Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 6,7 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i juli i år. Ein auke på 0,9 prosent frå juli i fjor.

Det var i juli 4,5 millionar norske overnattingar, som er eit fall på heile 26 prosent i høve til juli i fjor. Tal frå reiseundersøkinga syner at talet på nordmenns reiser til utlandet i 2. kvartal i år er tilbake på same nivå som før pandemien.

– Det var ingen gjentaking av dei siste to års svært høge tal på norske overnattingar, men nivået på norske overnattingar er framleis høgare enn før pandemien. Etter at reiserestriksjonane vart tatt bort ser det ut som om nordmenn igjen nytta høve til å reise utanlands, seier førstekonsulent Boyd Oyier i SSB.

Etter to år med reiserestriksjonar og markant færre utanlandske gjestar vendte især tyske, nederlandske og svenske gjestar tilbake til Noreg. Gjestar frå desse landa bidrog til om lag halvparten av dei 2,2 millionar utanlandske overnattingane i juli i år.

Korrigert for Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad. fall talet på overnattingar på hotell, campingplassar og vandrarheimar med 1,1 prosent frå førre månad. Dei norske overnattingane fall med 3,9 prosent, medan det var ein sesongjustert oppgang på 0,9 prosent for utanlandske overnattingar. Sesongjusterte norske overnattingar er no på same nivå som før pandemien, medan sesongjusterte utanlandske overnattingar framleis ikkje er på same nivå.

Figur 1. Sesongjusterte overnattingar. Norske og utanlandske. Januar 2019- juli 2022

Fleire hotellovernattingar enn i juli i fjor

På hotella var det 3,3 millionar overnattingar i juli. Dette er ein auke på 8,2 prosent samanlikna med juli i fjor, og er med det den nest beste juli månad i statistikkens historie.

Auken for hotellovernattingar skuldast ein femdobling i talet på utanlandske overnattingar. Det var ein oppgang i utanlandske overnattingar i alle fylka samanlikna med juli i fjor, og størst var auken i Vestland og Oslo.

Norske overnattingar på hotell fall med 20 prosent, og det var ein nedgang i alle fylka, unntatt Viken og Oslo. Dei største bidraga til nedgangen i norske hotellovernattingar kom frå Vestland og Innlandet.

Figur 2. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke. juli 2021 – juli 2022
Kjelde: Overnattingar, Statistisk sentralbyrå og Kartverket.

Høgare priser på hotellovernattingar

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet. ved hotella var på 2,2 milliardar kroner i juli i år. Samanlikna med juli 2019 har losjiomsetninga auka med 27 prosent medan talet på overnattingar har gått ned 2,5 prosent.

– Prisen på hotellrom har aldri vore høgare enn i juni og juli i år, seier Boyd Oyier.

Gjennomsnittsprisen på hotellrom var 1270 kroner, dette er 32 prosent høgare enn i 2019. Samanlikna med juli 2021 var gjennomsnittsprisen per rom om lag uendra, men det var store regionale skilnader. Det var ein stor auke i prisane på Svalbard og i Oslo, medan prisane har gått mest ned i Agder, Vestfold og Telemark. For dei andre fylka var det mindre endringar.

Stor nedgang i norske gjester på campingplassar og hyttegrender

Totalt var det 2,8 millionar overnattingar på campingplassane, ein nedgang på 8,5 prosent frå juli 2021. Det var 1,9 millionar norske overnattingar ein nedgang på heile 893 000. Talet på utanlandske overnattingar auka med 634 000.

I juli i fjor var det rekordmange overnattingar på campingplassane kor 2,8 av 3 millioner overnattinger var norske. I år meldte campingplassene god dekning av utanlandske gjester, særleg frå Tyskland og Nederland. Men dette vog ikkje opp for den store nedgangen blant nordmenn, seier Boyd Oyier.

Totalt var det 614 000 overnattingar ved Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheim., ein auke på 13 prosent frå juli 2021. Norske overnattingar avtok også her, medan utanlandske overnattingar auka.

Figur 3. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring mot same månad året før

I samsvar med definisjonar frå Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av juli, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 5 000 og 10 000 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i juli månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.