Færre konkursar

Publisert:

I 3. kvartal 2017 blei det opna 953 konkursar, 4,5 prosent færre enn i den same perioden året før. Nedgangen i absolutte tal var størst i Hordaland.

I Hordaland var det 40 færre konkursar enn i 3. kvartal 2016, viser statistikken over konkursar. Den største prosentvise nedgangen var i Aust-Agder og Hordaland med høvesvis 32 og 26 prosent.

I Hedmark, Telemark, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag, Nordland og Finnmark gjekk derimot talet på konkursar opp.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal
Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal
3. kv. 2007 3. kv. 2008 3. kv. 2209 3. kv. 2010 3. kv. 2011 3. kv. 2012 3. kv. 2013 3. kv. 2014 3. kv. 2015 3. kv. 2016 3. kv.2017
Føretakskonkursar 385 582 818 702 677 624 686 745 652 713 733
Einskildpersonføretak inkl. personlege konkursar 198 252 210 247 257 216 222 290 227 285 220

Kontakt