Dette er nokre av hovudresultata for 2020 innanfor temaområda i publikasjonen:

Offentlege utgifter til kultur

Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementet sitt budsjett i 2020 var på over 23 milliardar kroner, noko som var ein auke med 10,2 millionar frå 2019. Dei fylkes­kommunale kulturutgiftene var på 2 milliardar kroner, og dei kommunale kulturutgiftene var på 14,3 milliardar kroner.

Sysselsetjing og føretak i kulturnæringa

I 2020 hadde 3 prosent av dei sysselsette i Noreg hovudjobben sin i kulturell og kreativ næring. Fylka som omfattar dei største byane, det vil seie Oslo, Vestland, Trøndelag og Nordland, sysselset til saman 64 prosent av totalen. Den høgaste delen sysselsette innanfor kulturnæringa hadde Oslo, der 7 prosent av alle sysselsette hadde hovud­jobben sin i ei kultur­næring i 2020.

Kulturelle tiltak og vederlag

I 2020 vart det løyva over 1 milliard kroner frå Norsk kulturfond til ulike kultur­føremål, ein auke på 3 prosent frå 2019. Musikkføremål var det største hovudområdet under Norsk kulturfond og utgjorde 39 prosent. Statens kunstnarstipend delte ut 2 429 stipend i 2020, 695 fleire enn året før. Biletkunstnarar var den desidert største gruppa og tok imot 684 stipend.

Musikk og scenekunst

Musikkinstitusjonane som rapporterer sine aktivitetar til Kulturrådet, hadde til saman 950 arrangement for nær 172 700 besøkjande i 2020, ein nedgang på høvesvis 37 prosent og 76 prosent frå 2019. Scenekunstinstitusjonane som rapporterer sine aktivitetar til Kulturrådet hadde til saman 8 500 arrangement med litt over 774 800 besøkjande, ein nedgang på høvesvis 45 prosent og 64 prosent.

Museum

I 2020 var storleiken på samlingane i norske museum på 62,9 millionar objekt og fotografi. Samla vart det registrert over 5,1 millionar besøk i musea i Noreg, litt under halvparten så mange som i 2019. I 2020 var det totalt 2 420 utstillingar i musea, 244 færre enn i 2019.

Bibliotek

Det vart lånt ut 9,7 millionar bøker frå folkebiblioteka i 2020, ein nedgang på 20 prosent frå 2019. Utlån av bøker utgjorde i gjennomsnitt 1,8 bøker per innbyggjar. Nær 16 millionar besøk vart talt opp i 2020, mot nær 26 millionar besøk i 2019. Det var om lag 30 600 arrangement i folkebiblioteka i 2020, mot 64 000 arrangement i 2019.

Film og kino

I alt var det 4,9 millionar selde kinobillettar i 2020 mot 11,3 millionar i 2019. Det er ein nedgang i kinobesøket på om lag 57 prosent frå 2019. Bygde­kinoane hadde òg lågare besøkstal, med om lag 63 000 selde billettar, ein nedgang på 43 prosent frå 2019.

Lyd og bilete

I 2020 høyrde 49 prosent av befolkninga på radio ein gjennomsnittsdag. Dette er ein marginal auke frå 2019, då det var 48 prosent. Delen som såg vanleg lineær tv på ein gjennomsnittsdag var på same nivå i 2020 som i 2019, med 48 prosent.

Idrett

Ved utgangen av 2020 var det drygt 1,75 millionar ordinære medlemskap i Norges idretts­forbund og olympiske og paralympiske komité. Dette er ein nedgang på 9 prosent frå 2019. Det var 58 300 idrettsanlegg i drift i 2020, ein auke på 810 anlegg frå 2019.

Kulturskular og Den kulturelle skulesekken

I 2020 var 13 prosent av alle born mellom 6 og 15 år elevar på kommunale kulturskular, det same som året før. I samband med Den kulturelle skulesekken var det 33 300 einskild­arrangement i grunnskulen, 13 000 færre enn året før. I den vidaregåande skulen var det 2 500 einskildarrangement i 2020, mot 3 900 året før.