Jordbruksareal omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.utgjer om lag 3 prosent av Noregs landareal. Årsaka til denne låge prosenten er at landarealet består av mykje bratt areal, og mykje av jorda ligg på berggrunn og inneheld mykje stein. Klima er òg ei viktig årsak da landet ligg langt mot nord og har kort vekstsesong. Forutan desse naturgitte forholda, er dagens norske jordbruk eit resultat av den generelle samfunnsutviklinga og politiske rammer.

Jordbrukets utviklingstrekk dei siste 50 åra

Jordbrukspolitikken har over tid stimulert til kornproduksjon i dei områda av landet som har klima og topografi som er eigna til korndyrking. Dei beste områda til korndyrking ligg på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag. Det meste av produksjonen av mjølk og kjøt frå grovfôretande husdyr som storfe, sau og geit, skjer i dal- og fjellbygdene, på Vestlandet og i Nord-Noreg. Parallelt med spesialiseringa mellom distrikta har det skjedd ei spesialisering i den enkelte Verksemd med jordbruksdrift, medrekna hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha driftssenteret på ein landbrukseigedom. For 50 år sidan hadde dei fleste bedrifter fleire husdyrslag og dyrka fleire vekstar. Mange jordbruksbedrifter har no slutta heilt med husdyr, eller har berre eitt dyreslag. Også i planteproduksjonen har det skjedd ei spesialisering i retning av ein eller få vekstar.

Jordbruksarealet i drift: Jordbruksareal som blir hausta minst ein gong i året, medrekna planta areal av fleirårige vekstar som enno ikkje gir avling. Areal av åker- og hagebruksvekstar der det ikkje blir teke avling i året, men som er tenkt hausta neste år (eittårig brakk) blir òg rekna med. har lege på rundt 10 millionar dekar dei siste 50 åra, medan talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert. Frå 1969 til 2022 har talet på jordbruksbedrifter blitt redusert med 75 prosent, frå 155 000 til 37 700. Jordbruksareal i drift var 9,55 millionar dekar i 1969 og 9,85 millionar dekar i 2022. Gjennomsnittleg jordbruksareal per bedrift har dermed blitt meir enn firedobla i denne perioden, frå 62 til 261 dekar. 

Figur 1. Utviklinga av jordbruksareal i drift og talet på jordbruksbedrifter. 1969-2022
Figur 1. Utviklinga av jordbruksareal i drift og talet på  jordbruksbedrifter. 1969-2022. Les mer om innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

Figuren viser utviklinga av jordbruksareal i drift og talet på jordbruksbedrifter i perioden 1969-2022.

Mest jordbruksareal på Austlandet og i Trøndelag

Sjølv om jordbruksareal i drift har vore relativt stabilt, blei det registrert ein topp på 10,47 millionar dekar i 2001. Førebelse tal viser at det var 9,85 millionar dekar jordbruksareal i drift i 2022. Nedgangen kjem både av at innføring av digitalt kartgrunnlag har gitt meir nøyaktige arealmålingar og at noko areal har gått ut av drift. Innføring av digitalt kartgrunnlag skjedde i åra 2005 til 2013 og førte til ein reduksjon i jordbruksarealet på om lag 3,3 prosent landet sett under eitt.

Jordbruksarealet blir vanlegvis delt inn hovudkategoriane Fulldyrka jordbruksareal: Areal som er dyrka til vanleg pløyedjupn og som kan nyttast til åkervekstar eller til eng som kan fornyast ved pløying.],Overflatedyrka jordbruksareal: Jordbruksareal som for det meste er rydda og jamna i overflata, slik at maskinell hausting er mogleg. ogInnmarksbeite: Jordbruksareal som kan nyttast til beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 prosent av arealet skal vere dekt av grasarter eller urter som toler beiting.. Frå 1999 til 2022 har prosentdelen fulldyrka jord av totalt jordbruksareal i drift minka frå 85 til 82 på landsbasis. I same periode har del overflatedyrka jord minka frå 3 til 2 prosent medan innmarksbeite har auka frå 12 til 16 prosent. I 2022 hadde fylka Oslo/Viken samt Vestfold og Telemark størst del fulldyrka jord med respektive 94 og 93 prosent. Minst del hadde fylka Rogaland og Vestland med 53 og 52 prosent.

Dei 5 kommunane som hadde mest jordbruksareal i drift i 2022, var Indre Østfold med 228 700 dekar, Ringsaker med 189 900 dekar, Steinkjer med 170 700 dekar, Levanger med 135 700 dekar  og Nes (Viken) med 133 200 dekar og Levanger med 134 100 dekar.  Desse 5 kommunane hadde til saman 9 prosent av landets jordbruksareal.

Figur 2. Jordbruksareal i drift, etter kommune. Dekar. 2022
Kilde: Jordbruksstatistikk, Statistisk sentralbyrå

Mindre kornareal - meir innmarksbeite

Jordbruksareal i drift kan òg delast inn i kategoriane Åker- og hagebruksvekstar: Åker- og hagebruksvekstar omfattar alt jordbruksareal i drift utanom areal til eng og beite. Åker- og hagebruksvekstar er til dømes korn, poteter, ulike grønsakslag, frukt og bær.] og eng/beite. Arealet av eng og beite er den største kategorien og utgjorde 67 prosent av det totale jordbruksarealet på 9,85 millionar dekar i 2022. Åker-/ hagebruksvekstar utgjorde 29 prosent av jordbruksarealet. I 1999 utgjorde arealet av åker-/hagebruksvekstar 38 prosent og eng/beite 62 prosent av det totale jordbruksarealet på 10,38 millionar dekar.

I 2022 var arealet av åker- og hagebruksvekstar 3,3 millionar dekar. Arealet er redusert med 697 000 dekar, eller 17 prosent, sidan 1999.  Korn og oljevekstar utgjer mesteparten av arealet av åker- og hagebruksvekstar. I 2022 var arealet av korn og oljevekstar 2,84 millionar dekar eller om lag 29 prosent av det totalt jordbruksareal i drift. I 1999 utgjorde arealet av korn- og oljevekstar 32 prosent av jordbruksarealet. I 2022 hadde fylka Oslo/Viken, Innlandet og Trøndelag til saman 87 prosent av landets areal av korn- og oljevekstar. Jordbruksbedrifter med korn- og oljevekstareal har gått ned med 56 prosent frå 1999 til 2022, og arealet per jordbruksbedrift som dyrkar korn og oljevekstar, har auka frå 153 til 287 dekar.

Arealet av poteter, grønsaker, frukt, bær og andre åker- og hagebruksvekstar var til saman 0,47 millionar dekar i 2022 og utgjorde knapt 5 prosent av det totale jordbruksarealet. I 1999 var dette arealet 0,65 millionar dekar.

Jordbruksbedrifter med potetdyrking har gått ned med 86 prosent frå 1999 til 2022. Potetarealet har i same perioden gått ned med 20 prosent. Gjennomsnittleg potetareal på bedrifter som dyrkar potet, har dermed auka frå 14 dekar til 83 dekar. Det blir framleis dyrka mest poteter på Austlandet og i Trøndelag.

Figur 3. Utviklinga av areal med utvalde jordbruksvekstar. Indeks 1999=100

¹ Foreløpige tall

Arealet av eng og beite utgjorde 6,55 millionar dekar av det totale jordbruksarealet i drift i 2022, ein in auke på 159 600 dekar frå 1999. Eng- og beitearealet fordelte seg på 4,78 millionar dekar fulldyrka eng, 0,21 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,56 millionar dekar innmarksbeite i 2022. Areal av innmarksbeite per jordbruksbedrift med innmarksbeite, har i same perioden auka frå 42 til 68 dekar.

Fleire større jordbruksbedrifter

Førebelse tal for 2022 viser at det var det 37 700 aktive jordbruksbedrifter i landet. Om lag 5 prosent av desse hadde upersonleg brukar, slik som ansvarleg selskap, aksjeselskap og institusjon.

Figur 4. Jordbruksbedrifter, etter storleiken på jordbruksareal i drift. 1999-2022

¹ Foreløpige tall

Sidan 1999 har 46 prosent av gardsbruka slutta med jordbruksdrift. Det er jordbruks­bedrifter med mindre enn 100 dekar jordbruksareal i drift som har stått for den største nedgangen i brukstalet. I 1999 var 44 prosent av alle jordbruksbedriftene i denne storleiksgruppa, i 2022 hadde prosentdelen gått ned til 31. Sidan 1999 har det òg vore ein jamn nedgang i talet på bedrifter i storleiksgruppa 100-299 dekar, og frå 2007 også ein nedgang i storleiksgruppa 300-499 dekar. Talet på jordbruksbedrifter med meir enn 500 dekar aukar. I 1999 inngjekk 2 prosent av jordbruksbedriftene i denne storleiksgruppa, i 2022 hadde delen auka til 14 prosent.

Jordbruksbedrifter med husdyr

Prosentdel jordbruksbedrifter med eitt eller fleire husdyrslag har minka frå 86 prosent i 1969 til 72 i 2022 

Talet på Ammeku: Ku som hovudsakeleg blir halde for produksjon av kalv for kjøtproduksjon.] går stadig oppover, medan talet på mjølkekyr minkar. Talet på ammekyr har tredobla seg frå 1999 til 2022, frå 37 000 til 115 000. Talet på mjølkekyr har minka med 33 prosent, frå 313 000 til 208 000. Andre storfe: Andre storfe omfattar kalvar, kviger og oksar.] har gått ned frå 683 000 til 576 000. 

Flest ammekyr var det i fylka Innlandet, Trøndelag og Oslo/Viken i 2022, med til saman 56 prosent av landstalet. Det har vore ein auke i talet på ammekyr over heile landet sidan 1999. Det var 6 100 jordbruksbedrifter med ammeku i 2022, ein auke på 12 prosent frå 1999. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for ammeku har auka frå 7 til 19.

Flest mjølkekyr var det i fylka Trøndelag, Rogaland og Innlandet i 2022, med til saman 58 prosent av landstalet. Det har over lengre tid vore flest mjølkekyr i desse områda. Sjølv om det er registrert ein nedgang i talet på mjølkekyr over heile landet sidan 1999, har den største prosentvise nedgangen vore på Vestlandet. Jordbruksbedrifter med mjølkeku har gått ned frå 22 700 til 6 700, eller 71 prosent, frå 1999 til 2022. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for mjølkeku har auka frå 14 til 31.

Jamvel om talet på mjølkekyr har minka, har den samla mjølkeproduksjonen vore nokså stabil sidan førsten på 2000-talet. Årsaka er auken i mjølkeyting per ku. I perioden 1999–2022 har kg mjølk per Årsku: Ku med 365 fôrdagar etter første kalving. auka frå 6 100 kg til 8 050 kg.

Figur 5. Talet på husdyr, etter husdyrslag. 1999-2022

¹ Foreløpige tall

Talet på sauer over 1 år var 918 800 i 2022, dette er 4 prosent færre enn i 1999. Talet på jordbruksbedrifter med vaksne sauer gjekk ned med 41 prosent i denne perioden. I 2022 var det 13 400 jordbruksbedrifter med vaksne sau. Det er flest sauer og flest jordbruksbedrifter med sau på Vestlandet.

I perioden 1999-2022 minka talet på Alssvin: Omfattar alspurker, alsrånar, ungpurker og ungrånar.] frå 100 400 til 71 100. Talet på jordbruksbedrifter med alssvin minka frå 3 700 til knapt 900, og gjennomsnittleg buskapsstorleik har dermed auka frå 27 til 81 alssvin. Jamvel om tal alssvin har minka monaleg, har produksjonen av svinekjøt auka med 21 prosent frå 1999 til 2022.

Det var 270 jordbruksbedrifter som hadde mjølkegeit i 2022, dette er 485 færre enn i 1999.  Talet på mjølkegeit har i same perioden gått ned frå 51 700 til 33 500.

Talet på verpehøner har auka frå 3,2 til 4,7 millionar, medan talet på jordbruksbedrifter med verpehøner har gått ned frå 4 100 til 1 400.

Hestehald på jordbruksbedrifter har blitt sterkt redusert. I 2022 blei det registrert 26 500 hestar på jordbruksbedriftene. Ein stor del av det totale hestehaldet i Noreg er i dag utanom jordbruksbedriftene, slik som på travbaner, ridesenter og hobbybruk, og desse hestane inngår ikkje i jordbruksstatistikken. 

Ved samanlikning av jordbruksarealet i drift over tid bør ein kjenne til endringar i datagrunnlaget.

Før 1984 var statistikken basert på fullstendige teljingar kvart tiande år og utvalsundersøkingar i dei øvrige åra. Frå og med 1984 har data frå søknader om produksjonstilskot i jordbruket vore hovudkjelde for statistikken. Regelverket for tilskot verker inn på korleis søkarane tilpassar drifta. I løpet av 1990-tallet auka tilskota til jordbruksareal. Vidare blei det mogleg å søke tilskot for ugjødsla inngjerda beiteareal (innmarksbeite). Det kom også krav om spreieareal for husdyrgjødsel og tilgang til beite eller luftegard for storfe.

I perioden 2005 til 2013 blei nytt digitalt kartgrunnlag tatt i bruk ved søknad om produksjonstilskot. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at innføringa av nytt kartverk innebar ein reduksjon i jordbruksarealet på om lag 3,3 prosent. Ein veit ikkje om nedgangen skyldast meir nøyaktige målingar eller om tidlegare nedgang ikkje har blitt fanga opp før det nye kartverket blei tatt i bruk. Nedgang i jordbruksareal utanom nytt kartverk var om lag 1,4 prosent i same perioden. Det er lagt til rette for at kommunane fortløpande kan gjere oppdateringar av areala i kartgrunnlaget.