Økologisk jordbruk inneber ei allsidig drift med mest mogleg variert vekstskifte og resirkulering av organisk materiale. Det er strenge restriksjonar for bruk av plantevernmiddel og mineralgjødsel. Vidare må husdyrhaldet avpassast arealgrunnlaget, og gardbrukaren må ta omsyn til dei naturlege behova husdyra har. Jordbruksbedrifter med økologisk drift blir kvart år godkjente og kontrollerte av medlemsorganisasjonen Debio.

Økologisk jordbruksareal stabilt

I 2022 utgjorde Jordbruksareal som er ferdig lagt om til økologisk drift etter krava i økologiforskrifta. i drift 416 800 dekar. Dette omfatta 4,2 prosent av det totale Jordbruksareal som blir hausta minst ein gong i løpet av eit år, medrekna tilplanta eller tilsådd areal med fleirårige vekstar som enno ikkje gir avling. Open åker kor det ikkje blir tatt avling i løpet av året, men som er tenkt hausta neste år reknast med.. Dersom ein også tar med 43 300 dekar som er under omlegging til økologisk produksjon Jordbruksareal under omlegging, men ennå ikkje godkjent som økologisk drive jordbruksareal. i drift, utgjer arealet 4,7 prosent. Denne prosentdelen er den same som dei tre føregåande åra.

Sidan toppåret 2011 har det godkjente økologiske jordbruksarealet gått ned med 89 300 dekar, eller 18 prosent. Frå 2021 til 2022 har arealet gått ned frå 418 600 til 416 800 dekar. I 2022 var det mest økologisk jordbruksareal i Oslo/Viken og Trøndelag, med respektive 119 600 og 96 600 dekar. Økologisk areal utgjorde 6,3 prosent av alt jordbruksareal i drift i kvar av desse fylka og til saman hadde dei 52 prosent av alt økologisk areal i landet. Vestfold og Telemark fylke hadde høgast del økologisk areal med 8,0 prosent. I Rogaland, som elles er eit viktig jordbruksfylke, blei berre 0,8 prosent av jordbruksarealet drive økologisk.

Figur 1. Økologisk jordbruksareal og karensareal¹. 1995-2022
Figur 1. Økologisk jordbruksareal og karensareal1. 1995-2022. Les mer om 
innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

Innhaldet i figuren er omtala i avsnittet ovanfor. Sjå også tabell til figuren.

  • 1 Medrekna økologisk areal og karensareal ute av drift for åra før 2012.
  • 2 Førebels tal for 2022.

Fulldyrka eng utgjorde størsteparten av det økologiske arealet, med 56 prosent. Innmarksbeite utgjorde 17 prosent, medan korn stod for 16 prosent.

Karensarealet auka fram til 2009, til 127 500 dekar. Deretter gjekk karensarealet  ned til 29 400 dekar i 2016. I 2022 var karensarealet 43 100 dekar, noko som er 12 400 dekar meir enn i 2021. Arealet var 30 700 dekar i 2021, 2 300 dekar mindre enn i 2020. Arealet er til vanleg i karens 2 eller 3 år før det blir godkjent som økologisk areal. Auke i karensareal tydar på at det kan bli vekst i det økologiske arealet dei komande åra.

Figur 2. Økologisk jordbruksareal og karensareal som del av jordbruksareal i drift, etter fylke. 2022
Kjelde: Debio. Årleg statistikk og Jordbruksstatistikk, Statistisk sentralbyrå. Kartdata: Kartverket

Færre økologiske jordbruksbedrifter

Sidan 2009 er det blitt om lag 900 færre økologiske jordbruksbedrifter. Frå 2021 til 2022 var det registrert ein auke på beskjedne 14 bedrifter. Kvart år er det nye bedrifter som legg om til økologisk drift, men samstundes er det nokre som går tilbake til konvensjonelt jordbruk eller legg ned drifta.

I 2022 var det 1 965 jordbruksbedrifter med økologisk produksjon, av desse var 109 bedrifter under omlegging (i karens). Desse bedriftene utgjorde 5,2 prosent av totalt 37 700 jordbruksbedrifter i Noreg. Dette er om lag den same prosentdelen som dei siste seks åra, men eitt knapt prosentpoeng mindre enn i toppåra 2009-2011.

Figur 3. Jordbruksbedrifter med økologisk drift og jordbruksbedrifter under omlegging (karens). 1995-2022
Figur 3. Jordbruksbedrifter med økologisk drift og jordbruksbedrifter under omlegging (karens). 1995-2022. Les mer om innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

I 2022 var det 1965 jordbruksbedrifter med økologisk produksjon, og det utgjorde 5,2 prosent av totalt 37 700 jordbruksbedrifter i Noreg. Dette er om lag den same prosentdelen som dei siste seks åra, men eitt knapt prosentpoeng mindre enn i toppåra 2009-2011.

  • 1 Førebels tal for 2022.

Gjennomsnittleg jordbruksareal i drift for dei økologiske jordbruksbedriftene var 279 dekar, medan gjennomsnittet for alle jordbruksbedriftene var 261 dekar i 2022. Nokre av dei økologiske bedriftene har også noko konvensjonelt jordbruksareal. Trekkjer ein frå dette arealet, blir gjennomsnittleg jordbruksareal i drift 234 dekar for dei økologiske jordbruksbedriftene.

Færre økologiske verpehøner

Talet på økologiske verpehøner har auka kvart år sidan 2011, men frå 2021 til 2022 gjekk talet ned frå 324 900 til 308 900. . I 2022 var det 308 900 økologiske verpehøner, og 54 prosent av desse hønene var å finne i fylka Oslo og Viken.

Det var 28 100 økologiske storfe i 2022, og av desse var 7 400 mjølkekyr og 4 400 ammekyr. Om lag 36 prosent av dei økologiske mjølkekyrne og 23 prosent av dei økologiske ammekyrne i landet var i Trøndelag. I heile landet var det 45 600 økologiske sauer og 2 000 økologiske geiter.

Frå 2021 til 2022 blei det registrert ein auke i den økologiske prosentdelen for geit og svin, medan det var nedgang eller uendra prosentdel for dei andre husdyrslaga.

Figur 4. Prosent økologiske dyr av totalt husdyrtal for utvalde husdyrslag. 2020-2022

¹ Førebels tal for 2022.

Sjå fleire tal om økologisk jordbruk

Mindre økologisk mjølk, meir økologisk kjøt

Fram til 2013 var det ein sterk vekst i produksjonen av økologisk kumjølk, men deretter var det ein svak nedgang til 2019. I 2020 auka produksjonen med 0,6 millionar liter til 49,7 millionar liter økologisk kumjølk, medan det var ein svak nedgang frå 2020 til 2021. I 2022 blei det innmålt 44,7 millionar liter økologisk mjølk, ein reduksjon på 3,4 millionar liter frå året før. I perioden 2013–2022 har delen økologisk mjølkeproduksjon av den totale mjølkeproduksjonen gått ned frå 3,6 til 3,1 prosent.

I løpet av dei ti siste åra har produksjonen av økologiske egg dobla seg. Det blei produsert 5 000 tonn økologiske egg i 2022, og dette utgjorde 7,7 prosent av den totale eggproduksjonen levert til eggpakkerier.

Produksjonen av økologisk kjøt av storfe, sau/lam, svin og fjørfe var i sum 3 300 tonn og utgjorde berre 0,9 prosent av den totale kjøtproduksjonen i 2022. Produksjonen av økologisk storfekjøt utgjorde 1 570 tonn, sauekjøt 670 tonn, svinekjøt 434 tonn og fjørfekjøt 674 tonn. Samanlikna med 2021 var det ein auke for alle dei nemnde kjøtslaga med unnatak av sau- og lammekjøt.

Figur 5. Prosent økologisk produksjon av totalproduksjon for mjølk, kjøtt, egg og korn. 2019-2022

¹ Førebelse tal for 2022. ² Prognose for 2022.

Det blir produsert mindre norsk økologisk matkorn enn det er behov for, og ein stor del blir importert. Sjølv om mesteparten av det økologiske kornet er av fôrkvalitet, er det òg mangel på norsk økologisk korn til kraftfôr. I 2022 reknar ein med at produksjonen av økologisk korn blir om lag 18 000 tonn økologisk korn. Frå 2021 til 2022 auka det økologiske kornarealet med 6 900 dekar, eller 7,2 prosent.

Den norske produksjonen av økologiske poteter, grønsaker, frukt og bær er liten, og importen utgjer ein stor del av marknaden. Det blei dyrka økologiske poteter på 900 dekar og det utgjorde berre 0,8 prosent av potetarealet i 2022. Det økologiske arealet av grønsaker var 3 600 dekar og utgjorde 5 prosent av det totale grønsaksarealet. Det økologiske arealet av frukt og bær var respektive 2 100 og 1 100 dekar, noko som utgjorde 9,1 og 7,2 prosent av det totale arealet for kvar av vekstane.

Sverige har mest økologisk areal i Norden

Sidan 2005 har Sverige ligge på den nordiske toppen med størst del økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift. Frå 2005 til 2021 auka arealet frå 7,0 til 20,2 prosent av totalt areal i drift.

Finland hadde ein nedgangsperiode frå 2002 til 2006, men har deretter auka jamt til 14,4 prosent i 2021. I Danmark har økologisk areal og karensareal gått opp og ned, men etter 2015 har det vore auke, og arealet utgjorde 11,8 prosent i 2021. I Noreg utgjorde arealet 4,6 prosent i 2021, noko som er 1,1 prosentpoeng mindre enn i toppåret 2010.

Island har lite økologisk jordbruksareal samanlikna med dei andre nordiske landa. Eurostat har oppgitt at 0,4 prosent av jordbruksarealet på Island var økologisk eller i karens i 2021.

Figur 6. Prosent økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift i dei nordiske landa. 2000-2021