• Tre av ti velferdskandidatar tok ei fleksibel utdanning, det vil seie over nett, på deltid eller desentralt
  • Det er størst førekomst av fleksible utdanningsløp innanfor praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og yrkesfaglærarutdanning
  • Velferdskandidatar i fleksible løp er oftare eldre enn dei som tek utdanninga som ordinært løp.
  • Det er gjennomgåande høg sysselsetjing blant velferdskandidatar etter fullført utdanning
  • Velferdskandidatar frå desentrale utdanningar var oftast i relevant jobb, medan kandidatar frå nettstudiar i minst grad var i relevant arbeid
  • Yngre velferdskandidatar hadde oftare relevant jobb enn eldre kandidatar
  • Omtrent halvparten av velferdskandidatane budde i oppvekstkommunen sin hausten etter fullført utdanning, og det er mest vanleg å bu i same kommune som ein er sysselsett i
  • Over halvparten av fleksible velferdskandidatar som er oppvaksne i distriktskommunar, bur i ei distriktskommune hausten etter fullført utdanning. Delen aukar til 72 prosent blant dei som også tok utdanninga i distriktet. Lokal rekruttering av velferdskandidatar er difor essensielt for tilgangen på nødvendig kompetanse det lokale arbeidsmarkedet.

Det er store behov i arbeidsmarknaden for personar med helsefagleg og pedagogisk kompetanse. Særleg i distrikta har ein vanskar med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft innanfor velferdsyrker, med utstrekt bruk av ufaglærte og innleie av vikarar. Dei seinare åra har rekrutteringsutfordringar også blitt synlege på nasjonal basis, særleg i barnehagane (regjeringen.no) . Sjølv om det har vore nedgang og svingingar i søkartala til sjukepleie-, lærar- og barnehagelærarutdanningane, ser vi i 2025 at søkartala til særleg sjukepleie og grunnskulelærarutdanninga har auka markant (Samordna opptak, hkdir.no).

For å møte behova for slik arbeidskraft har fleksible utdanningstilbod ein viktig funksjon. Desse tilboda legg til rette for at fleire kan ta samfunnskritiske utdanningar lokalt, gjerne på deltid, som nettbasert undervisning eller gjennom utdanningstilbod på desentrale lokasjonar. Fleksible utdanningar har potensial til å styrke rekrutteringa i grupper som elles ikkje ville hatt høve til å studere, til dømes vaksne med omsorgsansvar eller dei som bur og jobbar langt frå ein campus.

Tidlegare analysar frå Statistisk sentralbyrå har sett på flyttemønster blant dei som fullfører velferdsutdanning. Analysane har vist at dei som tek utdanninga i eige heimfylke, er meir tilbøyelege til bli verande i heimfylket også etter fullført velferdsutdanning. For dei nordlegaste fylka finn vi at ni av ti blei verande blant dei som tok velferdsutdanninga i heimfylket. Over halvparten budde i eiga oppvekstkommune eller ei nabokommune også i åra etter fullført velferdsutdanning. Dette viser at lokale velferdsutdanningar bidrar til at folk blir buande, men Statistisk sentralbyrå har ikkje undersøkt om velferdskandidatane faktisk tek del i den lokale arbeidsmarknaden.

I denne artikkelen vender vi difor blikket mot arbeidsmarknaden, og ser særleg på velferdskandidatar som har fullført eit fleksibelt utdanningsløp. Sentrale spørsmål vil vere: Er det skilnader i sysselsetting og busetnadsmønster blant velferdskandidatar i fleksible og ordinære studieløp? Er velferdskandidatane frå fleksible utdanningstilbod sysselsette i eigen oppvekstkommune, studiekommunen eller andre stader i Noreg i åra etter fullført utdanning?

Kven er velferdskandidatane?

Denne analysen ser på arbeidsmarknadsutfall blant velferdskandidatar, særleg blant dei som fullførte ei fleksibel utdanning. Med fleksibel utdanning meiner vi Omfattar studentar som tek utdanninga si på deltid, der studenten har ein planlagt studieprogresjon på under 21 studiepoeng per semester. Dette omfattar studentar på utdanningar som er organisert på deltid av utdanningsinstitusjonen, men også studentar som har justert eigen studieprogresjon av personlege orsakar., Omfattar utdanningar der undervisninga skjer over nett, med eller utan fysiske samlingar i løpet av semesteret., eller Desentral utdanning er utdanningstilbod som ikkje gis på lærestadane sine ordinære campus, men er eit lokalt utdanningstilbod som ofte har andre fleksible trekk (nettundervisning, deltid)..

Vi ser til eit utval velferdsutdanningar som har fleksible utdanningstilbod, og dette omfattar følgande:

  • Barnehagelærar
  • Grunnskulelærar
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Yrkesfaglærar
  • Barnevern
  • Sosialt arbeid (sosionom)
  • Vernepleie
  • Sjukepleie

Analysen omfattar personar som fullførte ei velferdsutdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021 og 2021/2022. Samla sett vart det fullført 38 306 velferdsutdanningar i desse tre studieåra. 11 297 av desse var fleksible utdanningar, noko som utgjer i overkant av 29 prosent av fullførte velferdsutdanningar i perioden. Analysen samlar tre årgangar for å sikre ein stor nok populasjon til at vi kan bryte tala ned på små einingar, også for enkeltutdanningar.

Tre av ti velferdskandidatar i denne perioden tok altså ei fleksibel utdanning. 23 prosent tok utdanninga på deltid, 3 prosent tok utdanninga desentralt, og 3 prosent tok utdanninga over nett. Det betyr òg at det store fleirtalet av velferdskandidatane tok utdanninga som eit ordinært løp, med 71 prosent. Merk difor at analysen tek føre seg ein liten del av alle uteksaminerte velferdskandidatar. Om ein ser på alle uteksaminerte studentar i Norge i perioden, var den samla delen som går fleksible løp noko lågare, med 27 prosent. Deltidsstudentar utgjer fleirtalet av studentane i fleksibel utdanning.

Figur 1. Velferdskandidatar som vart uteksaminert i studieåra 2019/2020, 2020/2021 og 2021/2022, etter utdanninga si organisering (firedelt). Prosent

Følgande utdanningskodar er inkluderte for kvar utdanning, basert på sekssifra kode frå Standard for utdanningsgruppering:

  • Barnehagelærar: 621107, 621108, 721104, 721105, 721106, 721107
  • Grunnskulelærar: 622101, 622112, 622113, 622114, 622115, 622116, 622117, 622118, 622121, 622122, 622125, 622127, 622129, 622130, 622131, 622132, 722101, 722102, 722105, 722106, 722108, 722109, 722110
  • PPU: 623801, 623802
  • Yrkesfaglærar: 623125, 623304, 623405, 623406, 623507, 623508, 623601, 623901
  • Barnevern: 662117, 662118, 762106
  • Sosialt arbeid (sosionom): 662116, 762104
  • Vernepleie: 661305
  • Sjukepleie: 661120

Merknadar:

  • For dei utvalde velferdsutdanningane i analysen er alle variantar av utdanninga inkluderte, for eksempel pedagogiske og språklege variantar av barnehagelærar og grunnskulelærarutdanninga.
  • PPU omfattar begge typar praktisk-pedagogisk utdanning, både den allmennfaglege og den yrkesfagleg retta utdanninga.
  • Lektorutdanning 8–13 og treårig faglærarutdanning er ikkje inkludert i analysen fordi det ikkje finst personar i desentrale eller nettbaserte løp for desse utdanningane.
  • Alle uteksaminerte velferdskandidatar vert inkluderte for kvar årgang. Det betyr at 114 personar er talde med to gonger, fordi dei har fullført to velferdsutdanningar i desse årgangane. For fleirtalet betyr dette at dei først tok bachelor, for så å fullføre master i same felt.

Datagrunnlaget på fleksibel utdanning i SSB består av følgande kategoriar:

  • Desentral undervisning
  • Nettbasert undervisning
  • Deltidsstudentar

Eit utdanningstilbod kan ha fleire av desse kjenneteikna samtidig. Til eksempel kan ei desentral utdanning også vere eit deltidsstudium. For å kunne skilje mellom variantar av fleksibel utdanning i analysen, ser vi til berre ein type fleksibilitet per velferdskandidat. Følgande prioriteringsrekkefølgje er nytta; 1. desentral, 2. nett, 3. deltid. Det vil seie at om ein person tek desentral utdanning på deltid, vektlegg vi at tilbodet er desentralt. Ein deltidsstudent som tek utdanninga over nett vil plasserast i kategorien for nettundervisning.

Merk at vi ikkje kjenner til korleis studentane praktisk sett følger undervisninga, for eksempel om nokon på eit ordinært studieløp i liten grad møter opp fysisk og vel å bu ein annan stad i landet.

SSB sin definisjon av deltid er at ein student har ein planlagt studieprogresjon på under 21 studiepoeng i semesteret. Denne definisjonen inneber ei brei forståing av deltidsomgrepet, då ein tel med studentar som går over til deltid på grunn av personlege orsakar. Denne definisjonen av deltid er difor breiare enn om ein berre ser til utdanningar som er organisert på deltid.

Skilnadar mellom kandidatar i fleksible og ordinære løp

Det er nokre grunnleggande skilnadar mellom studentar i fleksible og ordinære velferdsutdanningar. Tabell 1 og 2 samlar sentrale kjenneteikn ved studentane, fordelt på todelt og firedelt organisering av utdanninga.

Studentar i fleksible utdanningsløp er typisk ein eldre studentmasse. Nærare halvparten (48 prosent) av velferdskandidatane i fleksible løp var 30 år og eldre det året dei fullførte utdanninga. Kandidatane i ordinære løp var klart yngre, der berre 23 prosent var 30 år og eldre i fullføringsåret. Eldre studentar kan ha byrja å studere for å få meir formell kompetanse i den jobben dei allereie har, eller som eit ledd i omskolering. Dei fleksible utdanningstilboda er difor viktige for å mogleggjere livslang læring og kompetanseutvikling. Delen innvandrarar var også noko høgare innanfor dei fleksible velferdsutdanningane.

Velferdsutdanningane er kvinnedominerte, uansett om ein ser på fleksible eller ordinære løp. Likevel var det ein større mannsandel i dei fleksible utdanningsløpa (24 prosent) enn i dei ordinære (20 prosent). Det er særleg nettstudia som trekk opp mannsandelen, med ein mannsandel på 32 prosent.

Det er også slik at nettstudentane skil seg noko frå deltidsstudentar og studentar i desentrale løp. Nettstudentane er oftare eldre, menn og har oftare foreldre med høgare utdanning samanlikna med velferdskandidatar i andre typar fleksible løp. Heile åtte av ti nettstudentar var 30 år og eldre.

Det er flest sjukepleiarar i tal blant velferdskandidatane i utvalet, med totalt 12 939 kandidatar. Likevel er det flest fleksible kandidatar på PPU (3 070 personar). 56 prosent av PPU-kandidatane tok utdanninga si som eit fleksibelt løp. Det er også ein stor del i fleksible løp blant yrkesfaglærarane, med 41 prosent. Sosionomutdanninga er i minst grad fleksibel, der berre 14 prosent tok utdanninga som eit fleksibelt løp.

Kven er i jobb hausten etter fullført utdanning?

Det store fleirtalet av velferdskandidatane var sysselsette hausten etter fullført utdanning. Blant velferdskandidatane som tok eit ordinært utdanningsløp var 94 prosent sysselsette. Sysselsettinga var enda høgare blant kandidatar frå fleksible løp.

Størst sysselsettingsandel finn vi blant dei som tok velferdsutdanning desentralt og på deltid, der 96 prosent var sysselsette hausten etter fullført utdanning. For deltidsstudentane kan dette ha samanheng med at dei i større grad har hatt moglegheit til å vere i arbeid under utdanninga, men også at utdanninga er et ledd i kompetanseheving i ein jobb dei allereie har. Desentrale løp er ofte organisert på deltid også. Arbeidsmarknadstilknytinga gjennom studietida kan vere nyttig for å sikre seg jobb også etter fullført utdanning. 

Figur 2. Sysselsetting blant uteksaminerte velferdskandidatar¹, etter organisering av utdanninga (firedelt). Prosent

¹ Sysselsette per påfølgande november etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021, og 2021/2022 (t).

Figur 3 viser sysselsetting blant kandidatar i dei spesifikke velferdsutdanningane, fordelt på om dei studerte i et ordinært eller fleksibelt løp. Merk at barnevern, vernepleie og sosialt arbeid (sosionom) er samla under omgrepet sosialfag.Generelt er det slik at velferdskandidatar frå fleksible utdanningsløp i større grad er sysselsette enn kandidatar frå ordinære løp, og dette gjelder for alle utdanningstypane med unnatak av sjukepleiarutdanninga.

Blant dei som tok sjukepleiarutdanning var det ingen forskjell i sysselsetting, der nær 98 prosent var sysselsette uansett organisering av undervisninga. Størst forskjell finn vi blant yrkesfaglærarane, med 6 prosentpoeng forskjell i sysselsetting mellom kandidatar frå ordinære og fleksible utdanningsløp. Det var lågast del sysselsette blant velferdskandidatar frå ordinære utdanningsløp i PPU og yrkesfaglærar, med 90 prosent sysselsette.

Figur 3. Sysselsettingsgrad blant uteksaminerte velferdskandidatar¹, etter utdanningstype og organisering av utdanninga (todelt). Prosent

¹ Sysselsette per påfølgande november etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021, og 2021/2022 (t).

Analysen nyttar data frå SSB sin registerbaserte sysselsettingsstatistikk. For kvar velferdskandidat ser vi til sysselsettingsstatus hausten etter fullført utdanning (t) og to år etterpå (t+2). Måletidspunkt for sysselsettingsstatus er alltid den uka i november som inneheld den 16., som stort sett er 3. uke i november. Til eksempel betyr dette at ein for velferdskandidatar som fullførte utdanninga i studieåret 2019/2020, ser til sysselsettingsstatus i november 2020 og november 2022.

Kategorien sysselsette omfattar i denne artikkelen både lønnstakarar og sjølvstendig næringsdrivande, og dekkjer både heiltid/deltidsarbeid samt faste og midlertidige stillingar. Ikkje sysselsette omfattar dei som er utanfor arbeidsstyrken eller heilt ledige. Sysselsette er definert som personar som utførte inntektsgjevande arbeid av minst éin times varigheit i referanseuka.

Fleirtalet er i relevant jobb

I tillegg til delen sysselsette blant velferdskandidatane, kan ein sjå på kva yrker velferdskandidatane faktisk jobbar i. Kor mange var sysselsette i eit yrke som var relevant til den utdanninga ein har tatt? Til denne analysen er det gjort eit arbeid med å avgjere kva yrker som er relevante til dei aktuelle velferdsutdanningane. Sjå faktaboks under for detaljar om vurdering av relevans.

Av dei som var sysselsette hausten etter fullført velferdsutdanning, hadde 77 prosent av velferdskandidatane frå fleksible løp ein relevant jobb. Blant sysselsette velferdskandidatar frå ordinære utdanningsløp var 80 prosent i relevant jobb. Dette tilseier at velferdskandidatar frå ordinære løp i størst grad finn relevant arbeid, men det er viktig å merke seg at denne fordelinga er sterkt påverka av at sjukepleie er den utdanninga med flest studentar i reine tal. Sjukepleie er difor den enkeltutdanninga som har mest innverknad på totaltalla. Med unnatak av sjukepleie, er det nemleg ein noko høgare del som var i relevant jobb blant dei som gjekk fleksible velferdsutdanningar samanlikna med dei som tok ordinær velferdsutdanning.

Det er store skilnadar mellom dei ulike utdanningane. Dei som tok grunnskulelærar og sjukepleiarutdanning og som var sysselsette hausten etter fullført utdanning, var i størst grad i ein relevant jobb. På den andre sida av skalaen finn vi dei som fullførte PPU og yrkesfaglærar. Her er delen av dei sysselsette som var i relevant jobb markant mindre, med 56 prosent av yrkesfaglærarar og 59 prosent av dei med PPU i ordinære løp. Det er viktig å merke seg at PPU og yrkesfaglærar er utdanningar som også kan kvalifisere til jobbar utanfor velferdssektoren, då ein har fylt på med pedagogisk kompetanse innanfor eit fagområde ein allereie har høgare utdanning i. I tillegg kvalifiserer ein typisk til å undervise i eitt eller maksimalt nokre få av utdanningsprogramma i skulen, som kan gjere at det tek lengre tid å komme i relevant jobb. Hugs også at dette er dei utdanningane kor kandidatane i minst grad er sysselsette etter fullført utdanning.

For å avgjere kva for yrker som er direkte relevante til spesifikke utdanningar har vi i denne analysen nytta underkategoriar innanfor standard for yrkesklassifisering frå SSB (STYRK 08). Vi har sett til velferdskandidatane sine hovudarbeidsforhold.

For å velje ut relevante yrker har vi sett til dei yrkestitlane som ligg tett opp mot utdanningstitlane, men også sett på dei yrka som oftast førekjem blant sysselsette velferdskandidatar etter fullført utdanning. Vi nyttar yrkesnamn slik som dei står i standard for yrkesklassifisering.

Yrker rekna som relevante per utdanning i denne artikkelen:

  • Barnehagelærar:
    • 2342: Førskole-/barnehagelærere
    • 1341: Ledere av omsorgstjenester for barn
    • 2310: Universitets- og høyskolelektorer/-lærere
    • 2351: Spesialister i pedagogikk
  • Grunnskulelærar:
    • 2341: Grunnskolelærere
    • 2330: Lektorer mv. (videregående skole)
    • 2310: Universitets- og høyskolelektorer/-lærere
    • 1345: Ledere av utdanning og undervisning
    • 2353: Andre språklærere
  • PPU:
    • 2341: Grunnskolelærere
    • 2330: Lektorer mv. (videregående skole)
    • 2310: Universitets- og høyskolelektorer/-lærere
    • 1345: Ledere av utdanning og undervisning
    • 2320: Yrkesfaglærere
    • 2354: Andre musikklærere
    • 2353: Andre språklærere
  • Yrkesfaglærar:
    • 2341: Grunnskolelærere
    • 2330: Lektorer mv. (videregående skole)
    • 2310: Universitets- og høyskolelektorer/-lærere
    • 1345: Ledere av utdanning og undervisning
    • 2320: Yrkesfaglærere
  • Sosialfag, barnevern:
    • 2635: Rådgivere innen sosiale fagfelt
    • 3412: Miljøarbeidere innen sosiale fagfelt
    • 2422: Høyere saksbehandlere i offentlig sektor
    • 1341: Ledere av omsorgstjenester for barn
    • 1344: Ledere av sosialomsorg
  • Sosialfag, sosionom:
    • 2635: Rådgivere innen sosiale fagfelt
    • 3412: Miljøarbeidere innen sosiale fagfelt
    • 2224: Vernepleiere
    • 2422: Høyere saksbehandlere i offentlig og privat virksomhet
    • 3353: Saksbehandlere innen sosiale ytelser
    • 3359: Andre yrker innen offentlig forvaltning
    • 1344: Ledere av sosialomsorg
  • Sosialfag, vernepleie:
    • 2224: Vernepleiere
    • 5321: Helsefagarbeidere
    • 3412: Miljøarbeidere innen sosiale fagfelt
    • 5329: Andre pleiemedarbeidere
    • 2635: Rådgivere innen sosiale fagfelt
    • 5322: Hjemmehjelper
    • 1341: Ledere av omsorgstjenester for barn
    • 1342: Ledere av helsetjenester
    • 1344: Ledere av sosialomsorg
  • Sjukepleie:
    • 2221: Sykepleiere
    • 2223: Spesialsykepleiere

Statistisk sentralbyrå tek atterhald i at denne lista over relevante yrker ikkje er uttømmande.

Figur 4. Del i relevant jobb¹ blant sysselsette velferdskandidatar², etter utdanningstype og organisering av utdanninga (todelt). Prosent

¹ Sjå faktaboks om relevant jobb for informasjon om korleis vi har berekna arbeidsrelevans i lys av utdanning.
² Sysselsette per påfølgande november etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021, og 2021/2022 (t).

Høg relevans etter desentral velferdsutdanning

Ein kan også sjå nærare på arbeidsrelevans i dei ulike typane fleksibel utdanning. Generelt sett var ein stor del av kandidatane frå desentrale utdanningar i relevant jobb. 83 prosent av sysselsette velferdskandidatar som tok desentral utdanning hadde ein relevant jobb hausten etterpå. Lågast sysselsettingsgrad var det hos nettstudentane, kor 69 prosent av dei sysselsette hadde ein relevant jobb.

Blant sjukepleiar og grunnskulelærarutdanna velferdskandidatar var det ei relativ stabil fordeling i delen som hadde relevant jobb hausten etter fullført utdanning. Kandidatar som tok sjukepleiarutdanning ordinært og grunnskulelærarutdanning på deltid hadde høgast del som var i relevant arbeid. For velferdskandidatar innanfor sosialfag, PPU og yrkesfaglærar var det ein større del som var sysselsette i relevant jobb blant dei som hadde gått fleksible løp samanlikna med ordinære løp. Det er også interessant korleis det er jamt høg arbeidsrelevans blant sjukepleiarar, uavhengig av dei ulike undervisningsformene.

Figur 5. Del i relevant jobb¹ blant sysselsette velferdskandidatar², etter utdanningstype og organisering av utdanninga (firedelt)³. Prosent

¹ Sjå faktaboks om relevant jobb for informasjon om korleis vi har berekna arbeidsrelevans i lys av utdanning.
² Sysselsette per påfølgande november etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021, og 2021/2022 (t).
³ Merk at det manglar søyler der utdanninga ikkje har det aktuelle fleksible tilbodet eller det er for små tal.

Korleis er relevansen over tid? 

Heile 73 prosent av sysselsette velferdskandidatar som tok desentral utdanning var i eit relevant velferdsyrke på begge måletidspunkt, det vil seie hausten etter fullført utdanning samt to år seinare. Dette treng ikkje å vere same arbeidsgivar eller yrkestype på begge tidspunkt. Blant velferdskandidatane som tok utdanninga over nett var delen av sysselsette i relevant jobb på begge måletidspunkt nede i 59 prosent.

Mellom 7 og 8 prosent av velferdskandidatane var i relevant jobb hausten etter fullført utdanning, men hadde ikkje relevant jobb året etter der igjen. Det er også nokon som brukte lengre tid på å komme i relevant arbeid, og som difor er registrert i eit relevant velferdsyrke først etter to år.

Medan 21 prosent av nettstudentane ikkje var i relevant jobb på nokre av måletidspunkta, var delen nede i 9 prosent blant dei som tok desentral utdanning. Ei mogleg forklaring kan ligge i korleis nettstudentar har mindre moglegheiter til nettverksbygging, som ofte skjer i fysiske og sosiale møteplassar på studiestaden. Merk at vi ikkje veit om velferdskandidatane hadde ein relevant jobb i perioden mellom dei to måletidspunkta.

Figur 6. Arbeidsrelevans over tid blant sysselsette velferdskandidatar¹, etter arbeidsmarknadstatus og organisering av utdanninga (firedelt). Prosent

¹ Sysselsettingsstatus per november, både hausten etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021 og 2021/2022 (t) og to år etterpå (t+2).

Yngre velferdskandidatar har oftare relevant jobb

Det er skilnadar i kven som står i relevant arbeid etter alder på velferdskandidatane. Figur 7 viser arbeidsrelevans over tid blant sysselsette velferdskandidatar etter aldersgruppe, der alder er berekna i det året ein fullførte velferdsutdanninga.

Mønsteret er noko likt mellom ordinære og fleksible velferdsutdanningar, kor dei som var 40 år og eldre i størst grad står utanfor relevant jobb i åra etter fullført utdanning. Blant dei eldste velferdskandidatane i ordinære løp, stod 14 prosent av sysselsette utanfor relevant jobb på begge måletidspunkt. Delen er enda høgare for fleksible utdanningar, med 20 prosent utan relevant jobb i same aldersgruppe. Dess yngre velferdskandidatane var på avslutningstidspunktet, jo større del var i relevant jobb åra etterpå.

Det er større variasjonar etter aldersgruppe i dei fleksible løpa enn dei ordinære, når ein ser til delen som var sysselsette på begge måletidspunkt. Det skil 8 prosentpoeng mellom dei yngste og dei eldste frå fleksible velferdsutdanningar som var i relevant jobb ved begge målingar. Differansen er mindre mellom aldersgruppene i dei ordinære utdanningsløpa, med under 4 prosentpoeng i forskjell. Alder verker dermed å ha meir å seie for sysselsetjingsutfall blant kandidatar frå fleksible løp.

Figur 7. Arbeidsrelevans over tid blant sysselsette velferdskandidatar¹, etter arbeidsmarknadstatus, organisering av utdanninga (todelt) og aldersgruppe. Prosent

¹ Sysselsettingsstatus per november, både hausten etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021 og 2021/2022 (t) og to år etterpå (t+2).

Relevans over tid per velferdsutdanning

Under halvparten av sysselsette PPU-kandidatar hadde relevant jobb på begge måletidspunkt, uavhengig av om dei hadde gått eit fleksibel eller ordinært løp. Det ser ut til at denne utdanningstypen ikkje nødvendigvis gjer at den enkelte går inn i relevante stillingar i skuleverket, men truleg finn bruk av utdanninga i andre sektorar. Som vist i figur 3 er sysselsettingsandelen noko lågare for PPU enn for dei andre velferdsutdanningane.

Det stiller seg litt annleis med yrkesfaglærarane. Medan heile 32 prosent av sysselsette frå fleksibel yrkesfaglærarutdanning ikkje har stått i relevant jobb på nokon av måletidspunkta, er det ein større del som er i relevant jobb blant dei som tok yrkesfaglærar som ordinært løp. Første haust etter fullført utdanning var seks av ti med ordinært utdanningsløp i jobb, mot fire av ti yrkesfaglærarar som tok eit fleksibelt løp.

Figur 8. Sysselsette velferdskandidatar¹, etter arbeidsmarknadstatus, type velferdsutdanning og organisering av utdanninga (todelt). Prosent

¹ Sysselsettingsstatus per november, både hausten etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021 og 2021/2022 (t) og to år etterpå (t+2).

Jobb i eiga oppvekstkommune eller studiekommune?

Frå tidlegare analysar veit vi at velferdskandidatar oftare enn andre studentar vel å bli buande på eigen oppvekststad eller nærliggande kommunar (Moafi, 2022; Lervåg, 2023). Det er difor interessant å sjå om det er variasjonar i kvar velferdskandidatane bur og jobbar etter fullført utdanning, fordelt etter utdanninga si organisering.

Figur 9 viser korleis studentar på ordinære løp noko oftare blir buande i same kommune som ein tok utdanninga i, enn dei som har teke fleksibel utdanning. I ordinære løp har ein hatt fysisk undervisning ved ein institusjon i denne studiekommunen, og truleg budd der eller i nærleiken under studietida.

Høgst del som bur i eiga Den kommunen ein budde i ved 16 års alder.finn vi blant velferdskandidatar frå desentrale løp. Heile 56 prosent bur i oppvekstkommunen sin hausten etter fullført velferdsutdanning. Merk likevel at mellom 47 og 48 prosent bur i eiga oppvekstkommune også for dei andre undervisningsformene, noko som utgjer nesten halvparten av alle velferdskandidatane. Dette stemmer godt med funn frå SSB-rapporten Bosetting etter endt utdanning, som fann at velferdskandidatar oftare enn andre kandidatar bur i eiga oppvekstkommune også etter fullført utdanning.

Figur 9. Bustad blant velferdskandidatar¹ per november etter fullført utdanning og organisering av utdanninga (firedelt)². Prosent

¹ Sysselsette per påfølgande november etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021, og 2021/2022 (t).
² For nettstudentar har vi ikkje berekna studiekommune eller studiefylke, då nettstudentar ikkje har ein geografisk tilhøyrsle utanom si eiga bustadkommune i studietida.

Bur velferdskandidatane i kommunen dei jobbar i?

Fleksibel utdanning fører ikkje nødvendigvis til at velferdskandidatane ender opp med jobb i same kommune som dei bur i. Når vi i figur 9 ser til bustadkommune hausten etter fullført utdanning, veit vi ikkje sikkert om dei faktisk har jobb i bustadkommunen sin. Det kan difor vere nyttig å sjå på kor vanleg det er å bu og arbeide i same kommune blant velferdskandidatane.

Samla sett bur 66 prosent av sysselsette velferdskandidatar i same kommune som arbeidsplassen deira. Det betyr likevel at ein av tre bur i ei anna kommune enn dei jobbar i. Kandidatar frå nettstudiar og desentrale løp bur i størst grad i same kommune som dei er sysselsett i, med meir enn sju av ti. Deltidsstudentar har lik fordeling som kandidatar frå ordinære løp, med 65 prosent som bur i same kommune som dei jobbar i.

Tabell 3. Bustad blant sysselsette velferdskandidatar per november etter fullført utdanning¹, etter bustadkommune og organisering av utdanninga (firedelt)
Tabell 3. Bustad blant sysselsette velferdskandidatar per november etter fullført utdanning¹, etter bustadkommune og organisering av utdanninga (firedelt)
TalProsent
StudenttypeI altBur i arbeidskommunenBur i anna kommuneBur i arbeidskommunenBur i anna kommune
Deltid8 4875 5372 95065,234,8
Desentral1 23687036670,429,6
Nett1 04176227973,226,8
Ordinær25 36216 5578 80565,334,7
I alt36 12623 72612 40065,734,3
1Sysselsette per påfølgande november etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021, og 2021/2022.
Standardteikn i tabellar

Det er ikkje nødvendigvis slik at dei fleksible utdanningstypane i større grad fører til at velferdskandidatane tek seg arbeid der dei har vekse opp, sjølv om dei bur i desse kommunane. Lat oss difor også sjå på forskjellar mellom sysselsette og ikkje-sysselsette velferdskandidatar, med kunnskapen om at vel to av tre bur i same kommune som dei er sysselsett i. Figur 10 viser skilnadar i busettingsmønster ut i frå sysselsettingsstatus. Blant sysselsette velferdskandidatar som tok desentral utdanning, var det ein liten del som framleis budde i studiekommunen sin (7 prosent). Blant dei som ikkje var sysselsette var det ingen som fortsette i å bu i studiekommunen blant kandidatar frå desentrale løp.

Ein større del av sysselsette nettstudentar budde i eiga oppvekstkommune hausten etter fullført utdanning, samanlikna med dei som ikkje var i jobb. Det er minst forskjell i busettingsmønster blant deltidsstudentar og dei som tok ordinær utdanning når vi fordeler på sysselsetting. Generelt er det ein noko større del som bur i oppvekstkommunen blant dei som ikkje var i jobb, men fordelinga er nokolunde lik.

Figur 10. Bustad blant velferdskandidatar per november etter fullført utdanning, sysselsettingsstatus¹ og organisering av utdanninga (firedelt)². Prosent

¹ Sysselsette per påfølgande november etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021, og 2021/2022 (t).
² For nettstudentar har vi ikkje berekna studiekommune eller studiefylke, då nettstudentar ikkje har ein geografisk tilhøyrsle utanom si eiga bustadkommune i studietida.

Små skilnadar mellom velferdsutdanningane

Figur 11 viser busettingsmønster blant sysselsette kandidatar i dei ulike velferdsutdanningane, avgrensa til dei som tok fleksibel utdanning. Med unnatak av PPU og sjukepleie budde meir enn fire av ti velferdskandidatar i eiga oppvekstkommune hausten etter dei fullførte fleksibel utdanning. Blant sjukepleiarar og barnehagelærarar budde over ein av tre i studiekommunen eller studiefylket sitt.

Figur 11. Bustad blant sysselsette velferdskandidatar¹ per november etter fullført fleksibel utdanning², etter utdanningstype. Prosent

¹ Sysselsette per påfølgande november etter fullført utdanning i studieåra 2019/2020, 2020/2021, og 2021/2022 (t).
² Nettstudentar er ikkje inkluderte, da desse ikkje har studiekommune/studiefylke.

Detaljert flyttemønster blant velferdskandidatar

Under følgjer to diagram som viser flyttemønster frå oppvekstkommune, via studiekommune og til bustadskommune hausten etter fullført utdanning. Diagramma skil mellom velferdskandidatar i ordinær og fleksibel velferdsutdanning.

Sankey-figurane viser flyttemønsteret til kandidatar med fullført velferdsutdanning: frå oppvekstkommune (til venstre), via studiekommune (i midten), til bustadkommune hausten etter fullført utdanning (til høgre). Kommunane er delt inn i tre kategoriar basert på sentralitet.  Sentralitet 1 og 2 omtalast som sentrale kommuner, sentralitet 3 og 4 som mellomsentrale og sentralitet 5 og 6 som distriktskommunar. Sjå til standard for sentralitet for ytterlegare forklaring.

I nedtrekksmenyen kan ein velje om ein vil sjå på dei som har vakse opp i sentrale-, mellomsentrale- eller distriktskommunar. Første figur viser tal for velferdskandidatar i fleksible utdanningar, og den andre for velferdskandidatar frå ordinære løp.

Breidda på linjene viser kor mange personar som flyttar frå eitt nivå til eit anna. Jo breiare linje, desto fleire personar. Ein kan følgje straumen av kandidatar gjennom dei tre stega for å sjå kvar dei kjem frå, kor dei studerte, og kvar dei budde hausten etter fullført utdanning.

Det er ikkje store skilnadar i flyttemønster mellom velferdskandidatar frå fleksible og ordinære løp. Det er derimot klare skilnadar i flyttemønster ut i frå kor sentralt velferdskandidatane har vakse opp. Det er få utdanningstilbod i distrikta, og difor er det også få som tek utdanninga si der. Fleksible utdanningsmodellar ser likevel ut til å gjere det mogleg for fleire å studere lokalt. Medan 7 prosent av fleksible velferdskandidatar frå distriktet tok utdanninga si i ei distriktskommune, var same del nede i 2,5 prosent hjå kandidatar frå ordinære løp.

Fleirtalet av velferdskandidatane som er oppvaksne i distrikta flyttar til meir sentrale stader for å studere, men rundt halvparten flyttar tilbake til ei distriktskommune etter fullført utdanning. Delen er enda høgare blant dei som også tok utdanninga i distriktet, der sju av ti var busett i ei distriktskommune hausten etter å ha fullført ei velferdsutdanning der. For både fleksible og ordinære velferdskandidatar er det difor tydeleg at lokale utdanningstilbod i distrikta bidreg til at velferdskandidatane blir verande.

For kandidatar frå sentrale og mellomsentrale kommunar er det lite flytting mot distrikta, både når det gjeld utdanning og bustad etter utdanning. Berre 1 prosent av fleksible velferdskandidatar som var oppvaksne i sentrale kommunar studerte i ei distriktskommune. Same del var på 2 prosent for fleksible velferdskandidatar frå mellomsentrale kommunar. Det er tilsvarande låge delar frå sentrale og mellomsentrale kommunar som bur i ei distriktskommune hausten etter fullført velferdsutdanning. Funna bekreftar difor at lokal rekruttering av studentar i distriktskommunane er sentralt for å dekkje kompetansebehova i den lokale arbeidsmarknaden.

Blant velferdskandidatar som vaks opp i sentrale kommunar, var det mest vanleg å ta utdanninga i sentrale kommunar og seinare busette seg i ei sentral kommune etter fullført utdanning (85 prosent). Meir en 70 prosent av velferdskandidatane som var oppvaksne i mellomsentrale kommunar, budde også i ei slik kommune hausten etter fullført utdanning. Dette til trass for at rundt halvparten tok utdanninga i sentrale kommunar.

Artikkelen er finansiert av Kunnskapsdepartementet.