Opplæringslova (lovdata.no) seier at grunnskoleelevar har rett til å «gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til». Men kor langt unna ligg skolen for norske elevar?

SSB har berekna kor lang Køyreavstand: Køyreavstand er eit mål for talet på kilometer eller minutt frå bustadadressa til eleven til skolen dei er registrerte på. elevar i 5. trinn og 10. trinn har frå bustaden sin til skolen dei går på i kilometer og minutt.  

Nokon elevar har rett på gratis skyss til skolen. Det kan være på grunn av funksjonshemming eller sjukdom, særleg farleg eller vanskeleg veg eller lang skoleveg. Elevar i 5. trinn og 10. trinn har rett på skoleskyss viss dei har meir enn 4 km frå inngangsdøra heime til inngangsdøra på skolen.

Sidan SSB har berekna den raskaste ruta frå elevane si bustadadresse til skolen med bil, er det ikkje mogleg å seie noko om elevane si reise til skolen i praksis. SSBs berekningar viser kor langt elevane bur frå skolen dei går på.

Informasjon om elevar på 5. trinn er henta frå data om nasjonale prøver per november (2009, 2014, 2019). Informasjon om elevar på 10. trinn er henta frå data om karakterar etter avslutta grunnskole per august (2010, 2015, 2020). Du kan lese meir om karakterar og nasjonale prøvar her (ssb.no).

Elevane sine bustadskoordinatar er henta frå Matrikkelen.

Eksempel (skoleår 2009/2010): Datering av bustadskoordinatar per 1.1.2010, av nasjonale prøvar per november 2009 og av karakterar avslutta grunnskole per august 2010.

 

5. trinn

2010 - 58 409 elevar (98,5% med koordinatar) 

2015 - 58 886 elevar (98,2% med koordinatar)

2020 - 63 461 elevar (97,9% med koordinatar) 

 

10. trinn

2010 - 56 180 elevar (98,6% med koordinatar)

2015 - 55 781 elevar (96,3% med koordinatar) 

2020 - 56 251 elevar (98,0% med koordinatar) 

 

Koordinatane til skolane er henta frå Verksemd- og føretaksregisteret (VoF). Skolane som mangla koordinatar vart manuelt registrerte.

Elevar i 10. trinn hadde lengre gjennomsnittleg køyreavstand til skolen enn elevar i 5. trinn i heile perioden som vart undersøkt. Halvparten av elevane i 5. trinn hadde under 1,6 km til skolen med bil. For elevane på 10. trinn var køyreavstanden til skolen på 5 km. Årsaka til at avstanden generelt er kortare for elevar på barneskolen (5. trinn) enn på ungdomsskolen (10. tinn) er at det finst fleire barneskolar enn ungdomsskolar. For mange av elevane vil avstanden til skolen bli lengre når dei begynner på ungdomsskolen.

Køyreavstanden for elevane vil samstundes variere mykje avhengig av kva for eit fylke skolen ligg i.

Koroplettkart som viser kor lang køyretid (minutt) og køyrelengd (kilometer) til næraste skole i 2020. Jo lengre tid/avstand, jo mørkare gråblå fargenyanse, jo kortare tid/avstand, jo mørkare grøne fargenyanse.

Ved sidan av kartet er det ein persentilfordeling av tala etter fylke.

Bruksanvisning:

Bruk filteret «Sentralmål» for å endre tid/avstand ut frå andre sentralmål som for eksempel 10. persentil, 90. persentil eller gjennomsnitt. Du kan òg veksle mellom 5. og 10. trinn, samt endre år til 2010 eller 2015.

Du kan lese av verdiar ved å flytte markøren over kommunane.

Nedst til høgre finn du ikon for å dele visualiseringa med andre, anten som URL eller kode for å bygge inn visualiseringa. Du kan òg dele ein skreddersydd visning. Klikk på nedlastingsikonet for å laste ned som bilete (.png, .pdf, .ppt) eller dataa (.xls eller .csv).

Metainformasjon:

Alle opplysningar om tala finst i artikkelen.

Talgrunnlag:

Last ned talgrunnlaget som XLSX-fil.

Tilgjengelegheit:

I denne interaktive visualiseringa prøver vi ut presentasjon av tal frå Statistisk sentralbyrå på ein alternativ og visual måte, og løysinga kan reknast som ein pilot. Vi har lagt vekt på å utvikle slike visualiseringar med relativt lite ressursinnsats og brukt tredjepartsverktøy (her: Tableau Public). Hensikta er å få erfaring med nye formidlingsformer, samt få innspel frå brukarar.

Tjenesten er optimalisert for større skjermar, og det kan vere interaktivitet som ikkje er like brukarvenleg på mobile klientar. Verktøyet oppfyller dei fleste krava til universell utforming, men datavisualiseringar er i seg sjølv mest anvendeleg for personar med synssans. Send ein forespørsel til kontaktpersonane dersom du ønskjer tilgang til dette innhaldet på ein alternativ måte.

Køyretida og -avstanden er berekna langs veg (inkludert bilferjer) frå bustadadressa til eleven fram til skolen dei er registrerte på (i minutt eller kilometer).

Avstandsberekningane er gjort i ArcGIS Network Analyst. Vegnettet som har vorte nytta for å berekne køyrerutene i denne analysen er NVDB Ruteplan nettverksdatasett, lasta ned frå Geonorge. Dette er vegnettet som Statens vegvesen brukar i si ruteplanteneste. Alle veglenkjer har fått angjeve fart og lengd slik dei er definerte av Statens vegvesen, og det er ikkje gjort endringar i vegnettet i vår analyse.

Det er vanskeleg å berekne køyretider heilt presist for område som er avhengige av ferjesamband. Dette er fordi ferjene har varierande avgangstider og fart. Derfor må køyretidene i analysen bli tolka som berekna køyretid og ikkje faktisk køyretid.

Elevar med ei berekna køyretid til skolen på meir enn 60 minutt er fjerna frå populasjonen. Dei høge køyretidene kan være grunna at eleven er busett på øyer utan bruforbindelse eller bilferje eller at eleven har flytta til ei anna adresse. Frå populasjonen som inkluderer alle årgangane og begge trinn, vart totalt 9 104 elevar med over 60 minutt køyretid fjerna.

For å kunne samanlikne fylka mellom 2010, 2015 og 2020 til tross for regionreform, viser vi tal for fylka etter den gjeldande inndelinga.

Du kan lese meir om fylkesinndelinga her (ssb.no).

Lengst reiseveg for elevar i Innlandet

Spennet i median køyreavstand til skolen for elevar i 5. trinn i 2020 strekker seg frå 1,1 km i Oslo, til det dobbelte i Innlandet. For elevar på 10. trinn – der avstandane er generelt lengre enn for elevar på 5. trinn – går spennet frå 4,5 km i Oslo til 6,6 km i Innlandet.

I alle årgangar, for både 5. og 10. trinn, har elevar som går på skole i Innlandet lengst median køyreavstand i kilometer. Ein av ti 10-klassingar som gjekk på skole i Innlandet i 2020 hadde over 30 km i køyreavstand og ei berekna køyretid på 32 minutt.

For 5-klassingane som gjekk på skole i Troms og Finnmark i 2020 var også køyreavstanden til skolen lengre enn i dei resterande fylka. Sjølv om halvparten av elevane hadde ein køyreavstand på under 1,5 km, hadde ein av ti elevar over 8,2 km til skolen.

Sjølv om median køyreavstand for elevar på 10. trinn var lengst i Innlandet, hadde 10-klassingane som gjekk på skole i Møre og Romsdal i 2020 nesten like lang køyreavstand. Median køyreavstand for 10-klassingane i Møre og Romsdal var 6 kilometer og berekna køyretid var 8,5 minutt. Spennet i køyreavstand var også veldig stort i dette fylket. Ein av fire elevar hadde under 2,2 km til skolen, samstundes som ein av fire elevar hadde over 17 km i køyreavstand. 

Oslo er fylket med gjennomgåande kortast køyreavstand, og der spennet mellom elevane med kortast og lengst køyreavstand til skolen var minst. Halvparten av 10-klassingane i Oslo i 2020 hadde under 4,5 km til skolen og halvparten av 5-klassingane hadde under 1,1 km.

Den berekna køyretida og -avstanden er uttrykt ved median- og gjennomsnittsverdiar. Viss ein set alle køyretidene opp i stigande rekkjefølgje, vil medianen utgjere verdien i midten. Med andre ord vil halvparten av elevane i eit gitt område ha kortare køyretid enn medianverdien, medan den andre halvparten vil ha lengre køyretid.

Gjennomsnitt er eit anna mål ein ofte nyttar for å vise kva verdiar som er «vanlege» i eit datamateriale. Gjennomsnittleg køyretid finn vi ved å summere alle køyretidene for så dele på talet på observasjonar.

Median køyreavstand i 2020 for 5. trinn i heile landet er 1,5 km, medan gjennomsnittleg køyreavstand er 2,7 km. Dette illustrerer at gjennomsnittsverdiar er meir sensitive enn medianverdiar for ekstremverdiar som kan trekkje gjennomsnittet opp eller ned. Det er derfor lurt å sjå på fleire statistiske mål for å få eit betre bilete av køyretider i eit gitt område.

For å få eit endå meir detaljert bilete av køyretidene i eit gitt område kan ein også sjå på øvre og nedre kvartil. Kvartilane betyr at 25 prosent av køyretidene er lågare enn eller likt nedre kvartil, og tilsvarande at 25 prosent av køyretidene er høgare enn eller likt øvre kvartil. Mellom desse kvartilane finn ein resten av alle køyretidene.

Kortast køyreavstand til dei mest sentrale skolane

Kor sentrale norske kommunar er, har også noko å seie for kor lang køyreavstand det er frå bustad til skole.

Figur 1 viser gjennomsnittleg berekna køyreavstand for elevar i 5. klasse fordelt etter sentralitet på skolekommune. Elevar i dei mest sentrale områda har kortast køyreavstand, 1,9 kilometer. Køyreavstanden aukar jo mindre sentral kommunen er. For elevar på dei minst sentrale stadane ligg den i snitt på omkring 5 kilometer. Der finst det fleire elevar som har særleg lang køyreavstand til skolen.

Figur 1. Gjennomsnittleg og median berekna køyreavstand i kilometer frå bustad til skole for elevar i 5. klasse, etter sentralitet på skolekommune

Statistisk sentralbyrå (SSB) sin sentralitetsindeks er eit mål på kor sentrale norske kommunar er. Sentralitet blir berekna basert på reisetid til arbeidsplassar og servicefunksjonar. Verdiane går frå 1 til 6, frå det mest sentrale til det minst sentrale. Ei oversikt over alle norske kommunar sin sentralitetsverdi finst i Standard for sentralitet (ssb.no).

Inndeling:

  • Sentralitet 1 (mest sentralt): Inkluderer Oslo, Nordre Follo, Bærum, Rælingen, Lørenskog og Lillestrøm
  • Sentralitet 2: Inkluderer for eksempel Bergen, Trondheim, Stavanger, Asker og Drammen
  • Sentralitet 3: Inkluderer for eksempel Bodø, Kristiansand, Stjørdal, Sandefjord, Kongsvinger og Ålesund
  • Sentralitet 4: Inkluderer for eksempel Vennesla, Sør-Odal, Sula, Verdal og Karmøy
  • Sentralitet 5: Inkluderer for eksempel Vestnes, Hemsedal, Åsnes, Sirdal og Sørreisa
  • Sentralitet 6 (minst sentralt): Inkluderer for eksempel Utsira, Lødingen, Askvoll og Tysnes

Figur 2 viser også gjennomsnittleg berekna køyreavstand, men for elevar i 10. klasse. Avstanden frå heim til skule for desse elevane er betrakteleg større. Årsaka er at det finst langt fleire barneskolar enn ungdomsskolar (ssb.no), og når elevane startar på ungdomsskolen, vil køyreavstanden til skolen kunne bli lengre.

I dei mest sentrale områda er gjennomsnittleg køyreavstand for 10-klassingane på 5,8 km i 2020. I dei minst sentrale kommunane er den opptil tre gongar større, samstundes som køyreavstanden har blitt lengre frå 2010 til 2020. I 2010 låg den på 15,4 km og i 2020 på 17,2 km.

Figur 2. Gjennomsnittleg og median berekna køyreavstand i kilometer frå bustad til skole for elevar i 10. klasse, etter sentralitet på skolekommune

Median køyreavstand for 5-klassingane i dei mest sentrale områda var 1,2 km i alle dei tre åra. Det vil seie at halvparten av elevane i Oslo og omkringliggjande kommunar budde 1,2 km eller mindre i køyreavstand frå skolen. I dei minst sentrale kommunane låg medianen på om lag 2 km. For elevane på tiande trinn var median køyreavstand på mellom 4 og 4,6 km i Oslo og kommunane rundt, medan den var dobbelt så stor på dei minst sentrale stadene.

Elevar ved mindre skolar har lengst køyreavstand

Jo mindre skolen er, dess større er gjennomsnittleg køyreavstand frå elevanes bustad. Dette har samanheng med at mange av dei minste skolane ligg mindre sentralt og at elevane i dessa områda bur meir spreidd.

Figur 3 viser at gjennomsnittleg køyreavstand for elevar i mindre skolar var 4,3 km i 2010 og auka til 4,8 km ti år seinare. Køyreavstanden for elevar i store skolar med 300 eller fleire elevar var halvparten så lang og haldt seg stabilt frå 2010 til 2020.

Figur 3. Gjennomsnittleg og median berekna køyreavstand i kilometer frå bustad til skole for elevar i 5. klasse, etter storleik på skolen

Ser vi på medianverdiane, hadde halvparten av elevane som gjekk i 5. trinn i mindre skolar ein køyreavstand til skolen på 2,2 km eller mindre i 2010. Denne auka noko i 2020 da den låg på 2,6 km. For halvparten av elevane i dei store skolane låg køyreavstanden uforandra på 1,4 km eller mindre i dei tre åra. 

I figur 4 ser vi gjennomsnittleg køyreavstand for elevar i 10. trinn. Også her har elevane i dei mindre skolane den lengste køyreavstanden, og den er aukande frå 2010 til 2020. I 2020 er den på 17 km. For elevar i dei store skolane ligg den gjennomsnittlege køyreavstanden jamt over på om lag 7 km. 

Figur 4. Gjennomsnittleg og median berekna køyreavstand i kilometer frå bustad til skole for elevar i 10. klasse, etter storleik på skolen

Median køyreavstand for 10-klassingar i dei mindre skolane var 8,7 km i 2015 og auka til 12,4 km i 2020. For elevar i dei store skolane var køyreavstand til skolen mykje mindre: Halvparten av elevane hadde 4,3 km eller mindre i køyreavstand i 2020.

Delfinansiering: Prosjektet denne artikkelen er basert på, er delfinansiert av Eurostat (grants agreement 101033952 2020-NO-GEOS).