Elevar med grunnkompetanse blir rekna som å ha fullført vidaregåande opplæring på eit lågare nivå enn vanleg yrkes- eller studiekompetanse. I følgje opplæringslova har elevar som har vanskar med å oppnå full yrkes- eller studiekompetanse, rett til individuelt tilrettelagd opplæring. Skolen har plikt til å planlegge og legge til rette opplæringsløpet, gjerne i form av individuelle opplæringsplanar, som viser mål, innhald og korleis opplæringa skal gjennomførast.

Dei som har fullført med grunnkompetanse er ei samansett gruppe som det ikkje er gjort så mykje studiar på. Formålet med denne artikkelen er difor å styrke kunnskapsgrunnlaget om personar som går vidaregåande med grunnkompetanse, og å sjå korleis det går med dei etter at dei er ferdig i vidaregåande.

I 2010 starta det 63 830 elevar i vidaregåande skole, og i 2011 var det 64 850 elevar som starta. Totalt var det 128 680 elevar til saman som starta dei to åra, og 3 081 av dei er i vår statistikk over gjennomføring i vidaregåande opplæring registrert som fullført med planlagt grunnkompetanse i løpet av seks år. Det utgjer om lag 2,4 prosent av elevtalet. Det er desse 3 081 elevane som dannar analysegrunnlaget i denne artikkelen.

Omgrepet «grunnkompetanse» blir ikkje brukt i dagens opplæringslov, men er ein kompetanse på eit lågare nivå enn full yrkes- eller studiekompetanse. Grunnkompetanse kan vere planlagt eller ikkje planlagt. I statistikken for gjennomføring i vidaregåande opplæring har vi med fullføring med planlagt grunnkompetanse som eigen fullføringskategori i enkelte av tabellane, frå og med publiseringa i 2016 (kullet som begynte i vidaregåande for første gong i 2010). Når omgrepet grunnkompetanse vert brukt vidare i artikkelen, vil det seie planlagt grunnkompetanse.

Grunnkompetanse kan setjast som mål i både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Grunnkompetanse gjennom opplæring i bedrift kan oppnåast som lærekandidat eller gjennom praksisbrev-ordninga (fast ordning frå og med hausten 2016).

I denne analysen og i gjennomføringsstatistikken til SSB reknast elever som "fullført planlagt grunnkompetanse" om dei, i løpet av dei seks åra som gjennomføringsstatistikken dekker, har:

1. vore i vidaregåande opplæring i minst tre av dei seks åra

2. hatt ei vurdering som viser at eleven har fått eit utfall med enten grunnkompetanse eller anna vurdering med særskild tilrettelagt læreplan i løpet av dei seks åra

Elevar som går mot planlagt grunnkompetanse og som har vedtak om individuell tilrettelagt opplæring (tidlegare kalla spesialundervisning) i alle fag, treng ikkje vise progresjon. Elevar som derimot ikkje har vedtak i alle fag, må vise progresjon til Vg3 for å bli kategorisert som elevar med fullført planlagt grunnkompetanse.

Vi har valt å sjå særskild på typen av grunnkompetanse kalla «lærekandidatordninga». Lærekandidatordninga er eit yrkesfagleg tilbod i vidaregåande opplæring, der eleven får opplæring i ein godkjent lærebedrift, med ein tilpassa lærekandidatplan. Det finnast òg ei praksisbrevordning, men ho er ikkje relevant i dette prosjektet, då ho kom først i 2016.

Det har i nyare tid vore ei vidareutvikling av lærekandidatordninga etter Fullføringsreformen frå 2021 (regjeringen.no), der målet er at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring og få ein formell kompetanse. I denne samanhengen blir lærekandidatordninga peikt på som eit viktig verkemiddel for elevar som ikkje følger ordinært løp mot fag- eller studiekompetanse. Hausten 2025 har dessutan Utdanningsdirektoratet kome med ei rettleiing til ordninga (udir.no). Dei som er inkludert i våre analysar har gått i vidaregåande på eit tidlegare tidspunkt, og har altså ikkje blitt påverka av denne utviklinga.

Kva veit vi om grunnkompetanse-elevane?

I analysen vår har vi valt å sjå på høvesvis lærekandidatar og andre som har fullført med grunnkompetanse, for å sjå om det er nokre forskjellar blant dei som følger lærekandidatordninga, og andre som fullfører med grunnkompetanse.

Tabell 1. Tal på elevar som starta i vidaregåande hausten 2010 og 2011 og som fullførte med grunnkompetanse
Tabell 1. Tal på elevar som starta i vidaregåande hausten 2010 og 2011 og som fullførte med grunnkompetanse
Alle med grunnkompetanseLærekandidatarAndre med grunnkompetanse
Startår 20101 5454371 108
Startår 20111 5364541 082
Totalt tal på elevar i populasjonen3 0818912 190
Standardteikn i tabellar

Tabellen over viser at det var om lag like mange elevar som fullførte med grunnkompetanse i 2010 og 2011. I begge kull var det færre som følgde lærekandidatordninga enn dei som oppnådde planlagt grunnkompetanse på anna vis. Totalt var det litt under ein tredel av alle med grunnkompetanse som starta i 2010 eller 2011, som fullførte vidaregåande med lærekandidatordninga.

Figur 1. Elevar som starta i vidaregåande i 2010 og 2011 og som fullførte med grunnkompetanse, etter år dei brukte på å fullføre. Prosent

Dei fleste av grunnkompetanse-elevane er registrert som fullført med grunnkompetanse etter tre år i vidaregåande. Det var fleire av dei som følgde lærekandidatordninga, som brukte fire eller fem år på å fullføre. Dette gir meining sida lærekandidatordninga er ein parallell til lærlingordninga, som varar i fire år (to år i skole og to år i lære).

Nokre lærekandidatar er registrert som fullført med grunnkompetanse etter tre år. Dette heng saman med måten vi har definert «fullført med grunnkompetanse» i statistikken, som er beskrive i informasjonsboksen over og korleis lærekandidatar er identifisert. Når vi i denne artikkelen har kategorisert elevar som lærekandidatar, har vi sett på om dei har vore registrerte som lærekandidatar på eit tidspunkt i heile seksårsperioden elevane blir følgde i gjennomføringsstatistikken. Nokre elevar har følgt eit løp i vidaregåande dei første tre åra som gav grunnkompetanse, men som ikkje inkluderte lærekandidatordninga, for så å vere registrerte som lærekandidatar seinare i seksårsperioden. Desse vil i figur 1 vere lærekandidatar som fullførte med grunnkompetanse etter tre år.

Tabell 2. Elevar som starta i vidaregåande i 2010 og 2011 og som fullførte med grunnkompetanse, etter ulike bakgrunnsvariablar. Prosent
Tabell 2. Elevar som starta i vidaregåande i 2010 og 2011 og som fullførte med grunnkompetanse, etter ulike bakgrunnsvariablar. Prosent
Alle med grunnkompetanseLærekandidatarAndre med grunnkompetanseAlle elevar i 2010- og 2011-kullet
Kjønn
Jenter35,631,937,248,5
Gutar64,468,162,851,5
Alder i 2010 og 2011
16 år eller yngre82,686,980,994,6
17 eller eldre17,413,119,15,4
Fødselskvartal
Januar – mars23,521,424,324,9
April – juni24,927,024,026,3
Juli – september26,525,526,325,3
Oktober - desember25,626,025,423,5
Utdanningsprogram i 2010 og 2011
Studieførebuande28,35,537,651,1
Yrkesfaglege71,794,562,448,9
Manglande grunnskolepoeng55,234,664,04,9
Utdanningsnivå hjå foreldra
Grunnskoleutdanning22,223,521,79,5
Vidaregåande utdanning49,654,747,542,8
Kort, høgare utdanning21,617,323,433,3
Lang, høgare utdanning5,63,66,512,1
Uoppgitt0,91,00,92,3
Andel med innvandrarbakgrunn12,39,413,411,7
Standardteikn i tabellar

Frå tabellen over kan vi sjå andelen elevar etter ulike bakgrunnsvariablar, både for alle elevar med grunnkompetanse, og delt opp i dei to gruppene for lærekandidatar og andre som fullfører med grunnkompetanse. I tillegg kan vi sjå korleis andelen er for alle elevane (128 680) i dei to årskulla, slik at ein kan sjå korleis grunnkompetanse-elevane skil seg frå elevmassen samla sett.

Nokre interessante aspektar som skil seg ut for grunnkompetanse-gruppa er at det blant anna er fleire gutar enn jenter, der gutane utgjer om lag to tredeler av gruppa, medan jentene utgjer om lag ein tredel. Vi ser dessutan at fleire av grunnkompetanse-elevane startar i vidaregåande når dei er 17 år eller eldre, samanlikna med heile elevpopulasjonen. Medan berre 5,4 prosent av alle som starta i vidaregåande Vg1 for første gong i 2010 og 2011 var 17 år eller eldre, gjeld dette 17 prosent av grunnkompetanse-elevane. I heile elevpopulasjonen er det dessutan om lag halvparten på enten studieførebuande eller yrkesfagleg utdanningsprogram, medan det i grunnkompetanse-gruppa er langt fleire som går på yrkesfag enn på studieførebuande utdanningsprogram.

I tillegg kan vi sjå at det blant grunnkompetanse-populasjonen er langt fleire som startar i vidaregåande utan grunnskolepoeng. Elevar som manglar grunnskolepoeng manglar karakter i meir enn halvparten av faga på ungdomsskolen, og får dermed ikkje berekna poeng ved inntak til vidaregåande. I heile elevpopulasjonen er det 4,9 prosent som startar i vidaregåande med manglande grunnskolepoeng. Blant elevane med grunnkompetanse er dette talet 55,2 prosent, altså meir enn halvparten av elevane. Eit viktig aspekt er dessutan at dette talet varierer ganske mykje mellom dei som følger lærekandidatordninga, og dei som fullfører med anna grunnkompetanse. For dei som er lærekandidatar, er talet 34,6 prosent, medan det blant ikkje-lærekandidatar er så høgt som 64 prosent. Dette kan tyde på at dei som går lærekandidatordninga allereie har betre forutsetningar før dei begynner i vidaregåande.

Vi kan òg sjå at det er fleire blant grunnkompetanse-populasjonen som har foreldre med berre grunnskole-utdanning, og færre som har foreldre med lang, høgare utdanning. Dette gjeld særleg for dei som går lærekandidatordninga. Ei mogeleg forklaring på at lærarkandidatane i størst grad har foreldre med grunnskole og vidaregåande utdanning kan vere at barn ofte går i fotsporet til foreldra og vel ei yrkesfagleg retning.

Mange av elevane som går ut av grunnskolen utan grunnskolepoeng er nykomne innvandrarar. Når vi tidlegare i artikkelen har sett at det er vanleg at elevane med fullført grunnkompetanse manglar grunnskolepoeng, kan det verke overraskande at innvandrar ikkje er overrepresentert i grunnkompetanse-populasjonen.  Snarare er tala ganske like som i heile elevgruppa. Elevar med innvandrarbakgrunn utgjer 12,3 prosent i grunnkompetanse-populasjonen, mot 11,7 prosent i heile populasjonen. Kort opphaldstid i landet før vidaregåande og derav manglande grunnskolepoeng er rett nok ikkje det same som å starte opplæringa med manglande forutsetningar for å ta sikte på yrkes- eller studiekompetanse. Slik skil nok mange nykomne innvandrarar med manglande grunnskolepoeng seg frå ein større del av dei andre elevane som går ut av grunnskolen utan å få berekna poeng.

Vi har òg sett på om elevar født i siste kvartal er overrepresentert i grunnkompetanse-populasjon, noko tala viser at dei ikkje er. Vår analyse tilseier altså at verken innvandrarbakgrunn eller fødselsmånad har ein samanheng med å fullføre med grunnkompetanse.

Stor variasjon blant fylker i bruk av lærekandidatordninga

Vi har sett på tala frå 2010 og 2011 for å sjå kor omfattande bruken av grunnkompetanse-ordninga er i dei ulike fylka, og då særleg om det er skilnader i kor mange som er lærekandidatar og ikkje.

Tabell 3. Elevar som starta i vidaregåande i 2010 og 2011 og som fullførte med grunnkompetanse, etter skolefylke i 2010 og 2011
Tabell 3. Elevar som starta i vidaregåande i 2010 og 2011 og som fullførte med grunnkompetanse, etter skolefylke i 2010 og 2011
Tal på elevar med grunnkompetanse per fylkeAndel lærekandidatar av elevar med grunnkompetanse (prosent)
FylkestilhøyrselLærekandidaterAndre med grunnkompetanseAlle med grunnkompetanse
Østfold1227419662,2
Akershus7831739519,7
Oslo181902088,7
Hedmark298211126,1
Oppland24355940,7
Buskerud10514625141,8
Vestfold1158920456,4
Telemark258210723,4
Aust-Agder24507432,4
Vest-Agder369713327,1
Rogaland5831136915,7
Hordaland5828934716,7
Sogn og Fjordane16334932,7
Møre og Romsdal22749622,9
Sør-Trøndelag629715939,0
Nord-Trøndelag36367250,0
Nordland228210421,2
Troms26679328,0
Finnmark5273215,6
Utlandet eller uoppgitt10122245,5
Landsgjennomsnitt31,3
Standardteikn i tabellar

Tala i tabellen over viser at det for vår populasjon var stor variasjon mellom fylka i bruk av lærekandidatordninga. I Østfold utgjorde lærekandidatar 62,2 prosent av alle elevar med grunnkompetanse, medan andelen i Oslo berre var 8,7 prosent. Dette illustrerer store geografiske forskjellar i omfanget av ordninga, sjølv om tala òg blir påverka av at elvane i ulike fylker vel forskjellig i vidaregåande opplæring, med til dømes færre som startar på yrkesfag i Oslo. I Vestfold var talet 56,4 prosent, og fylket har saman med Østfold vore trekt fram (regjeringen.no) som eit døme på høg relativ bruk av lærekandidatordninga.

Mange hamnar «utanfor», og dei gjer det tidleg

For å finne ut korleis det går med elevane etter at dei er ferdige i vidaregåande, har vi kopla på data om kva slags tilknyting til arbeid, utdanning og velferdsordningar dei har. Det første vi undersøkte, var om dei var utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak, ofte referert til som NEET, ei internasjonalt mykje brukt forkorting for «not in employment, education or training».

I denne analysen har vi kopla på data om tilknyting til arbeid, utdanning og velferdsordningar. Vi har blant anna sett på om elevane har hamna utanfor, såkalla NEET (not in employment, education or training), i tillegg til at vi har sett meir spesifikt på kva slags aktivitetar dei held på med i alle dei åtte åra etter fullføring.

For den seinaste fila for 2024 er det eit marginalt større tal på elevar som vi ikkje har kunne kopla til populasjonen vår. Det er fordi 2024-tala frå arbeidsmarknads- og lønnstatistikken ikkje inneheldt tal for sjølvstendige næringsdrivande før i januar 2026. Dette kan gje en litt større usikkerheit i tala for år 8 etter fullføring.

Tabell 4. Elevar som starta i vidaregåande i 2010 og 2011 som fullførte med grunnkompetanse, og som er utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak 1-8 år etter fullføring av vidaregåande. Prosent
Tabell 4. Elevar som starta i vidaregåande i 2010 og 2011 som fullførte med grunnkompetanse, og som er utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak 1-8 år etter fullføring av vidaregåande. Prosent
Alle med grunnkompetanseLærekandidatarAndre med grunnkompetanse
Andel utanfor i år 136,220,142,8
Andel utanfor i år 242,722,051,2
Andel utanfor i år 343,020,252,4
Andel utanfor i år 441,219,150,2
Andel utanfor i år 542,221,750,5
Andel utanfor i år 642,519,851,8
Andel utanfor i år 742,219,951,4
Andel utanfor i år 841,318,350,0
Andel som har vore utanfor minst eit av åra71,551,779,5
Andel som har vore utanfor alle åra16,94,421,9
Gjennomsnittleg tal på år utanfor3,3 år1,6 år4 år
Median år utanfor2 år1 år4 år
Standardteikn i tabellar

Tabellen over viser at mange i populasjonen står utanfor allereie i år 1. Av 3081 elevar med grunnkompetanse, var det 36,2 prosent av dei som var NEET eit år etter fullføring av vidaregåande. Andelen aukar noko frå år 1 til år 2, men elles held tala seg relativt stabile. Samanliknar vi med heile befolkninga, viser til dømes tala for 2024 at NEET-andelen blant aldersgruppa 15-29 år var 9,9 prosent.

Samstundes ser vi tydelege skilnader mellom lærekandidatar og dei andre med grunnkompetanse. Åtte år etter fullføring, var det 18,3 prosent blant lærekandidatane som var utanfor, medan heile 50 prosent av dei andre var det same. Lærekandidatane hadde ein lågare andel utanfor i alle åra. Det er òg langt fleire frå den andre gruppa som har vore utanfor i minst eitt av åra, nesten fire femdelar, mot om lag halvparten blant lærekandidatane. I tillegg viser tala at lærekandidatgruppa i gjennomsnitt er 1,6 år utanfor, medan dei andre i snitt er utanfor i fire år.

Fleire lærekandidatar i arbeid, og færre av dei på uføretrygd

I tabell 5 har vi talt alle som er registrert på ein eller anna aktivitet knytt til arbeid, utdanning eller helserelaterte ytingar i dei åtte åra etter fullføringstidspunktet. Ein person kan være registrert på fleire aktivitetar samstundes, og andelane kan difor ikkje summerast over dei ulike aktivitetane. I tabell 6 har vi skilt ut kun lærekandidatar, og i tabell 7 har vi skilt ut kun dei som fullfører med anna type grunnkompetanse.

Tre av aktivitetane fortel oss om ein person jobbar heiltid, deltid eller er i utdanning. I tillegg kan vi sjå om dei tar imot såkalla helserelaterte ytingar –  det vil seie om dei anten tar imot sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, førebels uførestønad eller varig uføretrygd, eller om dei er registrert med nedsett arbeidsevne og er på tiltak. Her har vi skilt ut varig uføretrygd for seg sjølv, og samla dei fire andre aktivitetane i ein samlevariabel kalla «Andre helserelaterte ytingar».

Tabell 5. Andelar på ulike aktivitetar, 1-8 år etter fullført vidaregåande, for alle med grunnkompetanse. Prosent
Tabell 5. Andelar på ulike aktivitetar, 1-8 år etter fullført vidaregåande, for alle med grunnkompetanse. Prosent
I arbeidI utdanningHelserelaterte ytingar
år etterHeiltidDeltidVarig uføreAndre helserelaterte ytingarTotalt (tal)
1 år etter12,313,624,437,923,63 081
2 år etter14,517,19,742,523,4
3 år etter16,517,46,646,819,8
4 år etter17,119,95,350,716,6
5 år etter17,920,54,253,613,2
6 år etter18,520,73,756,511,4
7 år etter20,020,74,057,610,6
8 år etter19,322,04,357,810,0
Standardteikn i tabellar

Tabell 6. Andelar på ulike aktivitetar, 1-8 år etter fullført vidaregåande, for lærekandidatar. Prosent
Tabell 6. Andelar på ulike aktivitetar, 1-8 år etter fullført vidaregåande, for lærekandidatar. Prosent
I arbeidI utdanningHelserelaterte ytingar
år etterHeiltidDeltidVarig uføreAndre helserelaterte ytingarTotalt
1 år etter30,022,321,315,325,8891
2 år etter33,725,011,120,122,8
3 år etter35,825,17,223,720,5
4 år etter36,027,04,626,817,7
5 år etter37,125,83,629,615,7
6 år etter38,225,03,831,316,0
7 år etter40,724,13,932,814,3
8 år etter37,524,43,331,913,4
Standardteikn i tabellar

Tabell 7. Andelar på ulike aktivitetar, 1-8 år etter fullført vidaregåande, for andre med grunnkompetanse. Prosent
Tabell 7. Andelar på ulike aktivitetar, 1-8 år etter fullført vidaregåande, for andre med grunnkompetanse. Prosent
I arbeidI utdanningHelserelaterte ytingar
år etterHeiltidDeltidVarig uføreAndre helserelaterte ytingarTotalt
1 år etter5,110,125,647,122,72 190
2 år etter6,713,89,151,623,7
3 år etter8,714,26,356,319,5
4 år etter9,516,95,660,416,1
5 år etter10,118,34,563,312,2
6 år etter10,518,93,766,79,5
7 år etter11,519,34,067,79,2
8 år etter11,921,04,768,38,7
Standardteikn i tabellar

Det tabellane over viser er blant anna at det er langt fleire lærekandidatar som jobbar heiltid, og i tillegg ganske mange fleire som jobbar deltid. I åra etter fullføring er det mellom 30 og 40 prosent av lærekandidatane som jobbar heiltid, medan det berre er rundt 10 prosent blant dei andre som har fullført med grunnkompetanse.

Eit år etter er dessutan mange framleis i utdanning. 24,4 prosent av alle med grunnkompetanse var registrert med ein utdannings-aktivitet eit år etter at dei er registrert med fullført grunnkompetanse. Mange av desse var elevar som framleis gjekk i tilrettelagde løp på vidaregåande etter dei var registrert med fullført planlagt grunnkompetanse, i tillegg til ein større andel av ikkje-lærekandidatane som gjekk på folkehøgskole.

Blant dei 3081 elevane som fullførte vidaregåande med grunnkompetanse var over halvparten på varig uføretrygd åtte år seinare. Andelen varig uføre aukar for begge grupper av grunnkompetanse-elevar for kvart år. Det er rett nok mange fleire i gruppa «Andre med grunnkompetanse» som er på varig uføretrygd. For lærekandidatar aukar andelen frå 15,3 prosent eit år etter fullføring, til 31,9 prosent etter åtte år. For dei andre med grunnkompetanse, aukar andelen frå 47,1 prosent eit år etterpå, til 68,3 prosent åtte år seinare.

Tabell 8. Andel som tar imot helserelaterte ytingar som er i arbeid eller utdanning. Prosent
Tabell 8. Andel som tar imot helserelaterte ytingar som er i arbeid eller utdanning. Prosent
Tal på dei med helserelaterte ytingar totaltAndel av desse som er i arbeid eller utdanning
LærekandidatarAndre med grunnkompetanseLærekandidatarAndre med grunnkompetanse
1 år etter3661 53047,511,7
2 år etter3821 64742,914,2
3 år etter3941 65845,214,3
4 år etter3971 67547,416,8
5 år etter4041 65343,317,8
6 år etter4221 66942,919,1
7 år etter4191 68345,821,1
8 år etter4031 68648,123,6
Standardteikn i tabellar

Den siste tabellen viser andel av dei med helserelaterte ytingar som òg er i anten arbeid eller utdanning. Her kan vi sjå at det er langt fleire lærekandidatar med mottak av helserelaterte ytingar, som samstundes jobbar eller tek utdanning. Av lærekandidatar som mottek helserelaterte ytingar, er i underkant av halvparten òg i arbeid eller utdanning. For dei andre som har fullført med grunnkompetanse, er andelen 11,7 prosent eit år etterpå, medan det 8 år etter fullføring er om lag 23,6 prosent som samstundes jobbar eller studerer.

Vi har dessutan undersøkt om elevane i åra etterpå fullfører med full yrkesfagleg kompetanse i form av fagbrev eller om dei fullfører ordinært studieførebuande løp. Dette fant vi gjaldt så få at vi valde å ikkje inkludere tala i denne artikkelen.

Oppsummert

Elevar som starta i vidaregåande i 2010 og 2011 og som fullførte med grunnkompetanse, utgjorde 2,4 prosent av elevtalet dei to åra. Samanlikna med heile elevpopulasjonen er grunnkompetanse-elevane oftare gutar enn jenter, dei er oftare eldre enn 16 når dei startar, og dei går oftare på yrkesfagleg utdanningsprogram enn studieførebuande.

Vi har dessutan sett at det er langt fleire av elevane som manglar grunnskolepoeng frå ungdomsskolen, og at fleire blant grunnkompetanse-populasjonen har foreldre med berre grunnskole-utdanning, og færre har foreldre med lang, høgare utdanning. Dette gjeld særleg for dei som går lærekandidatordninga. På den andre sida ser vi ikkje noko til at elevar med innvandrarbakgrunn eller elevar som er født seint på året er overrepresentert blant dei som fullfører med grunnkompetanse.

I denne artikkelen har vi heile tida sett på skilnaden mellom dei som har vore i den såkalla lærekandidatordninga, som er ein parallell til lærlingordninga, og dei andre som har fullført med grunnkompetanse. Vi kan sjå at bruken av lærekandidatordninga varierte mykje mellom fylka, der spesielt Østfold og Vestfold skilte seg ut i meir omfattande bruk av ordninga.  Dette kan ha endra seg etter at det har vore gjort mykje arbeid med å utvikle ordninga i åra etterpå, men våre tal i denne artikkelen dekker ikkje nyare elevkull.

Fleire i grunnkompetanse-populasjonen står «utanfor» arbeid og utdanning i åra etterpå, og mange er utanfor allereie det første året. Dette tyder på at mange av elevane raskt faller ut i utanforskap etter vidaregåande, og om lag ein fjerdedel mottek helserelaterte ytingar allereie i det første året. Særleg skil elevane som ikkje er lærekandidatar seg ut i negativ forstand, med ein høg andel utanfor i alle åra etterpå.

Generelt sett ser vi at dei som har følgt lærekandidatordninga i større grad er i arbeid og i utdanning i åra etter fullføring. Mange av dei med grunnkompetanse tar imot varig uføretrygd i tida etter fullføring, og her skil spesielt gruppa med anna type grunnkompetanse seg ut, der nesten to tredeler er varig uføre åtte år etterpå. Samstundes har vi sett at dei som følger lærekandidatordninga har ein mindre andel elevar som manglar grunnskolepoeng, samanlikna med dei andre med grunnkompetanse, kor over halvparten startar i vidaregåande utan grunnskolepoeng. Det kan med andre ord vere slik at dei som går lærekandidatordninga allereie er meir ressurssterke før dei begynner, og difor går det betre med dei i åra etter fullføring.

Artikkelen er finansiert av Kunnskapsdepartementet.