Økologisk jordbruk inneber ei allsidig drift med mest mogleg variert vekstskifte og resirkulering av organisk materiale. Det er strenge restriksjonar for bruk av plantevernmiddel og mineralgjødsel. Vidare må husdyrhaldet tilpassast arealgrunnlaget, og gardbrukaren må ta omsyn til dei naturlege behova husdyra har. Jordbruksbedrifter med økologisk drift blir kvart år godkjente og kontrollerte av medlemsorganisasjonen Debio.

Under 5 prosent av jordbruksarealet er økologisk

I 2025 utgjorde økologisk jordbruksareal i drift 413 700 dekar. Dette omfatta 4,2 prosent av det totale jordbruksarealet i drift. Dersom ein også tar med 31 700 dekar som er under omlegging til økologisk produksjon, karensareal i drift, utgjer arealet 4,5 prosent. Denne prosentdelen er ein liten nedgang frå året før.

Tabell 1. Økologisk areal og karensareal i drift, dekar og prosent av totalt jordbruksareal i drift. 1999, 2009 og 2023-2025¹
Tabell 1. Økologisk areal og karensareal i drift, dekar og prosent av totalt jordbruksareal i drift. 1999, 2009 og 2023-2025¹
19992009202320242025
Totalt jordbruksareal i drift, dekar¹10 382 46610 142 8749 843 8349 841 3639 866 661
Økologisk areal i drift, dekar149 510439 862409 189421 350413 716
Karensarel i drift, dekar38 225127 48649 49834 06331 746
Sum økologisk areal og karensareal i drift, dekar187 735567 348458 687455 413445 462
Prosent økologisk areal i drift av totalt jordbruksareal i drift¹1,44,34,24,34,2
Prosent økologisk og karensareal i drift av totalt jordbruksareal i drift¹1,85,64,74,64,5
1Førebelse tal for 2025
Standardteikn i tabellar

Sidan toppåret 2011 har det godkjente økologiske jordbruksarealet gått ned med 90 300 dekar, eller 18 prosent. Frå 2024 til 2025 gjekk arealet ned frå 421 400 til 413 700 dekar. I 2025 var det mest økologisk jordbruksareal i Trøndelag med 91 300 dekar. Økologisk areal utgjorde 5,6 prosent av alt jordbruksareal i drift i Trøndelag og fylket hadde 22 prosent av alt økologisk areal i landet. Vestfold fylke hadde høgast del økologisk areal med 7,7 prosent. I Rogaland, som elles er eit viktig jordbruksfylke, blei berre 0,8 prosent av jordbruksarealet drive økologisk.

Figur 1. Økologisk jordbruksareal og karensareal¹. 1996-2025². Dekar og prosent
¹ Medrekna økologisk areal og karensareal ute av drift for åra før 2012.² Førebelse tal for 2025

Fulldyrka eng utgjorde størsteparten av det økologiske arealet, med 57 prosent. Innmarksbeite utgjorde 17 prosent, medan korn stod for 15 prosent.

Karensarealet auka fram til 2009, til 127 500 dekar. Deretter gjekk karensarealet ned til 29 400 dekar i 2016. I 2025 var karensarealet 31 700 dekar, noko som er 2 300 dekar mindre enn i 2024. Arealet er til vanleg i karens 2 eller 3 år før det blir godkjent som økologisk areal.

Tabell 2. Økologisk jordbruksareal og karensareal som del av jordbruksareal i drift etter fylke. 2025¹
Tabell 2. Økologisk jordbruksareal og karensareal som del av jordbruksareal i drift etter fylke. 2025¹
Talet på jordbruks- bedrifter med økologisk driftØkologisk areal i drift, dekarKarensareal i drift, dekarProsent økologisk areal i drift av totalt jordbruksareal i drift¹Prosent økologisk og karensareal i drift av totalt jordbruksareal i drift¹
Heile landet1 847413 71631 7474,24,5
Østfold15251 3005 2257,17,8
Oslo og Akershus14035 2353 1034,34,6
Innlandet29068 5234 3273,43,6
Buskerud12430 1801 4756,36,6
Vestfold10730 7711 6827,78,1
Telemark8915 1951 4736,36,9
Agder9712 8728624,14,4
Rogaland607 8121 4240,80,9
Vestland25924 1642 3733,03,2
Møre og Romsdal10416 0051 2933,13,4
Trøndelag - Trööndelage30791 3126 5125,66,0
Nordland - Nordlánnda7621 1591 4533,94,2
Troms - Romsa - Tromssa336 9864092,93,1
Finnmark - Finnmárku - Finmarkku92 2021362,42,6
1Førebelse tal
Standardteikn i tabellar

Figur 2. Del jordbruksareal i drift som er økologisk/karensareal i drift. 2025¹. Prosent
¹ Førebelse tal

Færre økologiske jordbruksbedrifter

Sidan 2009 er det blitt om lag 1 000 færre økologiske jordbruksbedrifter. Frå 2024 til 2025 var det registrert ein nedgang på 25 bedrifter. Kvart år er det nye bedrifter som legg om til økologisk drift, men samstundes er det nokre som går tilbake til konvensjonelt jordbruk eller legg ned drifta.

I 2025 var det 1 847 jordbruksbedrifter med økologisk produksjon. Desse bedriftene utgjorde 5,0 prosent av totalt 36 600 jordbruksbedrifter i Noreg. Dette er om lag den same prosentdelen som dei siste ti åra, men eit knapt prosentpoeng mindre enn i toppåra 2009-2011.

Figur 3. Jordbruksbedrifter med økologisk drift og jordbruksbedrifter under omlegging (karens). 1996-2025¹. Økologiske jordbruksbedrifter i alt og i prosent av alle jordbruksbedrifter

Gjennomsnittleg økologisk jordbruksareal i drift og karensareal for dei økologiske jordbruksbedriftene var 241 dekar, medan gjennomsnittet for alle jordbruksbedriftene var 269 dekar i 2025.

Fleire økologiske høner

Det har vore ein auke i talet på økologiske høner dei seinare åra. I 2025 blei det registrert 322 000 økologiske verpehøner. Same år var det 2 900 økologiske svin og av desse var det 2 400 slaktesvin.

Det var 27 200 økologiske storfe i 2025, og av desse var 6 800 mjølkekyr og 4 500 ammekyr. Om lag 34 prosent av dei økologiske mjølkekyrne og 24 prosent av dei økologiske ammekyrne i landet var i Trøndelag. I heile landet var det 43 800 økologiske sauer og 2 400 økologiske geiter.

Frå 2024 til 2025 blei det registrert ein svak auke eller inga endring i den økologiske prosentdelen for mjølkeku, sau og verpehøner, medan det var ein liten nedgang for dei andre husdyrslaga.

Figur 4. Del økologiske dyr av totalt husdyrtal for utvalde husdyrslag. 2022-2025¹. Prosent

Auke i økologisk produksjon av korn

Basert på prognose frå Felleskjøpet Agri reknar ein med at produksjonen av økologisk korn i 2025 vart om lag 16 100 tonn, om lag 3 600 tonn meir enn i 2024. Det blir produsert mindre norsk økologisk matkorn enn det er behov for, og ein stor del blir importert. Sjølv om mesteparten av det økologiske kornet er av fôrkvalitet, er det òg mangel på norsk økologisk korn til kraftfôr.

I løpet av dei femten siste åra har produksjonen av økologiske egg dobla seg. Det blei produsert 4 700 tonn økologiske egg i 2025, det same som i 2024. Dette utgjorde 7,2 prosent av den totale eggproduksjonen levert til eggpakkerier.

Fram til 2013 var det ein sterk vekst i produksjonen av økologisk kumjølk, men deretter var det ein svak nedgang fram til 2023. Etter ein svak auke til 2024 gjekk produksjonen i 2025 ned med 0,2 millionar liter til 43,4 millionar liter økologisk kumjølk. I perioden 2013–2025 har delen økologisk mjølkeproduksjon av den totale mjølkeproduksjonen gått ned frå 3,6 til 2,8 prosent.

Produksjonen av økologisk kjøt av storfe, sau/lam, svin og fjørfe var i sum 3 100 tonn og utgjorde 0,9 prosent av den totale kjøtproduksjonen i 2025. Produksjonen av økologisk storfekjøt utgjorde 1 523 tonn, sauekjøt 549 tonn, svinekjøt 399 tonn og fjørfekjøt 664 tonn.

Figur 5. Økologisk produksjon i prosent av total produksjon for mjølk, kjøtt, egg og korn¹. 2022-2025

Den norske produksjonen av økologiske poteter, grønsaker, frukt og bær er liten, og importen utgjer ein stor del av marknaden. Det blei dyrka økologiske poteter på 800 dekar og det utgjorde berre 0,7 prosent av potetarealet i 2025. Det økologiske arealet av grønsaker og urter var 4 000 dekar og utgjorde 4 prosent av det totale grønsaksarealet. Det økologiske arealet av frukt og bær var respektive 2 300 og 1 200 dekar, noko som utgjorde 10 og 9 prosent av det totale arealet for kvar av vekstane.

Sverige har størst andel økologisk areal i Norden

Sidan 2005 har Sverige ligge på den nordiske toppen med størst del økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift. Toppåret var 2019 med eit økologisk areal på 20,4 prosent av totalt areal i drift. Sidan då har det vore ein nedgang og i 2024 stod det økologiske arealet for 16,7 prosent av totalt areal i drift.

Finland hadde ein nedgangsperiode frå 2002 til 2006, men auka deretter jamt til 15 prosent i 2022. Det økologisk drive arealet gjekk så ned til 13,5 prosent i 2023 og 2024. I Danmark har økologisk areal og karensareal gått opp og ned, men etter 2015 har det stort sett auka, og arealet utgjorde 11,1 prosent i 2024. I Noreg utgjorde arealet 4,6 prosent i 2024, noko som er 1 prosentpoeng mindre enn i toppåret 2010.

Island har lite økologisk jordbruksareal samanlikna med dei andre nordiske landa. Basert på tal fra Eurostat var 0,3 prosent av jordbruksarealet på Island økologisk eller i karens i 2020.

Figur 6. Del økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift i dei nordiske landa. 2000-2024. Prosent