Trass i at talet på frå fag- og forskingsbiblioteka gjekk ned samla sett i 2020, auka talet på utlån frå spesialbibliotek ved helseinstitusjonar frå 112 600 i 2019 til 167 600 i 2020, ein oppgang på 49 prosent.

Bibliotek ved vitskapelege høgskolar og bibliotek ved høgskolar hadde størst nedgang i talet på utlån i 2020 samanlikna med året før, henholdsvis 37 og 36 prosent. Bibliotek ved universitetet hadde ein nedgang på 34 prosent. Nedgangen i talet på utlån kan sest i samanheng med at lærestadane var nedstengt i delar av 2020 grunna koronapandemien.

Figur 1. Talet på utlån¹, etter typer fag- og forskningsbibliotek utenom Nasjonalbiblioteket. 2017-2020

¹ Utlånstala er ein summering av fysiske førstegongsutlån til primærbrukarar og andre, inkludert førstegongs fjernlån. ² Fag- og forskingsbibliotek, utanom Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket skil seg ut med anna status og andre oppgåver. Ser vi nærare på talet på fysiske utlån, viser det seg at òg Nasjonalbiblioteket hadde ein nedgang i talet på fysiske utlån på 36 prosent.

Òg nedgang i talet på fjernlån

I koronaåret 2020 fekk fag- og forskingsbiblioteka færre fjernlån-bestillingar enn tidlegare. Samanlikna med året før, fekk desse biblioteka til saman meir enn 52 000 færre fjernlån-bestillingar. Òg talet på fyrstegongs fjernlån gjekk ned og var 47 000 lågare i 2020 enn i 2019. Nedgangen både på fjernlån-bestillingar og fyrstegongs fjernlån var på 17 prosent.

Bibliotek ved universitet og bibliotek ved høgskolar hadde begge ein nedgang på 21 prosent i talet på bestillingar av fjernlån, mens bibliotek ved vitskapelege høgskolar opplevde størst nedgang med 33 prosent lågare fyrstegongs fjernlån i 2020 enn året før.

55 prosent fleire nedlastingar frå institusjonsarkiv

Fag- og forskingsbiblioteka til saman hadde 760 000, tilsvarande 3 prosent, lågare nedlastingar frå fulltekstdatabasar i 2020 enn i 2019. Derimot hadde dei 7,3 millionar høgare nedlastingar frå institusjonsarkiv, ei oppgang på 55 prosent. Størst auke hadde bibliotek ved universitet med 6,8 millionar fleire nedlastingar frå institusjonsarkiv som utgjorde ein auke på heile 82 prosent.

Nasjonalbiblioteket rapporterar ikkje tal på nedlastingar.