Gjødsel vert nytta i jordbruket for å tilføre næringsstoff til plantene. Nitrogen, fosfor og kalium blir rekna som hovudnæringsstoff, medan ei rekke andre grunnstoff er naudsynte i mindre mengder. Plantene vert tilført gjødsel i form av mineralgjødsel, organisk gjødsel eller ein kombinasjon av desse. Mineralgjødsel (kunstgjødsel) er heilt eller delvis eit industriprodukt, medan organisk gjødsel i all hovudsak er husdyrgjødsel (ekskrement og urin frå husdyra), men kan også vere planterestar og liknande. Tilførsel av gjødsel er svært viktig for storleiken og kvaliteten på avlingane i jordbruket.

Litt mindre husdyrgjødsel

Praksis for lagring og spreiing av husdyrgjødsel har mykje å seie for miljøpåverknaden. Bruk av husdyrgjødsel medfører utslepp til luft av klimagassar (til dømes metan og lystgass) og andre uønskte gassar (til dømes ammoniakk). Husdyrgjødsel kan også føre til ureining av hav og vassdrag. Samstundes kan jordbruket nyttiggjere andre organiske ressursar i samfunnet som elles går til spille eller blir eit avfallsproblem.

Total mengd husdyrgjødsel blir berekna basert på tal husdyr og faktorar for kvart dyreslag. Over tid skjer det endringar i både dyremateriale og fôring som påverkar mengd næringsstoff i husdyrgjødsla. Faktorane som nyttast for mengd nitrogen og fosfor i gjødsel frå dei ulike husdyrslaga skal gjelde for norske tilhøve, og det blei utarbeidd nye faktorar i 2012. I 2018 blei faktorar for nitrogen endra for ammeku. For storfe elles blir faktorane for næringsstoff i husdyrgjødsel oppdaterte årleg.

I tillegg til oppdaterte faktorar for nitrogen og fosfor i husdyrgjødsel, er det òg over tid tatt i bruk eit meir omfattande datagrunnlag for husdyr i utrekningane.

I følgje førebelse utrekningar for 2020 utgjorde husdyrgjødsel 88 400 tonn totalnitrogen eller 49 700 tonn lett tilgjengeleg nitrogen (ammonium-N) og 11 700 tonn fosfor (total-P) . Det har vore nedgang i mengd husdyrgjødsel sidan 2016, mengd nitrogen er redusert med 3,7 prosent og mengd fosfor med 4,9 prosent. Samanliknar ein med byrjinga av 2000-talet har mengd nitrogen auka noko, medan fosfor har vore stabilt. Mengd kalium i husdyrgjødsel vert ikkje utrekna.

Figur 1. Indeks for mengd nitrogen og fosfor frå husdyrgjødsel. 1999=100

Det er ein fordel om gjødselspreiing går føre seg slik at gjødsla kjem raskt ned i jorda eller ned til bakken. Då blir næringsstoffa i husdyrgjødsla betre tatt vare på, og det gir mindre avrenning til vatn og mindre ammoniakkutslepp til luft. På areal som blir jordarbeidd, kan gjødsla moldast ned med plog eller harv, og ved spreiing på open åker er det krav om å molde ned gjødsla seinast innan 18 timar etter spreiing. I eng og anna veksande grøde vil gjødsla til vanleg bli spreidd utan nedmolding, men det finst løysingar for å injisere gjødsel rett i bakken.

I 2020 blei 3,85 millionar dekar jordbruksareal gjødsla minst ein gong med husdyrgjødsel. Arealet utgjorde 39 prosent av jordbruksarealet i drift.

Figur 2. Jordbruksareal tilført husdyrgjødsel i 2020, etter type spreieutstyr. Dekar

Produksjon av biogass med biorest som biprodukt, basert på mellom anna matavfall og husdyrgjødsel, er sett i gong eller planlagt sett i gong fleire stadar. Frå og med 2013 er det ei tilskotsordning for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg. I 2020 blei 71 400 tonn husdyrgjødsel levert til produksjon av biogass mot 84 200 tonn året før.

Tal gjødseldyreiningar minka 7 prosent

I forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav er det gitt faktorar for å rekne om dei einskilde dyreslaga til ei felles eining kalla gjødseldyreining (GDE). Ei gjødseldyreining svarar til ei utskilt mengd på om lag 14 kg fosfor i gjødsla over eitt år. I motsetning til utrekningane av mengd husdyrgjødsel har tal dyr per gjødseldyreining hittil vore konstante.

2019 er nyaste året ein har tal for. Tal gjødseldyreiningar blei redusert med 7 prosent i 20-årsperioden 1999–2019. I 2019 var det 853 000 gjødseldyreiningar, ein reduksjon på 15 000 einingar eller 1,8 prosent frå 2018. Storfe stod for 54,5 prosent av gjødseldyreiningane i 2019, medan sau, svin og fjørfe utgjorde respektive 15, 14 og 13 prosent.

Figur 3. Indeks for utvikling i gjødseldyreiningar for storfe, sau, svin, geit, hest og fjørfe. 1999=100

Det er store fylkesvise forskjellar når det gjeld mengd husdyrgjødsel og tilgjengeleg spreieareal. Flest gjødseldyreiningar er det i Trøndelag, Rogaland, Oppland og Hedmark. Dei største husdyrbedriftene, rekna i gjødseldyreiningar, er i Rogaland, Østfold og Hedmark med eit gjennomsnitt på høvesvis 47, 45 og 41 gjødseldyreiningar. Færrast gjødseldyreiningar per bedrift hadde Hordaland med 15.

Figur 4. Talet på gjødseldyreiningar (GDE) i 2019, etter fylke

I forskrifta er det sett krav til bruken av husdyrgjødsel, mellom anna krav om spreieareal. Kravet til spreieareal er minst 4 dekar fulldyrka jord per gjødseldyreining. Kommunane kan etter søknad godkjenne anna areal enn fulldyrka jord. Vidare kan ein søkje kommunen om auka tal dyr per gjødseldyreining dersom ein brukar fôr tilsett Er eit enzym som kan bryte ned fosfor slik at det kan utnyttast av einmaga husdyr som svin og fjørfe. til svin og fjørfe.

Figur 5. Fulldyrka jordbruksareal per gjødseldyreining (GDE) i 2019, etter fylke. Dekar

Det er utarbeidd forslag til revidert forskrift om gjødselvarer mv. Forslaget vil truleg medføre auka krav til spreieareal for husdyrgjødsel.

Auka tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel

Det har vore tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel frå 2008. Frå 2013 blei tilskotet ein del av Regionalt miljøprogram (RMP) og miljøtemaet Utslepp til luft.

Føremålet med tilskotet er å redusere tap av lystgass og ammoniakk til luft, avrenning av næringsstoff til vatn og å redusere luktproblem i samband med spreiing av husdyrgjødsel. Det er eit krav til nedmolding innan to timar etter spreiing. I veksande kulturar kan gjødsla fellast ned i bakken eller leggjast på bakken med stripespreiar.

Det blei i 2020 gitt tilskot til 2 025 000 dekar jordbruksareal med miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Arealet auka med 254 000 dekar frå året før.

Figur 6. Jordbruksareal med miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, fordelt etter type tiltak. Heile landet

I alt vart det gjeve 108 millionar kroner i tilskot til 6 500 jordbruksbedrifter i 2020. Fylka som fekk mest tilskot var Innlandet og Trøndelag med respektive 32 og 16 millionar kroner. Dei same fylka hadde òg mest areal med 521 000 dekar og 450 000 dekar.

Mindre bruk av slam på jordbruksareal

I 2019 blei 108 400 tonn slamtørrstoff frå kommunal avløpssektor brukt til ulike føremål. Om lag 56 600 tonn gjekk til jordbruket, det lågaste kvantumet sidan 2006. Nordsjøfylka, dvs. fylka Østfold–Vest-Agder, tok i mot 50 100 tonn, eller 89 prosent, av alt slammet som blei brukt i jordbruket i 2019. Det er spesielle krav til bruk av avløpsslam i jordbruket. Til dømes kan ein ikkje spreie avløpsslam på areal der det vert dyrka grønsaker, potet, bær eller frukt.

Figur 7. Indeks for mengd slamtørrstoff frå kommunalt avløp tilført jordbruksareal. 1999=100

Blant fylka brukte Akershus og Oslo mest avløpsslam med 29 300 tonn slamtørrstoff, alt blei brukt i jordbruket. Nest mest slam blei brukt i Buskerud med 11 400 tonn. Av dette blei 5 800 tonn levert jordprodusent, 4 800 tonn brukt i jordbruket og 800 tonn brukt på grøntareal.

Redusert bruk av fosfor og kalium i mineralgjødsel

Bruken av mineralgjødsel i jordbruket byggjer på tala over omsetnaden av gjødsel. Rapporteringsperioden er frå 1. juli til 30. juni året etter. Ein reknar med at mesteparten av den omsette mineralgjødsla vert brukt om våren og sommaren.

I etterkrigstida og fram til 1980-talet var det ein sterk auke i bruken av mineralgjødsel. Frå 1980 og fram til og med 2006-07 heldt omsetnaden av nitrogen seg ganske stabil, medan omsetnaden av fosfor og kalium blei redusert.

I 2007-08 blei det hamstra gjødsel på grunn av forventa prisauke i sesongen 2008-09. Omsetnaden for 2007-08 og dei to etterfølgjande åra blei monaleg påverka av dette.

Nye normer for fosforgjødsling dei seinare åra samt redusert fosforinnhald i viktige gjødselslag, har medverka til ytterlegare nedgang i bruk av fosfor frå mineralgjødsel.

Den totale omsetnaden av hovudnæringsstoffa nitrogen, fosfor og kalium i 2020 utgjorde 88 prosent av mengda i 1999. I hamstringsåret 2008 utgjorde omsetnaden 108 prosent av mengda i 1999. I 2020 var omsetnaden av nitrogen på same nivå som i 1999 og den nest høgaste sidan hamstringsåret 2008. Etter 2008 er mengdene med fosfor og kalium redusert mykje. I 2020 var dei respektive 31 og 33 prosent lågare enn i 1999. Ein må heilt tilbake til slutten av 1940-talet for å finne lågare omsetnad av fosfor og kalium i mineralgjødsel.

Figur 8. Indeks for omsett mengd nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) i mineralgjødsel. 1998/99=100

Gjødsel i alt

For å få totale mengder næringsstoff som blir tilført jordbruket, må ein summere mineralgjødsel, husdyrgjødsel og annan gjødsel.

Annan gjødsel omfattar avløpsslam, vekstar som vert dyrka og ikkje hausta, men blir tilført jorda som gjødsel for neste års avling (grøngjødsling), silopressaft og små kvanta av nokre typar gjødsel som ikkje inngår i statistikken som Mattilsynet utarbeidar. Ein har ikkje sikre anslag over kor mykje annan gjødsel utgjer i form av næringsstoff.

Med unntak for dei tre åra 2008–2010, som ble monaleg påverka av hamstring av mineralgjødsel, har den totale mengda effektivt nitrogen variert lite på 2000-talet. Gjennomsnittleg mengd for femårsperioden 2003–2007 er så å seie lik med gjennomsnittet for femårsperioden 2016–2020 og utgjer 154 300 tonn. Del mineralgjødsel har minka frå 68,5 prosent i perioden 2003–2007 til 67 prosent i perioden 2016–2020.

Etter 2010 er total mengd fosfor på eit lågare nivå enn før 2008. Gjennomsnittleg mengd i femårsperioden 2003–2007 var 24 300 tonn mot 20 900 tonn i femårsperioden 2016–2020. Nedgangen har vore på 14 prosent. Del mineralgjødsel av total mengd fosfor har i same perioden minka frå 51,5 til 43 prosent.

Mengd kalium frå mineralgjødsel har minka frå 45 800 tonn i gjennomsnitt for åra 2003–2007 til 34 100 tonn for åra 2016–2020, som svarar til ein nedgang på 25,7 prosent.

Figur 9. Omsett mengde nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) i mineralgjødsel og utrekna mengder effektiv nitrogen (ammonium-N) og fosfor (P) spreidd i husdyrgjødsel