Rapporten tek utgangspunkt i elevar som fullførte vidaregåande med studiekompetanse i 2018, og følgjer desse fram til 2024. Kven byrjar direkte i høgare utdanning, kven ventar nokre år og kven byrjar ikkje i høgare utdanning i perioden? Vi gjer ei årleg kartlegging av aktivitetar som betalt arbeid, førstegongsteneste, privatisteksamen, folkehøgskule samt andre utdanningsaktivitetar. Rapporten følgjer 37 700 ordinære elevar som gjekk ut av vidaregåande opplæring med studiekompetanse i 2018. 98 prosent var 21 år og yngre, og kvinner utgjorde nærare seks av ti av elevane.
Etter oppnådd studiekompetanse i 2018 hadde fire av ti direkte overgang til høgare utdanning, som vil seie at dei byrja i høgare utdanning hausten 2018. Det var mest vanleg med direkte overgang blant elevar som var 22 år og eldre, kvinner, personar med innvandrarbakgrunn, dei som hadde foreldre med utdanning på grunnskulenivå og dei som brukte fleire år på å fullføre vidaregåande. Elevar som fullførte vidaregåande med studiekompetanse på normert tid (3 år) hadde oftare eitt eller fleire års opphald mellom fullført vidaregåande og oppstart i høgare utdanning.
Til og med hausten 2020 hadde 84 prosent av populasjonen byrja i høgare utdanning. Alle som byrja etter dette er rekna å ha sein overgang. Personar med sein overgang til høgare utdanning utgjer 3 150 personar blant dei 37 700 som fekk studiekompetanse i 2018. Ytterlegare 2 800 personar starta aldri i høgare utdanning i måleperioden (2018-2024). I sum betyr dette at det store fleirtalet av personar som går ut av vidaregåande med studiekompetanse ender opp med å starte i høgare utdanning innan sju år etter oppnådd studiekompetanse.
Rapporten følgjer populasjonen for kvar haust dei ikkje hadde byrja å studere. Kartlegginga av hovudaktivitet syner ulike mønstre, til dømes at eldre personar oftare var NEETs (ikkje i arbeid, utdanning eller på arbeidsmarknadstiltak) eller stod i anna utdanning hausten etter oppnådd studiekompetanse samanlikna med yngre personar. Medan førstegongsteneste og folkehøgskule var typiske aktivitetar for mange hausten 2018 og 2019, er det sysselsetting og anna utdanning som var hovudaktivitetane som auka mest i åra etterpå.
Blant dei som venta minst tre år med oppstart i høgare utdanning, var det mest vanleg å sjå kombinasjonar av sysselsetting, førstegongsteneste og privatisteksamen kvar haust. Dette var hovudaktivitetar blant vel ein av tre personar med sein overgang. Blant dei som aldri starta i høgare utdanning i måleperioden, finn vi at 20 prosent var sysselsett hausten 2018, 2019 og 2020.
Det er også skilnadar i hovudaktivitet ut i frå kor sein overgangen til høgare utdanning er. Det var meir vanleg å vere privatist hausten 2021 og 2022, medan dei som hadde overgang til høgare utdanning i 2023 og 2024 oftast hadde sysselsetting som hovudaktivitet året før oppstart, med 61 og 62 prosent. Om vi ser til ei fullteljing av aktivitetar var sysselsettinga høg blant alle med sein overgang, med mellom 75 og 84 prosent sysselsette året før oppstart i høgare utdanning.
Personar med sein overgang søker seg i liten grad inn på høgare utdanning. Av dei som ikkje byrja i høgare utdanning innan hausten 2021, søkte 28 prosent om opptak same år. Delen som søker minkar gradvis kvar haust. Blant dei med sein overgang som byrja i høgare utdanning hausten 2021 og 2022, finn vi at meir enn seks av ti søkte seg inn på høgare utdanning også året før.