Mange av Verksemd med jordbruksdrift, medrekna hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha driftssenteret på ein landbrukseigedom. som legg ned drifta, sel eller leiger bort Jordbruksareal omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. til jordbruksbedrifter som framleis er aktive. Samstundes skjer det ein tilgang i jordbruksarealet ved at areal blir nydyrka, og ein avgang ved at jordbruksareal blir tatt ut av drift og gror igjen eller blir omdisponert til andre føremål enn landbruk.
Jordbruksarealet utgjer om lag 3 prosent av Noregs landareal. Årsaka til denne låge prosenten er at landarealet består av mykje bratt areal, og mykje av jorda ligg på berggrunn og inneheld mykje stein. Klima er òg ei viktig årsak da landet ligg langt mot nord og har kort vekstsesong. Forutan desse naturgitte forholda, er dagens norske jordbruk eit resultat av den generelle samfunnsutviklinga og politiske rammer.
Jordbrukets utviklingstrekk dei siste 50 åra
Jordbruksareal som blir hausta minst ein gong i året, medrekna planta areal av fleirårige vekstar som enno ikkje gir avling. Areal av åker- og hagebruksvekstar der det ikkje blir teke avling i året, men som er tenkt hausta neste år (eittårig brakk) blir òg rekna med. har lege på rundt 10 millionar dekar dei siste 50 åra, medan talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert. Frå 1969 til 2025 har talet på jordbruksbedrifter blitt redusert med 76 prosent, frå 155 000 til 36 600. Jordbruksareal i drift var 9,55 millionar dekar i 1969 og 9,87 millionar dekar i 2025. Gjennomsnittleg jordbruksareal per bedrift har dermed blitt meir enn firedobla i denne perioden, frå 62 til 269 dekar.
Fleire større jordbruksbedrifter
Førebelse tal for 2025 viser at det var 36 600 aktive jordbruksbedrifter i landet. Om lag 5,5 prosent av desse hadde upersonleg brukar, slik som ansvarleg selskap, aksjeselskap og institusjon.
Sidan 1999 har 48 prosent av gardsbruka slutta med jordbruksdrift. Det er jordbruksbedrifter med mindre enn 100 dekar jordbruksareal i drift som har stått for den største nedgangen i brukstalet. I 1999 var 44 prosent av alle jordbruksbedriftene i denne storleiksgruppa, i 2025 hadde prosentdelen gått ned til 32. Sidan 1999 har det òg vore ein jamn nedgang i talet på bedrifter i storleiksgruppa 100-299 dekar, og frå 2007 også ein nedgang i storleiksgruppa 300-499 dekar. Talet på jordbruksbedrifter med meir enn 500 dekar aukar. I 1999 inngjekk 2 prosent av jordbruksbedriftene i denne storleiksgruppa, i 2025 hadde delen auka til 15 prosent.
Flest jordbruksbedrifter med driftsforma sau
Den enkelte jordbruksbedrift har over tid blitt meir spesialisert. For 50 år sidan hadde dei fleste bedrifter fleire husdyrslag og dyrka fleire vekstar. Mange jordbruksbedrifter har no slutta heilt med husdyr, eller har berre eitt dyreslag. Også i planteproduksjonen har det skjedd ei spesialisering i retning av ein eller få vekstar.
Klassifisering av jordbruksbedriftene etter driftsform er ei inndeling som er felles for alle EU- og EØS-landa. Frå og med 2010 byggjer inndelinga på faktorar for Standard omsetning (SO) for plante- og husdyrprodukter er verdien av produktene basert på produsentpris. SO beregnes på regionalt nivå per dekar og per dyr som gjennomsnittsverdier over en referanseperiode på fem år. SO er eksklusive direkte tilskudd, merverdiavgift og skatter/avgifter på produktetene. tilknytt ulike vekstar og husdyrslag.
Det var flest jordbruksbedrifter med driftsforma «Sau» både i 2010, 2020 og 2025. I 2010 utgjorde «Sau» 21 prosent av totalt 46 600 jordbruksbedrifter og i 2025 var prosentdelen auka til 24. Sidan 2010 har også prosentdelen for driftsformene «Storfe kjøttproduksjon» og «Øvrige grovfôretande dyr» gått opp. Prosentdelen for «Storfe kjøttproduksjon» har auka frå 9 til 11 og for «Øvrige grovfôretande dyr» frå 6 til 8. I same perioden har prosentdelen for bedrifter med driftsformene «Storfe mjølkeproduksjon» og «Korn og oljevekstar» gått ned. Prosentdelen for «Storfe mjølkeproduksjon» har minka frå 18 til 14 og for «Korn og oljevekstar» frå 17 til 16.
I absolutte tal er det Jordbruksbedrifter med mjølkeproduksjon er her driftsformene "Storfe mjølkeproduksjon" og "Storfe mjølk- og kjøttproduksjon i kombinasjon". Jordbruksbedrifter i andre driftsformer kan også ha mjølkekyr som har gått mest ned. Frå 2010 til 2025 har mjølkeproduksjon blitt avvikla på om lag 4 900 jordbruksbedrifter. Nedgangen er på i alt 46 prosent, medan nedgangen i jordbruksbedrifter i alt er på vel 21 prosent.
Mest jordbruksareal på Austlandet og i Trøndelag
Jordbrukspolitikken har over tid stimulert til kornproduksjon i dei områda av landet som har klima og topografi som er eigna til korndyrking. Dei beste områda til korndyrking ligg på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag. Det meste av produksjonen av mjølk og kjøt frå grovfôretande husdyr som storfe, sau og geit, skjer i dal- og fjellbygdene, på Vestlandet og i Nord-Noreg.
Totalt jordbruksareal i drift er relativt stabilt, men det blei registrert ein topp på 10,47 millionar dekar i 2001. Førebelse tal viser at det var 9,87 millionar dekar jordbruksareal i drift i 2025. Nedgangen kjem både av innføring av digitalt kartgrunnlag som har gitt meir nøyaktige arealmålingar og at noko areal har gått ut av drift. Innføring av digitalt kartgrunnlag skjedde i åra 2005 til 2013 og førte til ein reduksjon i jordbruksarealet på om lag 3,3 prosent landet sett under eitt.
Jordbruksarealet blir vanlegvis delt inn hovudkategoriane Jordbruksareal som er dyrka til vanleg pløyedjupn og som kan nyttast til åkervekstar eller til eng som kan fornyast ved pløying., Jordbruksareal som for det meste er rydda og jamna i overflata, slik at maskinell hausting er mogleg. og Jordbruksareal som kan nyttast til beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 prosent av arealet skal vere dekt av grasarter eller urter som toler beiting.. Frå 1999 til 2025 har prosentdelen fulldyrka jord av totalt jordbruksareal i drift minka frå 85 til 82 på landsbasis. I same periode har del overflatedyrka jord minka frå 3 til 2 prosent medan innmarksbeite har auka frå 12 til 16 prosent. I 2025 hadde fylka Vestfold og Østfold størst del fulldyrka jord med 98 prosent i båe fylka. Minst del hadde fylka Rogaland og Vestland med 53 og 52 prosent.
Dei fem kommunane som hadde mest jordbruksareal i drift i 2025 var Indre Østfold med 230 000 dekar, Ringsaker med 188 400 dekar, Steinkjer med 171 000 dekar, Levanger med 136 000 dekar og Nes med 131 200 dekar. Desse fem kommunane hadde til saman nesten 9 prosent av landets jordbruksareal, men snautt 2 % av landarealet.
Mindre kornareal - meir innmarksbeite
Jordbruksareal i drift kan òg delast inn i kategoriane Åker- og hagebruksvekstar omfattar alt jordbruksareal i drift utanom areal til eng og beite. Åker- og hagebruksvekstar er til dømes korn, poteter, ulike grønsakslag, frukt og bær. og eng/beite. Arealet av eng og beite er den største kategorien og utgjorde 66 prosent av det totale jordbruksarealet på 9,87 millionar dekar i 2025. Åker- og hagebruksvekstar utgjorde 34 prosent av jordbruksarealet. I 1999 utgjorde arealet av åker- og hagebruksvekstar 39 prosent og eng/beite 62 prosent av det totale jordbruksarealet på 10,38 millionar dekar.
I 2025 var arealet av åker- og hagebruksvekstar 3,3 millionar dekar. Arealet er redusert med 676 900 dekar, eller 17 prosent, sidan 1999. Korn og oljevekstar utgjer mesteparten av arealet av åker- og hagebruksvekstar. I 2025 var arealet av korn og oljevekstar 2,84 millionar dekar eller om lag 29 prosent av det totalt jordbruksareal i drift. I 1999 utgjorde arealet av korn og oljevekstar 32 prosent av jordbruksarealet. I 2025 hadde fylka Østfold, Oslo og Akershus, Innlandet og Trøndelag til saman 81 prosent av landets areal av korn og oljevekstar. Jordbruksbedrifter med korn- og oljevekstareal har gått ned med 57 prosent frå 1999 til 2025, og arealet per jordbruksbedrift som dyrkar korn og oljevekstar har auka frå 153 til 302 dekar.
Arealet av poteter, grønsaker, frukt, bær og andre åker- og hagebruksvekstar var til saman 0,48 millionar dekar i 2025 og utgjorde knapt 5 prosent av det totale jordbruksarealet. I 1999 var dette arealet 0,65 millionar dekar, tilsvarande 6 prosent av jordbruksareal i drift.
Jordbruksbedrifter med potetdyrking har gått ned med 87 prosent frå 1999 til 2025. Potetarealet har i same perioden gått ned med 17 prosent. Gjennomsnittleg potetareal på bedrifter som dyrkar potet har dermed auka frå 15 dekar til 90 dekar.
Det blir framleis dyrka mest poteter på Austlandet og i Trøndelag. Av fylka var det Innlandet som hadde størst potetareal i 2025, med 50 prosent av det totale dyrka potetarealet på 123 100 dekar. I Vestfold og Trøndelag blei det dyrka potet på høvesvis 15 100 og 13 500 dekar i 2025.
Arealet av eng og beite utgjorde 6,55 millionar dekar i 2025, ein auke på 161 100 dekar frå 1999. Eng- og beitearealet fordelte seg på 4,79 millionar dekar fulldyrka eng, 0,22 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,54 millionar dekar innmarksbeite i 2025. Areal av innmarksbeite per jordbruksbedrift med innmarksbeite, har auka frå 42 dekar i 1999 til 70 dekar i 2025.
Jordbruksbedrifter med husdyr
Prosentdel jordbruksbedrifter med eitt eller fleire husdyrslag har minka frå 86 prosent i 1969 til 72 i 2025.
Talet på Ku som hovudsakeleg blir halde for produksjon av kalv for kjøtproduksjon. går stadig oppover, medan talet på mjølkekyr minkar. Talet på ammekyr har tredobla seg frå 1999 til 2025, frå 36 800 til 109 200. Talet på mjølkekyr har minka med 33 prosent, frå 312 900 til 210 300. Andre storfe omfattar kalvar, kviger og oksar. har gått ned frå 683 300 til 536 600.
Flest ammekyr var det i fylka Innlandet, Trøndelag og Rogaland i 2025, med til saman 56 prosent av landstalet. Det har vore ein auke i talet på ammekyr over heile landet sidan 1999. Det var 6 000 jordbruksbedrifter med ammeku i 2025, ein auke på 6 prosent frå 1999. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for ammeku har auka frå 7 til 19.
Flest mjølkekyr var det i fylka Trøndelag, Rogaland og Innlandet i 2025, med til saman 58 prosent av landstalet. Det har over lengre tid vore flest mjølkekyr i desse områda. Sjølv om det er registrert ein nedgang i talet på mjølkekyr over heile landet sidan 1999, har den største prosentvise nedgangen vore på Vestlandet. Jordbruksbedrifter med mjølkeku har gått ned frå 22 700 til 6 000, eller 73 prosent, frå 1999 til 2025. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for mjølkeku har i same perioden auka frå 14 til 35.
Jamvel om talet på mjølkekyr har minka, har den samla mjølkeproduksjonen vore nokså stabil sidan førsten på 2000-talet. Årsaka er auken i mjølkeyting per ku. I perioden 1999–2025 har kg mjølk per Ku med 365 fôrdagar etter første kalving. auka frå 6 100 kg til 8 371 kg.
Talet på sauer over 1 år var 874 200 i 2025, dette er 8 prosent færre enn i 1999. Talet på jordbruksbedrifter med vaksne sauer gjekk ned med 44 prosent i denne perioden. I 2025 var det 12 800 jordbruksbedrifter med vaksne sau. Det er flest sauer og flest jordbruksbedrifter med sau på Vestlandet.
I perioden 1999-2025 minka talet på Omfattar alspurker, alsrånar, ungpurker og ungrånar. frå 100 400 til 63 700. Talet på jordbruksbedrifter med alssvin minka frå 3 700 til knapt 800, og gjennomsnittleg buskapsstorleik har dermed auka frå 27 til 81 alssvin. Jamvel om tal alssvin har minka monaleg, har produksjonen av svinekjøt auka med 21 prosent frå 1999 til 2025.
Det var 240 jordbruksbedrifter som hadde mjølkegeit i 2025, og dette er 500 færre enn i 1999. Talet på mjølkegeit har i same perioden gått ned frå 51 700 til 31 000.
Talet på verpehøner har auka frå 3,2 til 4,9 millionar frå 1999 til 2025, medan talet på jordbruksbedrifter med verpehøner har gått ned frå 4 100 til knapt 1 500.
Hestehald på jordbruksbedrifter har blitt sterkt redusert dei siste 50 åra. I 2025 blei det registrert 27 500 hestar på jordbruksbedriftene. Ein stor del av det totale hestehaldet i Noreg er i dag utanom jordbruksbedriftene, slik som på travbaner, ridesenter og hobbybruk, og desse hestane inngår ikkje i jordbruksstatistikken.
