I januar 2026 kosta eit Undersøkinga måler månedssatsar for fulltidsopphald på 41 timer eller meir per veke. i barnehage i gjennomsnitt 997 kroner i månaden. Kostpengar og andre tilleggsutgifter var i snitt 428 kroner. Ved å ta utgangspunkt i 11 betalingsterminar kosta eitt års fulltidsopphald i barnehage dermed 15 671 kroner på landsbasis i januar 2026. Dette er ein nedgang på 31,3 prosent samanlikna med året før.

– Nedgangen i foreldrebetaling i barnehagar kjem i hovudsak av at maksprisen vart redusert frå 2 000 kroner til 1 200 kroner frå 1. august i fjor. For landets minst sentrale kommunar vart maksprisen redusert frå 1 500 kroner til 700 kroner, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Det er andre året på rad at maksprisen blir kraftig redusert. 1. august 2024 vart maksprisen kutta frå 3 000 kroner til 2 000 kroner og til 1 500 kroner for dei minst sentrale kommunane. Sidan januar 2024 har den gjennomsnittlege årsprisen på eit fulltidsopphald i barnehage gått ned med 50 prosent på landsbasis.

Frå januar 2025 til januar 2026 auka kostpengar og andre tilleggsutgifter i snitt med 4,6 prosent. Dette dempar den prosentvise nedgangen i foreldrebetaling i barnehagar.

Lågast i nord, høgast i aust

Finnmark var fylket med lågast berekna gjennomsnittleg årsbetaling på 4 279 kroner i januar 2026. Den låge årsbetalingen kan forklarast med at det blei innført gratis barnehage for alle kommunar i Innsatssona er eit samla omgrep for økonomiske personretta og næringsretta verkemiddel i Finnmark og Nord-Troms. Målet med sona er å skape ein attraktiv region å bu, arbeide og drive næringsverksemd i (regjeringen.no). med verknad frå 1. august 2023. Årsbetalinga i Finnmark består dermed kun av kostpengar og andre tilleggsutgifter.

Sett bort frå Finnmark var det Nordland som hadde lågast gjennomsnittleg årsbetaling på 14 094 kroner per januar 2026. Østfold var fylket med høgast årsbetaling, der eitt års fulltidsopphald i snitt kosta 16 703 kroner. Rett bak finn vi Akershus, med eitt snitt på 16 605 kroner.

– Det er fylka på det sentrale austlandet som i snitt har høgast årsbetaling i barnehage. Ei årsak er at der er det få eller ingen kommunar som er rekna som usentrale og derfor ikkje omfatta av ordninga med redusert makspris, seier Espen Kristiansen.

Figur 1. Gjennomsnittleg årsbetaling for eit barn, etter fylke. Alle barnehagar. Januar 2026. Kroner

Per januar 2026 er det 34 kommunar som tilbydde gratis barnehage, der 25 av desse ligg i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms. Dei ni andre kommunane har i løpet av dei siste åra innført gratis barnehage på eige initiativ. Alle desse ni ville elles vore omfatta av redusert makspris då dei er rekna for å være mindre sentrale distriktskommunar.

Om lag 13 prosent av norske barnehagebarn bur i ein kommune med redusert makspris eller gratis barnehage.

Kostpengane auka

I snitt kravde barnehagane inn 426 kroner i kostpengar per januar 2026. Dette er 4,7 prosent meir enn året før.  

98 prosent av dei kommunale barnehagane rapporterte at dei kravde inn kostpengar per januar 2026, mens det var 95 prosent av dei private barnehagane som gjorde det. Private barnehagar kravde i snitt inn meir i kostpengar enn dei kommunale, der snittprisane var høvesvis 433 kroner og 377 kroner.

– Me ser at differansen i kostpengar som blir kravd inn av kommunale og private barnehagar har blitt mindre dei siste åra. Per januar 2026 var betalte kostpengar i private barnehagar i snitt 15 prosent høgare enn i kommunale barnehagar, mens denne differansen var 46 prosent i januar 2021, seier Espen Kristiansen.

Det var foreldre i Finnmark som betalte minst i kostpengar per barn i januar 2026, i snitt 386 kroner i månaden. I andre enden finn vi Østfold og Akershus, der barnehagane kravde inn landets høgaste kostpengar, høvesvis 461 kroner og 460 kroner i månaden.

I utrekninga av gjennomsnittssatsane er det teke omsyn til betalingsmoderasjonar som gratis kjernetid, søskenmoderasjon og friplassar. Dette er vekta med talet på barn som faktisk mottar dei ulike moderasjonane i kommunane. Sidan foreldrebetalinga er knytt til hushaldningas inntektsnivå, vil ei endring i betalingssatsane spegle både endringar i barnehageordningane til kommunane og endringar i bruttoinntekta til barnefamiliar.

Endringar i samansetjinga av familiar, til dømes at fleire eller færre får søskenmoderasjon frå eitt år til det neste, vil òg påverke dei gjennomsnittlege satsane. På same måte vil ulike gjennomsnittlege satsar på tvers av fylke spegle skilnader i inntektsfordelinga og familiesamansetjinga til barnefamiliar mellom fylka.