Talet på innvandringar var 86 600, og har berre vore høgare i 2022, viser nye tal frå statistikken Befolkning. Av desse var 33 000 ukrainske statsborgarar, ein liten oppgang frå 32 300 året før. Med 34 000 utvandringar var nettoinnvandringa – innvandringar minus utvandringar – 52 600.
Samanlikna med flyttingar er det mindre endringar i talet på fødde og døde frå år til år, men med 500 fleire fødde og 2 000 færre døde enn året før, vart folkeveksten 61 200.
Frå 3 600 til 65 800 ukrainske statsborgarar på to år
På to år har talet på Personar som har både norsk og ukrainsk statsborgarskap vert talde som norske statsborgarar i befolkningsstatistikken. Dei er dermed ikkje rekna med i desse tala. auka frå 3 600 til 65 800.
- Dermed er ukrainarar den nest største gruppa utanlandske statsborgarar i landet. Til samanlikning er det 111 100 polske statsborgarar, medan 48 900 litauarar utgjer den tredje største gruppa, seier seniorrådgjevar Magnus Haug i SSB.
58,7 prosent av ukrainarane er kvinner, samanlikna med 49,5 prosent blant resten av befolkninga. Dei er òg yngre enn resten av befolkninga: 81 prosent av ukrainarane er under 50 år, mot 62 prosent av resten av befolkninga.
Ser ein på kor i landet ukrainarane bur, skil dei seg også ut frå resten av befolkninga. Til dømes bur 13,7 prosent av ukrainarane i Oslo og Akershus og 15,4 prosent i dei tre nordnorske fylka. For resten av befolkninga er talet 26,2 prosent i Oslo og Akershus, og 8,7 prosent i Nord-Noreg.
Dermed har ukrainarane òg bidratt til ein monaleg folkevekst i Nord-Noreg¹.
- I dei tre første kvartala var rundt halvparten av dei som innvandra til Nord-Noreg ukrainske statsborgarar. Høgast var talet i Nordland, kor ukrainarar stod for 60 prosent av innvandringane, avsluttar Haug. Endelege flyttetal for 2023 kjem 12. mars.
¹Avsnittet er endra, siste setning vart fjerna 1. mars 2024.
Finn tal for din kommune
Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for alle kommunar sortert etter fylke.