Jamleg ser og høyrer ein at småbruk er ettertrakta på bustadmarknaden. Ordet «småbruk» er ofte på toppen av dei mest brukte søkjeorda på FINN eiendom. Moglegheit for bruk av heimekontor, ønskje om ein grøn og berekraftig livsstil, eller rett og slett heimlengsel, kan vere grunnar til at fleire jaktar etter eit småbruk. Draumen om å dyrke eigne grønsaker og ha godt med plass rundt seg, kan likevel vere vanskeleg å få til.
Trass i at mange landbrukseigedomar er fråflytte, blei berre ein tredel av eigedomane seld ut av familien. Dei som drøymer om småbruk og driv nettsøk, er nok langt fleire enn dei som faktisk endar opp som grunneigarar.
I definisjonen av ein landbrukseigedom er kravet at eigedomen skal ha minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. Det er også eit krav at eigedomen blir nytta eller kan nyttast til landbruksformål. Det er i ein del tilfelle vanskeleg å avgjere om ein eigedom skal reknast som landbrukseigedom. Tidlegare har det blitt brukt skjønn for ein del eigedomar som det er usikkerheit kring. Frå og med 2022 er det etablert ei meir fast linje med mindre bruk av skjønn. Det vert teke utgangspunkt i eigedomane i Landbruksregisteret supplert med alle eigedomar eigd av enkeltpersonar og eit utval eigedomar eigd av upersonlege eigarar frå arealressurskartet. Eigedomane som blir henta frå arealressurskartet oppfyller krava til ein landbrukseigedom, men finst ikkje i Landbruksregisteret.
Fråflytte gardar i nesten alle kommunar
Heile 23 prosent av landbrukseigedomane med bustadbygg manglar fast busetjing. Så godt som alle kommunar har landbrukseigedomar med bustadhus utan fast busetjing, sjølv om det er stor skilnad i omfanget. Sentrale strok med ein stor arbeidsmarknad påverkar truleg delen bustadhus som manglar busetjing. I Akershus var berre kvar tiande av desse eigedomane utan fast busetjing i 2024. I Nord Noreg finn ein størst del landbrukseigedomar med bustadbygning utan busetjing. I Nordland var heile 42 prosent utan busetjing, i Troms 38 prosent, og i Finnmark var det 34 prosent.
Medan 32 prosent av eigedomane med mindre enn 50 dekar jordbruksareal var fråflytta, var tilsvarande tal for eigedomar med over 100 dekar jordbruksareal 6 prosent. Ein god del av eigedomane utan fast busetjing blir truleg brukt som fritidsbustad.
Færre bur på ein landbrukseigedom
I alt budde det nær 350 000 personar på landbrukseigedomane i 2024. Det utgjer litt over 6 prosent av innbyggjarane i Noreg. Delen av innbyggjarane som bur på landbrukseigedom, er større i små kommunar enn i store. I somme kommunar bur snautt halvparten av innbyggjarane på ein landbrukseigedom. I Lesja bur til dømes 48 prosent av innbyggjarane slik.
Av fylka er det Innlandet som toppar, med vel 16 prosent av innbyggjarane. I bynære strok er denne delen naturlegvis låg. Frå 2015 til 2024 har talet på busette personar på landbrukseigedomar blitt redusert med 39 800 personar.
Mange bygningar på landbrukseigedomane
Gardstun med bygningar er viktige element i kulturlandskapet. Saman med ei aktiv drift av jordbruksarealet bidreg det til å oppretthalde eit ope og variert landskapsbilde i Noreg.
Landbrukseigedomane har stor bygningsmasse. I alt var det registrert 927 700 bygningar på landbrukseigedomane i 2024, og det utgjer litt over ein femdel av den totale bygningsmassen i Noreg. Av dei 182 500 landbrukseigedomane i 2024 var det bygningar på 90 prosent, og i snitt hadde kvar landbrukseigedom nesten seks bygningar kvar.
Om lag 196 200 bygningar på landbrukseigedomane er Kulturminne er her definert som bygningar registrert i SEFRAK-registeret, eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne. (Sekretariatet For Registrering Av Faste Kulturminne I Norge).. Dette er eldre bygningar som stort sett vart bygde før 1900 eller er freda. Rundt 77 500 av landbrukseigedomane hadde minst éin slik bygning.
To av tre eigedomsomsetnader skjer i familien
I 2024 skifta nærare 9 200 landbrukseigedomar eigar. Det utgjer om lag 5 prosent av alle landbrukseigedomar. Om lag 5 900 av dei i alt 9 200 omsette eigedomane vart selde innanfor familien. Privatpersonar eig dei aller fleste av eigedomane. Berre 8 prosent er eigde av andre eigarar som til dømes staten, kommunar, fylke og aksjeselskap.
Auka prisnivå
Frå 2009 til 2024 har gjennomsnittleg kjøpesum for landbrukseigedomar i fritt sal auka med 150 prosent. I same periode har gjennomsnittleg kjøpesum for omsette bustadar på eigd tomt auka med 114 prosent. Tala for gjennomsnittleg kjøpesum viser at landbrukseigedomar har auka meir i pris enn bustadar. Noko av forklaringa ligg i endringar i konsesjonsregelverket. Sidan det er forskjell i kva type eigedomar som omsetjast eitt bestemt år, vil ikkje statistikken gje eit heilt korrekt bilete av prisutviklinga.
Gjennomsnittleg kjøpesum for landbrukseigedomar i fritt sal der kjøparane hadde oppgitt landbruk som hovudformål med kjøpet, var 3,8 millionar kroner i 2024, medan median kjøpesum var 2,6 millionar kroner.
Det meste av Noreg høyrer til landbrukseigedomane
Arealet av alle landbrukseigedomar i Noreg utgjer om lag 260 millionar dekar, noko som er omtrent 80 prosent av alt fastlandsareal i landet. Av dette arealet er rundt ein tredel jordbruksareal og produktivt skogareal, medan resterande to tredelar omfattar uproduktiv skog, open fastmark, fjell, myr, vatn, utbygd areal, vegar og liknande.
Jordbruksarealet held seg nokså stabilt på grunn av jordleige
Trass i den store nedgangen i gardsbruk med aktiv drift, har jordbruksarealet i drift halde seg nokså stabilt. Grunnen til det er at dei som i dag driv aktivt, leiger jord frå naboeigedomar der eigarane har lagt ned drifta. Snautt halve jordbruksarealet i Noreg er leigejord. Mange stader, og særleg i utkantstrok, er det no vanleg at nokre få driv jorda, medan resten har lagt ned drifta. I gjennomsnitt driv kvar av dei aktive gardsbruka meir enn fire gonger så stort areal kvar som det dei gjorde i 1969.