigedom, eller eigedomar med mindre enn 5 dekar jordbruksareal og mindre enn 25 dekar produktiv skog.
Det nedbygde jordbruksarealet er fordelt på ulike formål. Av totalt 47 800 dekar nedbygd jordbruksareal på landbrukseigedomar, gjekk mesteparten, 18 600 dekar, til «Bebygd område for landbruk». Formålet utgjorde altså 39 prosent av totalen i perioden 2004-2015. Omlag 11 300 dekar av dette var bygd ned av bygningar, inkludert kringliggjande område rundt bygningen som ikkje lenger kan bli drive som jordbruksareal. Nedbygd område utan bygningar utgjorde 7 200 dekar og omfattar gardstun som blir utvida til plen, parkeringsplassar, lagringsplass for maskinar etc.
SSB gjennomførte i 2019 og 2020 eit nytt prosjekt med mål om å finne fram til ein enkel, men treffsikker metode for utrekning av årleg nedbygd jordbruksareal så raskt som mogleg etter at nedbygginga er skjedd. Metoden tar utgangspunkt i bygningsinformasjon frå matrikkelen og bygningsomriss frå Felles Kartdatabase. Resultata frå utrekningane er vist i tabellen under.
| År | Dekar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 2016 | 9 800 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 2017 | 7 800 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 2018 | 7 300 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 2019¹ | 7 100 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 1Analysen er gjort med tal frå matrikkelen for 2020, og tala for 2019 er forventa underestimert med om lag 10 prosent. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metoden bruker opplysningar frå matrikkelen i kombinasjon med arealressurskartet AR5, for å finne bygningar oppført på jordbruksareal. Med utgangspunkt i grunnflata til bygningen blir tomteareal utrekna. I tillegg blir det lagt til areal til fellesformål, som veg, idrettsanlegg og leikeplassar. Det «utrekna tomtearealet» utgjorde i 2016 om lag 60 prosent av nedbygginga på landsbasis, medan vegar, idrettsanlegg m.m. samla utgjorde 40 prosent.
I rapporten Landbrukets egen nedbygging av jordbruksareal (SSB Rapporter 2019/15) for åra 2004- 2015 er årleg nedbygd jordbruksareal utrekna til om lag 8 200 dekar, mens den årlege nedbygginga for åra 2016-2019 er utrekna til om lag 8 200 dekar i notatet Nedbygging av jordbruksareal i 2016-2019 basert på bygningsomriss (SSB Notater 2021/01).
For perioden 2004-2015 bygde landbruket sjølv ned i gjennomsnitt om lag 1 750 dekar jordbruksareal årleg, medan det for perioden 2016-2019 er berekna at landbrukets eigen nedbygging utgjorde om lag 2 000 dekar per år.
Nydyrking på same nivå som 2024
Dei årlege tala for Nydyrking er fulldyrking og overflatedyrking av jord. Med fulldyrking meiner ein rydding og bryting til vanleg pløyedjupn, slik at arealet kan nyttast til åkervekstar eller til eng og beite som kan fornyast ved pløgsel. Med overflatedyrking meiner ein rydding og sletting av overflata, slik at maskinell hausting er mogleg. blir henta frå den kommunale KOSTRA-rapporteringa. Nydyrking blir i denne samanheng definert som godkjent areal til fulldyrking og overflatedyrking av jord. Rydding til innmarksbeite inngår ikkje i rapporteringa.
Frå 2002 til 2010 auka arealet godkjent til nydyrking frå 7 300 til 19 900 dekar. Det høgaste arealet godkjent for nydyrking vart registrert i 2019 med 28 100 dekar. Deretter gjekk arealet ned til 9 900 dekar i 2023, medan det auka igjen frå 2023 til 2025 til 12 900 dekar. Talet er nokså lavt samanlikna med 2010-tallet.
Nydyrkinga skjer mellom anna i husdyrområde der krav om spreieareal for husdyrgjødsel er ei av drivkreftene for å leggje ny mark under plogen. Krav til beitetid og grovfôropptak på beite kan også bidra til behov for meir beiteareal. Storfe i båsfjøs skal sikrast moglegheit til fri bevegelse og mosjon på beite i minimum 12 eller 16 veker i løpet av sommarhalvåret. Frå 1. januar 2014 har det også vore krav om at storfe i lausdrift skal ha høve til mosjon og fri bevegelse ute på beite i minst 8 veker i sommarhalvåret.
Det blei godkjent mest areal til nydyrking i Innlandet i 2025 med 5 300 dekar godkjent areal. Deretter følgde Trøndelag med 2 200 dekar og Rogaland med 1 900 dekar. Av kommunane blei mest areal godkjent i Ringsaker med 580 dekar, deretter følgde Østre Toten med 560 dekar og Os med 530 dekar. Ser ein på godkjent areal til nydyrking i fireårsperioden 2022–2025 toppar Gjøvik med knapt 2 000 dekar, Hå med 1 800 dekar og Ringsaker med 1 700 dekar.
Sidan 2005 har kommunane rapportert tillate omdisponering av dyrka og dyrkbar jord gjennom KOSTRA (kommune-stat rapportering). KOSTRA er eit nasjonalt rapporteringssystem som gir informasjon om kommunal verksemd. Fram til 2005 blei kommunetal for omdisponering samla inn av Landbruksdirektoratet via statsforvalterens landbruksavdeling. Frå og med 2005 er omdisponering av dyrka og dyrkbar jord rapportert gjennom KOSTRA.
