13044_om_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/repi/kvartal
13044_om
statistikk
2009-02-12T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Virksomheter, foretak og regnskap
no
true

Rengjøringsvirksomhet, prisindeks4. kvartal 2008

Innhold

Om statistikken

Definisjoner

Navn og emne

Navn: Rengjøringsvirksomhet, prisindeks
Emne: Priser og prisindekser

Ansvarlig seksjon

Seksjon for bygg- og tjenestestatistikk

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Prisen som blir måla i denne indeksen, er fakturert pris på reingjeringskontraktar, eksklusive meirverdiavgift. Det er langvarige kontraktar på faste oppdrag innafor tradisjonelle reingjeringstenester. Kontraktane skal vere representativ med omsyn på omsetning for kvar bedrift. Vi ber også om at ei eventuell prisendring fordelast på endring i volum eller andre element i kontraktane og ei rein prisendring.

Omsetnaden som nyttast i vektgrunnlaget hentast anten frå strukturstatistikken, skattedirektoratets oppgåveregister eller frå skjemadata. Meirverdiavgift er ikkje med i tala.

Standard klassifikasjoner

Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2002) i Statistisk sentralbyrå byggjer på EU sin standard NACE Rev 1.1. Denne finn ein her: EU-standard . Næringsgruppa reingjeringsverksemd har kode 74.7.

Standard for CPA koder 2002 er ei produktgruppering som er nært knytt til næringsgrupperingen i NACE Rev 1.1. Standarden omhandlar karakteristiske produkt innan kvar næring. Statistikken omhandlar produktgruppa: Alminneleg reingjeringsverksemd (74.70.13) .

Administrative opplysninger

Regionalt nivå

Berre på nasjonalt nivå

Hyppighet og aktualitet

Frekvens: Kvartalsvis

Aktualitet: Statistikken publiserast innan 12 veker etter kvartalets utløp

Internasjonal rapportering

Statistikken blir rapportert til EUROSTAT.

Lagring og anvendelse av grunnlagsmaterialet

Mikrodata, informasjon om utvalseiningar og populasjon blir lagra mellombels i programspråket SAS og blir langtidslagra som tekstfiler.

Bakgrunn

Formål og historie

Føremålet med prisstatistikken er å måle prisutviklinga i marknaden for reingjeringstenester. Vidare vil prisstatistikken bli nytta til deflatering i Nasjonalrekneskapen. Statistikken følgjer EU sin forordning om korttidsstatistikk.

Statistikken blei publisert for første gong i 2007, med tal tilbake til 4. kvartal 2004.

Brukere og bruksområder

Statistikken blir nytta i analyse og overvaking av pris- og kostnadsutviklinga i næringa, samt i Nasjonalrekneskapen. Den blir og nytta av andre aktørar med interesse for reingjeringsnæringa, som til dømes forskings- og utgreiingsinstitusjonar og media.

Sammenheng med annen statistikk

Indeksen blir nytta i Nasjonalrekneskapen. Det blir og produsert ein omsetnadsindeks for næringa, sjå: Omsetnadsindeks . Strukturstatistikken for næringa finner ein på: Strukturstatistikken . Det er ein skilnad i deltajeringsnivå på førebelse tal og endelege tal i desse statistikkane.

Lovhjemmel

Statistikklova § 2-1, 2-2 og 2-3.

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) av 6. juli 2005 om endring av rådsforordning (EF) nr. 1165/98 om korttidsstatistikk.

Produksjon

Omfang

Populasjonen er alle bedrifter i Noreg med næringa reingjeringsverksemd (SN2002:74.7). Bedrift er den statistiske eininga. Innafor næringa reingjeringsverksemd er det ulike tenester. Denne statistikken er avgrensa til berre å omfatte alminneleg reingjeringsverksemd.

Datakilder og utvalg

Til danninga av utvalet blir Bedrifts- og føretaksregisteret nytta. Prisane hentast inn frå bedriftene via ein egen skjemaundersøking. Omsetnaden til bedriftene blir henta frå strukturstatistikken, skattedirektoratets oppgåveregister og skjemadata. Årsaka til at vi nyttar ulike kjelder er for å halde oppgåvebyrda lågast mogleg.

Frå populasjonen blir det trekt eit utval på om lag 90 bedrifter. Vi delar bedriftene inn i grupper etter størrelse, målt ved talet på tilsette. Vi kallar gruppene for størrelsesstrata. Vi nyttar så eit PPS-utval (Probability Proportional to Size) når vi trekk utvalet av bedrifter, det vil si at utvalet vil ha ein overvekt av dei største bedriftene i næringa. I neste omgang vel bedriftene sjølv ut kontraktar dei meiner er representativ for deira verksemd.

Datainnsamling, editering og beregninger

I tillegg til registerdata blir spørjeskjema nytta for å hente inn data frå utvalet. Vi tilbyr både papir- og elektronisk spørjeskjema. Skjemaet blir sendt ut i etterkant av statistikkvartalet. Oppgåvegjevar har ein svarfrist på tre veker. Er ikkje oppgåva kome inn, blir det sendt ut ei purring med varsel om tvangsmulkt. Ny frist er ei veke. Er ikkje oppgåva då kome inn, blir det fatta vedtak om tvangsmulkt. Etter at tvangsmulkt er vedteke, har oppgåvegjevar nok ei veke på å sende inn oppgåva.

Papirskjema blir lest optisk, mens dei elektroniske skjemaa blir automatisk lasta inn. Deretter blir alle oppgåvene manuelt og maskinelt kontrollert og revidert. Blant anna blir prisendringar som verker urimelege, kontrollert nærare med oppgåvegjevar.

For kvar bedrift i utvalet blir det rekna ut ei prisendring per kontrakt. Det blir deretter utrekna delindeksar for kvart størrelsesstrata, og til slutt ein total indeks der alle bedrifter er medrekna. Vektene som blir nytta, er omsetnaden i næringa. Vi nyttar ein kombinasjon av omsetnaden fordelt på bedrift og omsetnad fordelt på bedrift og tenestetype. Bedriftene blir delte inn i fem strata ut i frå talet på tilsette. Indeksen er ein fastvektsindeks, nærare bestemt ein Young-indeks. Vektene vil haldast faste for ein periode på eit år, og vil bli oppdaterte i samband med den årlege rulleringa av utvalet. Vi byter prisbasis i kvar periode for at vi skal få med nye kontraktar i berekningane utan å måtte berekne og nytte ein fiktiv basispris (imputering). Vi kjedar indeksen og dannar den publiserte indeksen.

Konfidensialitet

Det er ikkje mogleg å identifisera bedriftssensitiv informasjon ut i frå statistikken.

Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarar vil skje i samsvar med krav stilt av statistikklovas føresegn. Opplysningane vil bli tatt vare på og mogleg gjorde til inkjes på ein forsvarleg måte.

Sammenlignbarhet over tid og sted

Indeksserien går tilbake til 4. kvartal 2004 og det er nytta same berekningsmetode for heile perioden.

Nøyaktighet og pålitelighet

Feilkilder og usikkerhet

Oppgåvegjevar kan ha fylt ut skjemaet feil. Det er spesielt to kjelder til målefeil. Den eine er at oppgåvegjevar oppgjer same pris til tross for at det har vore ei prisendring mellom to kvartal. Den andre er at oppgåvegivar ikkje gjev opp kva ei eventuell prisendring skyldast, at det er gjeve opp feil årsak til prisendringa eller at prisendringa er fordelt feil. I begge døme blir oppgåvegjevar kontakta viss det er mistanke om målefeil. Data blir også kontrollert i samband med at skjema blir lese optisk. Generelt sikrar produksjonsrutinane at det blir utført kontrollar både på detaljert nivå og høgreliggjande nivå.

Som i alle skjemabaserte undersøkingar er det fråfall, enten fordi oppgåvegjevar ikkje returnerer skjema (totalfråfall), eller at skjemaet er mangelfullt (partielt fråfall). Svarprosenten på undersøkinga er om lag 95 prosent.

Utvalet på 90 bedrifter utgjer om lag fire prosent av bedriftspopulasjonen i næringa, og dekkar om lag 50 prosent av omsetnaden. Utvalsskakke og utvalsvarians er ikkje berekna då dei kan reknas som uegna som usikkerheitsmål for estimeringa av prisstatistikken. Ein prisindeks må reknas som eit estimat på den generelle prisutviklinga, innafor det området prisindeksen dekkjer. Dette gjeld også om ein hadde hatt med alle tenester og bedrifter som inngår i populasjonen. Sia prisindeksen er ein estimator får vi usikkerheit sjølv om vi har fullteljing. Samstundes vil vi ikkje kunne berekne ein korrekt utvalsfeil da vi nyttar ein tostegs utvalsplan med representanttenester i siste steg.

Vi har ei stokastisk tilnærming i berekninga av denne prisstatistikken. Vi bereknar derfor modellvarians. Med modellvarians meinar vi her variasjon i prisrelativa som inngår i gjennomsnittet som gjer oss elementærindeksane. Variasjonen vi målar påverkast i hovudsak av variasjon i enkelte prisobservasjonar (gitt basisprisar), samt talet på prisobservasjonar som inngår i ein elementærindeks. Vi må ha minimum to prisobservasjonar i ein elementærindeks for å få berekna variasjonen for elementærindeksen. Vi reknar ut modellvarians på alle nivå i statistikken, frå elementærindeksane til den endelege prisindeksen.

Periode

Indeks

Standardavvik

Nedre grense

Øvre grense

1. kvartal 06

100,9

0,35

100,2

101,7

2. kvartal 06

104,3

0,27

103,7

104,8

3. kvartal 06

105,2

0,27

104,6

105,7

4. kvartal 06

106,2

0,31

105,6

106,9

Gitt modellen vi har valt for denne indeksen, med tilhørande føresetnadar, har vi rekna ut eit konfidensintervall. Intervallet gjev oss eit anslag på kva vi med 95 prosent sannsyn trur at indekstalet skal ligge innafor. Vi reknar ut intervallet ved å ta indekstalet og trekker frå eller legger til standardavviket multiplisert med talet 2. Det gjer oss nedre og øvre grense i tabellen under.