Førebelse tal frå statistikken Potet- og grovfôravlingar viser at ved førsteslåtten i 2022 blei det hausta 4,6 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,4 millionar dekar. I tillegg blei om lag 0,5 millionar dekar eng berre beita. Resultatet av avlinga endte med ein svak nedgang frå året før.

– I fjor var det eit dårlegare år for resultatet av engavlinga i seks av landets vestlege og nordlege fylke, der vi såg ein nedgang. Store område frå Vestland og nordover til Finnmark fekk mykje nedbør sommaren 2022, medan det i delar av Rogaland var særs tørt. Ein oppgang i Agder og Innlandet var med på å jamna ut resultatet av engavlinga nasjonalt, slik at nedgangen frå 2021 vart minimal, seier Berit Bjørlo, seniorrådgivar i seksjon for eigedoms-, areal- og primærnæringsstatistikk.

Ved førsteslåtten blei 80 prosent av grasarealet hausta som rundballar, medan 15 prosent blei lagt i silo, og 5 prosent ble tørka som høy.

Ved etterslåtten auka delen som vart hausta som rundballar til 83 prosent, medan delen som blei lagt i silo vart den same, med 15 prosent. Delen som utgjorde høy minka til 2 prosent.

Auke for andre grovfôrvekstar

Samla avling av andre grovfôrvekstar enn eng var 185 000 tonn, der raigras utgjorde 61 prosent og kornvekstar til grønfôr utgjorde 35 prosent av avlinga. Samanlikna med året før, auka avlinga av andre grovfôrvekstar med knapt 2 prosent.

Arealet av andre grovfôrvekstar var på 119 000 dekar i 2022, ein auke på 2 prosent frå året før. Raigras og grønfôrblandingar av korn utgjorde kvar for seg 52 og 41 prosent av arealet av andre fôrvekstar.

Meir poteter

I 2022 blei det hausta 376 000 tonn poteter, ein auke på knapt 2 prosent frå året før. Gjennomsnittleg potetavling per dekar var 3 100 kilo i 2022.

Endring i utrekningane frå 2021

Frå og med 2021 er det gjort endringar i utrekningane som vert nytta i statistikken. Avlinga av eng til slått er rekna som kilo tørrstoff, og tørrstoffprosentar er basert på fôrprøver for aktuelt år og region. I tillegg er det frå 2021 nytta ein ny metode for utvalstrekking og vekting for estimering av totalar. Tala for åra før 2021 er dermed ikkje direkte samanliknbare med tal frå eng til slått, poteter eller andre fôrvekstar. Den nye metoden har jamt over gitt noko høgare avlingar enn tidlegare år.