I denne artikkelen ser vi nærare på Personar som utførte inntektsgjevande arbeid på minst éin time i referanseuka (uke 47), samt personar som har eit slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande pga. sjukdom, ferie, permisjon e.l. Dei som er inne til førstegongs militær- eller sivilteneste, reknast som sysselsette. Personar på sysselsettingstiltak med lønn frå arbeidsgivar reknast og som sysselsette. Sysselsette omfattar både lønnstakarar og sjølvstendig næringsdrivande blant dei i alderen 25-39 år i tre ulike befolkningsgrupper:

  • Dei som har kome til Noreg som Personar som er født i utlandet av utanlandsfødde foreldre, og som er registrert busett i Noreg ifølge Det sentrale folkeregisteret. Blant innvandrarar reknast både flyktningar, arbeidsinnvandrar, familieinnvandrarar m. fl. Norskfødde med innvandrarforeldre reknast ikkje som innvandrar. frå følgjande verdsregionar: Europa utanom EØS etc., Asia, Afrika og Latin-Amerika og Karibia.
  • Dei som er fødde i Noreg av foreldre som begge er innvandrarar frå dei nemnde verdsregionane.
  • Personar utan innvandrarbakgrunn. Det vil seie at dei verken er innvandrarar eller har innvandrarforeldre.

Øvre aldersgrense er satt til 39 år fordi gruppa norskfødde med innvandrarforeldre står sentralt i denne framstillinga. Dette er ei ganske ung befolkningsgruppe der få er over 40 år, men ho har vakse ein del dei siste åra, og fleire er komne i yrkesaktiv alder. Nivået på sysselsettinga i denne befolkningsgruppa vert ofte betrakta som ein lakmustest på integrering. Dei er fødde i Noreg, og er difor ikkje innvandrarar. Men på den andre sida er begge foreldra innvandrarar, så dei har difor ein noko annan bakgrunn enn dei med norskfødde foreldre.

Korleis er sysselsettinga blant dei unge vaksne i alderen 25-39 år i 2024 samanlikna med 2015? Forutan å sjå på dei tre hovudgruppene, vil vi også gå nærare inn på utviklinga hos menn og kvinner innafor desse gruppene og til slutt sette søkjelyset på dei underliggjande landgruppene (basert på verdsregionar) blant dei med innvandrarbakgrunn.

Mindre avstandar – men same mønster

Ved utgangen av 2024 ser vi ein skilnad i andelen sysselsette mellom norskfødde med innvandrarforeldre og dei utan innvandrarbakgrunn på litt over 6 prosentpoeng (85 mot 79 prosent). Når det gjeld innvandrarar, forheld det seg annleis. Her er det ein tilsvarande skilnad som er over tre gonger så stor, på 19 prosentpoeng (85 mot 66 prosent). Med andre ord har det nokre føremonar å vera født i Noreg av innvandrarforeldre i motsetnad til å ha innvandra sjølv. Ikkje minst gjeld dette skulegangen som dei norskfødde i sin heilskap har teke i Noreg.  Også innvandrarar som har kome til landet før dei fylte seks år, har så godt som all utdanning frå Noreg og har ei sysselsetting på nivå med norskfødde med innvandrarforeldre (Olsen, 2024).

Det må elles påpekast at andelen sysselsette blant innvandrarane har gått noko ned etter 2022 som følgje av flyktningstraumen frå Ukraina (Olsen, 2024). Viss vi held den ukrainske gruppa utanfor i 2024, får vi ein andel sysselsette blant innvandrarane på 69 prosent.

Går vi attende til 2015, kan vi slå fast at andelane sysselsette var noko lågare i alle tre grupper, men mest blant dei med innvandrarbakgrunn slik at skilnadane i høve til gruppa utan innvandrarbakgrunn da var større. Blant norskfødde med innvandrarforeldre er det snakk om 10 prosentpoeng og blant innvandrarane, 25,5 prosentpoeng.

Det har med andre ord vore ein vekst i andelen sysselsette frå 2015 til 2024 blant dei i alderen 25-39 år, og den har vore sterkare hos dei med innvandrarbakgrunn: innvandrarar (8,3 prosentpoeng), norskfødde med innvandrarforeldre (6 prosentpoeng) og dei utan innvandrarbakgrunn (2,4 prosentpoeng). Kva for moglege faktorarar kan tenkjast å liggje bak den auken vi ser blant dei med innvandrarbakgrunn? Vi skal sjå litt nærare på nokre av desse i dei neste avsnitta.

Figur 1. Sysselsette 25-39 år etter innvandrarbakgrunn. I prosent av personar i alt i kvar gruppe. 4. kvartal 2015 og 2024

Endring i aldersstrukturen og fleire med avslutta høgare utdanning

Det kan vera fleire faktorar som har medverka til denne veksten vi har sett. Blant dei norskfødde med innvandrarbakgrunn er det mellom anna nærliggjande å peike på endringar i aldersstrukturen.  Denne gruppa er som nemnd ei ung befolkningsgruppe. Den veks jamt samstundes som andelen 30 – 39 år aukar. I 2015 var han på 47 prosent, og i 2024 var han auka til  53 prosent (i alderspopulasjonen 25-39 år). Det vil seie at fleire blant dei norskfødde med innvandrarforeldre har kome i ein alder der dei aller fleste har avslutta utdanninga og har arbeid som hovudaktivitet.

Innvandrargruppa har óg hatt ei liknande utvikling, sjølv om ho ikkje har den same unge aldersprofilen som dei norskfødde. Andelen 30 -39 år har auka frå 70 prosent til 74 prosent blant innvandrarane i alderen 25-39 år. Aldersstrukturen blant dei utan innvandrarbakgrunn er derimot meir stabil. Her var det ein auke på berre 1,5 prosentpoeng, og ligg i 2024 på 66 prosent.

Som ei følgje av endringane i aldersstrukturen ser vi óg at andelen med høgskole-/universitetsutdanning har auka betydeleg blant norskfødde med innvandrarforeldre, frå 43 til 56 prosent. Innvandrarane har óg ein auke i andelen med høgare utdanning, frå litt under 40 til 49 prosent. Her må det leggjast til at flyktningane frå Ukraina har bidratt til denne auken med eit par prosentpoeng, i og med at dette er ei gruppe med ein relativt stor andel høgt utdanna (Olsen og Bye, 2025). Elles må det nemnast at andelane med kun grunnskole har gått noko ned i begge grupper med innvandrarbakgrunn.

Auke i antal jobbar i ein del næringsgrupper

Antalet jobbar frå 2016 til 2024 viser auke innafor fleire Gjeld verksemda der personen arbeider. For sjølvstendig næringsdrivande som ikkje kan knyttast til verken verksemd eller føretak, er næring ukjend. Næring er koda etter Standard for næringsgruppering (SN2007). som særskilt innvandrarar søkjar seg til, men óg mange av dei norskfødde med innvandrarforeldre (Olsen, 2024). Dette gjeld mellom anna varehandel, transport og lagring, overnattings- og serveringsverksemd, forretningsmessig tenesteyting, industri samt helse- og sosialtenester. Det går fram av desse tala at det i første rekkje er innvandrarar som bidreg til auken i mange av desse næringsgruppene. I befolkninga elles ser vi ein tilbakegang eller ein auke som er langt svakare enn hos innvandrarane.

Denne utviklinga på arbeidsmarknaden har etter alt å døme vore ei drivkraft for sysselsettinga blant dei med innvandrarbakgrunn. Når vi ser nærare på endringane i talet på sysselsette i alderen 25-39 år i mange av desse næringane, er det eit klart mønster som avteiknar seg (tabell 1):  Medan det er ein nedgang blant dei utan innvandrarbakgrunn, er det ein stor auke blant innvandrarane. Dette gjeld mellom anna varehandel etc., transport og lagring, overnattings- og serveringsverksemd samt  forretningsmessig tenesteyting (der reingjeringsverksmd og utleie av arbeidskraft er mykje utbreidd). Når det gjeld varehandel etc., ser vi óg ein sterk vekst blant norskfødde med innvandrarforeldre. Elles har innvandrarane stor auke i industri i høve til dei utan innvandrarbakgrunn.

Den sterkaste veksten i talet på sysselsette finn vi innanfor helse og sosialtenester. Alle tre befolkningsgrupper hadde her stor auke. Til saman var det nærare 28 000 fleire sysselsette i alderen 25-39 år i denne næringa, og det kan vera verdt å merka seg at dei med innvandrarbakgrunn sto for nesten 13 000 av denne auken (norskfødde osv. 4 000 og innvandrarar ca. 9 000).  

Tabell 1. Sysselsette 25-39 år etter næring og innvandrarbakgrunn. Endringar 4. kvartal 2015-2024
Tabell 1. Sysselsette 25-39 år etter næring og innvandrarbakgrunn. Endringar 4. kvartal 2015-2024
Uten innvandrarbakgrunnNorskfødde med innvandrarforeldreInnvandrarar
I alt70 38114 08137 217
01-03 Jordbruk, skogbruk og fiske4 00318495
05-09 Utvinning og bergverksdrift-1 092112582
10-33 Industri5954382 803
35-39 Elektrisitet, vann, avløp, renovasjon3 20897456
41-43 Bygge- og anleggsvirksomhet9 3455022 781
45-47 Varehandel, reparasjon av motorvognar-3 0301 7884 114
49-53 Transport og lagring-1 2105162 548
55 Overnattingsverksemd-74697708
56 Serveringsverksemd-4513383 071
58-63 Informasjon og kommunikasjon9 6951 0432 721
64-66 Finansierings- og forsikringsverksemd3 691633915
68-75 Eiendomsdrift, teknisk tenesteyting13 7031 1642 146
77-82 Forretningsmessig tenesteyting-1 2898351 053
84 Off.adm.,forsvar, sosialforsikr.7 212708458
85 Undervisning10 2401 2562 504
86-88 Helse- og sosialtenester14 8824 0698 887
90-99 Private tenester elles, internasj. org.3 2734431 115
Uoppgitt-1 64824-140
Standardteikn i tabellar

Norskfødde kvinner med innvandrarforeldre har halvert avstanden til dei utan innvandrarbakgrunn

Prosentandelen sysselsette hos menn og kvinner i 2015 syner ganske like skilnadar hos norskfødde med innvandrarforeldre i høve til same kjønn utan innvandrarbakgrunn på rundt 10 prosentpoeng (figur 2). Blant innvandrarar er biletet ganske annleis. Her er skilnadene i høve til dei utan innvandrarbakgrunn mykje større både hos menn og kvinner, på høvesvis 21 og 29 prosentpoeng.

Innvandrarkvinner har med andre ord størst avstand til same kjønn utan innvandrarbakgrunn. Samstundes ser vi store skilnadar mellom menn og kvinner i innvandrargruppa (10 prosentpoeng i menns favør) i motsetnad til dei andre to befolkningsgruppene der menn berre ligg 2-3 prosentpoeng over kvinnene i 2015.

Figur 2. Sysselsette 25-39 år etter innvandrarbakgrunn og kjønn. I prosent av personar i alt i kvar gruppe. 4. kvartal 2015 og 2024

Frå 2015 til 2024 har det som nemnd vore auke i andel sysselsette i alle tre befolkningsgrupper, og som det går fram av tabell 2, har den gjort seg gjeldande hos begge kjønn – men i litt forskjellig grad. Blant innvandrarar er det ikkje så stor forskjell i auken hos menn og kvinner (litt sterkare hos menn), mens blant norskfødde med innvandrarforeldre har kvinnene hatt dobbelt så sterk auke som mennene. Elles er auken ganske lik hos menn og kvinner utan innvandrarbakgrunn.

Tabell 2. Endringer i andel sysselsette etter kjønn og innvandrarbakgrunn. Prosentpoeng. 4. kvartal 2015-2024
Tabell 2. Endringer i andel sysselsette etter kjønn og innvandrarbakgrunn. Prosentpoeng. 4. kvartal 2015-2024
Utan innvandrarbakgrunnNorskfødde med innvandrarforeldreInnvandrarar
Menn2,24,18,7
Kvinner2,57,97,5
Standardteikn i tabellar

Denne utviklinga har endra noko på skilnadene  i sysselsettingsandelar mellom befolkningsgruppene blant menn og kvinner i 2024 (tabell 3). Vi ser til dømes at norskfødde kvinner med innvandrarforeldre har halvert differansen i høve til kvinner utan innvandrarbakgrunn. For norskfødde menn med innvandrarforeldre har tilsvarande differanse óg gått litt ned, men ikkje i like stor grad.

Blant innvandrarar har menn fått redusert avstanden til menn utan innvandrarbakgrunn frå 20,7 til 14,2 prosentpoeng. Samstundes ser vi óg ei viss tilnærming mellom innvandrarmenn og norskfødde menn med innvandrarforeldre i 2024 (figur 2).

Innvandrarkvinner har óg fått redusert differansen noko i høve til kvinner utan innvandrarbakgrunn, men det er framleis snakk om ein betydeleg skilnad.  Det same gjeld avstanden til norskfødde kvinner med innvandrarforeldre som utgjer om lag 19 prosentpoeng både i 2015 og i 2024 (figur 2).

Tabell 3. Differansar i andel sysselsette i høve til menn og kvinner utan innvandrarbakgrunn. Prosentpoeng. 4. kvartal 2015 og 2024
Tabell 3. Differansar i andel sysselsette i høve til menn og kvinner utan innvandrarbakgrunn. Prosentpoeng. 4. kvartal 2015 og 2024
Kjønn/årNorskfødte med innvandrerforeldreInnvandrere
Menn
20159,520,7
20247,614,2
Kvinner
201510,329,2
20244,924,2
Standardteikn i tabellar

Stor andel med høgare utdanning blant norskfødde kvinner med innvandrarforeldre i 2024

Når vi går nærare inn på endringane i sysselsettinga frå 2015 til 2024 blant norskfødde med innvandrarforeldre, er det naturleg å peike på den store auken i andelen med universitets-/høgskuleutdanning blant kvinnene. I løpet av desse åra gjekk han opp frå 49,6 til 64,8 prosent. Dei ligg dermed nesten på nivå med kvinner utan innvandrarbakgrunn.

Dette er utvilsamt ein medverkande faktor bak auken i andel sysselsette vi har sett hos norskfødde kvinner med innvandrarforeldre. Som tidlegare påpeika, mellom anna i Olsen (2020), har  utdanningsnivået i ei befolkningsgruppe sterk innverknad på sysselsettinga, uansett innvandrarbakgrunn.

Blant mennene i same befolkningsgruppe var det óg ei ganske stor auke i andelen med høgare utdanning, frå 37  til 47,4 prosent. Nivået er altså ikkje like høgt som hos kvinnene, og det må føyast til at andelen med kun grunnskole er høgare hos mennene (25,5 mot 13,8 prosent).  Det er likevel ikkje så stor kjønnsskilnad i andel sysselsette blant norskfødde med innvandrarforeldre. Kvinner ligg berre 1,2 prosentpoeng over mennene i 2024 (figur 2).

Det har óg vore ein stor auke i andel høgt utdanna blant innvandrarkvinner, frå 41 prosent i 2015 til 53 prosent i 2024. Også i denne befolkningsgruppa har menn ein lågare andel med universitets-/høgskuleutdanning. Denne gjekk opp frå 38 til 43,5 prosent.  Det kan óg leggjast til at innvandrarmenn har noko høgare andel med berre grunnskole enn kvinnene (33,3 mot 26 prosent).

Trass i desse skilnadane i utdanningsnivå, har innvandrargruppa ein andel sysselsette blant menn som ligg 12 prosentpoeng over kvinnene i 2024 (figur 2).  Det kan elles nemnast at det ikkje er store skilnadar mellom innvandrarmenn og – kvinner når det gjeld butid i Noreg eller landbakgrunn som skulle tilseie ulikskap i sysselsetting av noko betydning. Det lågare sysselsettingsnivået hos innvandrarkvinner har vore eit stabilt trekk i biletet gjennom mange år. Blant innvandrarar som busette seg i Noreg før dei fylte seks år, er derimot kjønnsskilnadane i andel sysselsette ikkje særleg større enn i dei andre to befolkningsgruppene (Olsen 2024).

Dei med latinamerikanske foreldre hadde størst auke blant norskfødde

Blant dei norskfødde med innvandrarforeldre var det den minste gruppa, dei med bakgrunn frå Latin-Amerika og Karibia, som hadde den sterkaste auken i sysselsettinga, på 8,7 prosentpoeng. Den desidert største gruppa, den asiatiske, hadde den nest sterkaste auken, på 6,6 prosentpoeng.  (Figur 3 og tabell 4).

Elles fekk gruppa med høgast andel sysselsette blant dei norskfødde, dei med bakgrunn frå Europa utanom EU, ein auke på 5 prosentpoeng og låg dermed på 82 prosent i 2024. Gruppa med lågast sysselsetting, dei med bakgrunn frå Afrika, hadde minst auke, på litt under 2 prosentpoeng og hadde 71,4 prosent sysselsette i 2024.

Desse endringane har medverka til ein viss utjamning mellom gruppene om vi ser bort frå den afrikanske gruppa. Dei tre nemnde gruppene ligg dermed i eit sjikt på mellom 79 og 82 prosent i 2024. Til samanlikning hadde dei utan innvandringsbakgrunn som tidlegare nemnd, ei sysselsetting på 85 prosent.

Av dei bakanforliggande faktorane hos norskfødde med innvandrarforeldre kan det nemnast at gruppa med bakgrunn frå Latin-Amerika etc. har hatt ein stor auke i andelen 30 -39 år og ein generell vekst frå 2015 til 2024, men gruppa er som nemnd framleis den minste blant norskfødde med innvandrarforeldre og utgjer berre 4,4 prosent.

Når det gjeld gruppa med asiatiske foreldre, kan det poengterast at det har vore ein sterk auke i andelen med utdanning på universitets-/høgskulenivå, men den europeiske gruppa (utanom EU etc.) har i så måte hatt ein enda sterkare auke.  

Afrikanske innvandrarar hadde størst auke

Blant innvandrarane hadde den afrikanske gruppa derimot den største auken i andel sysselsette på heile 20 prosentpoeng, til 64,4 prosent i 2024 (figur 3 og tabell 4). Elles hadde den asiatiske gruppa ein auke på 10 prosentpoeng og den latinamerikanske gruppa 7,3 prosentpoeng.

På den andre sida ser vi at innvandrarane frå Europa utanom EU etc. har ein markant nedgang på 11 prosentpoeng, til 59,5 prosent sysselsette i 2024. Dette heng sjølvsagt saman med flyktningbølgja frå Ukraina som har gjeve ein stor andel med kort butid i denne gruppa. Om vi held dei ukrainske flyktningane utanom, får vi ein andel sysselsette på 77 prosent hos dei frå Europa utanom EU etc. og ein auke på 6,6 prosentpoeng.

Desse endringane i andel sysselsette frå 2015 til 2024 har hatt innverknad på nivåskilnadane mellom innvandrargruppene. Den afrikanske gruppa har nærma seg den asiatiske og er ikkje lenger gruppa med lågast sysselsetting, medan gruppa frå Europa utanom EU etc. har gått frå å ha høgast nivå i 2015 til det lågaste i 2024.

Som det går fram av figur 3, er det den latinamerikanske gruppa som har høgast sysselsetting blant innvandrarane i 2024 (med 73 prosent). Det må understrekast at denne gruppa skil seg mykje ut frå dei andre tre innvandrargruppene med ein flyktningandel på berre 7,6 prosent, i motsetnad til dei andre som er ganske flyktningdominerte.

Ser vi nærare på moglege faktorar bak auken i sysselsettinga hos innvandrarane, må endringane i butidsmønsteret i den afrikanske gruppa framhevast. Frå 2015 til 2024 gjekk andelen med ei butid på under 7 år ned frå 60 til 22 prosent.

Med andre ord er den gruppa som i størst grad trekkjer ned sysselsettinga blitt sterkt redusert, og dei meir etablerte gruppene blitt meir dominerande.  Dette heng saman med at  Afrika hadde lågast innvandring dei siste sju åra av dei fire landgruppene som inngår her (Statistikkbanken 05184). Det kan óg nemnast at andelen med berre grunnskole blant dei afrikanske gjekk ned med 10 prosentpoeng.

Blant innvandrarar elles var det små endringar i butidsmønsteret, om vi ser bort frå gruppa frå Europa (utanom EU etc.), der det er ei stor auke blant dei med kort butid som følgja av den ukrainske flyktningbølgja.

Elles hadde både den asiatiske og latinamerikanske gruppa ein auke på litt over 8 prosentpoeng i andelen  med høgare utdanning.  Nokre store endringar i aldersstrukturen blant innvandrarene har det ikkje vore.

Figur 3. Sysselsette 25-39 år etter innvandrarbakgrunn og verdsregion. I prosent av personar i alt i kvar gruppe. 4. kvartal 2015 og 2024

Tabell 4. Endringar i andel sysselsette etter innvandrarbakgrunn og verdsregion. Prosentpoeng. 4. kvartal 2015-2024
Tabell 4. Endringar i andel sysselsette etter innvandrarbakgrunn og verdsregion. Prosentpoeng. 4. kvartal 2015-2024
Norskfødde med innvandrarforeldreInnvandrarar
Europa utanom EU/EFTA/Storbritannia5,1-10,9
Asia6,69,9
Afrika1,820
Latin-Amerika og Karibia8,77,3
Standardteikn i tabellar

Artikkelen er finansiert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Referanser

Olsen, Bjørn (2020) : Utdanning gir større ulikhet enn innvandrerbakgrunn. Artikkel. Statistisk sentralbyrå 2020: Utdanning gir større ulikhet enn innvandrerbakgrunn

Olsen, Bjørn (2024) : 8 av 10 norskfødte med innvandrerforeldre er sysselsatt. Artikkel. Statistisk sentralbyrå 2024: Nesten 8 av 10 av norskfødte med innvandrerforeldre er sysselsatt

Olsen, Bjørn & Snellingen Bye, Knut (2024): Flyktninger i og utenfor arbeidsmarkedet 2023. (Rapporter 2025/1). Statistisk sentralbyrå 2025: Flyktninger i og utenfor arbeidsmarkedet 2023

Olsen, Bjørn & Solum Jacobsen, Mariell (2024): Sysselsettinga blant innvandrarar gjekk svakt ned i 2024. Artikkel. Statistisk sentralbyrå 2024: Sysselsettinga blant innvandrarar gjekk svakt ned i 2024

Statistikkbanken, tabell 05184. Statistisk sentralbyrå: 05184: Innvandrere, etter kjønn og landbakgrunn 1970 - 2025. Statistikkbanken