Leige av tilleggsjord tok til på 1950-talet. Før den tid førekom Jordbruksareal i drift der eigar og brukar av arealet er forskjellige personar, inklusive upersonlege brukarar. Både jordbruksareal som brukar betalar for og jordbruksareal som brukar disponerer gratis, blir rekna som jordleige. hovudsakeleg som forpakting av heile landbrukseigedomar, inklusive driftsbygningar og bustadhus. Sjølv om talet på jordbruksbedrifter er blitt redusert kraftig dei siste 50 åra, har det totale jordbruksarealet i drift halde seg relativt stabilt. Dette kjem av at leige av jord blir stadig meir utbreidd i jordbruket. Mykje jordbruksareal på bedrifter som legg ned drifta, blir halde i drift gjennom jordleige.

Tredobling av jordleige sidan 1969

Av det totale jordbruksarealet i drift på 9,55 millionar dekar i 1969 var 1,40 millionar dekar, eller 15 prosent, leigejord. I 2025 utgjorde leigejord 4,95 millionar dekar, eller litt over 50 prosent, av det totale jordbruksarealet i drift på 9,84 millionar dekar.

Figur 1. Leigd jordbruksareal i drift og talet på jordbruksbedrifter. 1969, 1979, 1989, 1999, 2010, 2020 og 2025

Meir leigejord per jordbruksbedrift

Jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift har auka frå 62 dekar i 1969 til 270 dekar i 2025. Samstundes har leigd jordbruksareal per bedrift auka frå 9 dekar til 136 dekar. Ser ein på leigd jordbruksareal per jordbruksbedrift med jordleige, har det auka frå 43 dekar i 1969 til 202 dekar i 2025.

Figur 2. Jordbruksareal i drift og leid jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift. 1969, 1979, 1989, 1999, 2010, 2020 og 2025. Dekar

To av tre jordbruksbedrifter leigde jord i 2025

Av dei totalt 155 000 jordbruksbedriftene i 1969, var det 21 prosent som leigde jordbruksareal. I 2025 var det 67 prosent av totalt 36 400 jordbruksbedrifter som leigde jord. Av dei 24 500 jordbruksbedriftene med leigejord i 2025 var det 8 prosent som leigde heile jordbruksarealet og 29 prosent som leigde mellom 50 og 99 prosent av arealet.

Dei 24 500 jordbruksbedriftene med jordleige hadde til saman 114 400 leige­forhold i 2025. Det vil seie om lag 4,7 leigeforhold i snitt.

Regionale skilnader

Størst del jordleige av jordbruksareal i drift var det i fylka Troms, Telemark og Agder med høvesvis 67, 64 og 60 prosent. Rogaland hadde minst del leigejord med 40 prosent.

Ei jordbruksbedrift kan ha areal i fleire kommunar. Statistikken for 2025 viser at om lag 413 000 dekar jordbruksareal i drift ligg i andre kommunar enn der driftssenteret ligg, av dette utgjer leigd areal 341 000 dekar.

Figur 3. Prosent leigejord av jordbruksareal i drift. Kommune. 2025

Tabell 1. Del leigejord i prosent av jordbruksareal i drift. Fylke. 2025
Tabell 1. Del leigejord i prosent av jordbruksareal i drift. Fylke. 2025
FylkeLeigd jordbruksareal i drift, dekarLeigd jordbruksareal i drift i prosent av jordbruksareal i drift i alt
Østfold331 62946
Oslo og Akershus425 35651
Innlandet953 13447
Buskerud253 67353
Vestfold228 85057
Telemark153 63964
Agder187 73760
Rogaland406 30040
Vestland405 38250
Møre og Romsdal296 30958
Trøndelag - Trööndelage788 21648
Nordland - Nordlánnda306 40857
Troms - Romsa - Tromssa160 79967
Finnmark - Finnmárku - Finmarkku52 46358
Standardteikn i tabellar

Store variasjonar i jordleigeprisane

Landbruksdirektoratet sender kvart år ut ein førespurnad til kommunane om å rapportere jordleigeprisar. Desse prisane er ein del av det totale talgrunnlaget for å kunne analysere forholda for dei ulike jordbruksproduksjonane i ulike deler av landet. I undersøkinga blir kommunane bedne om å opplyse om gjennomsnittleg leigepris på areal, fordelt på produksjonane grasdyrking, korndyrking, potetdyrking, grønsak- og bærdyrking og innmarks- og utmarksbeite. For jord som blir nytta til korn- eller grasproduksjon blir det skild på «god» og «dårleg» jord. «Dårleg» jord er jord som er dårleg grøfta eller i dårleg hevd. Det kan også være bratt jord eller jord som er dårleg arrondert, vanskeleg tilgjengeleg eller har lite nyttig inndeling. 

Resultata frå undersøkinga er basert på prisane kommunane har rapportert i kroner per dekar per år, utan meirverdiavgift (mva). Prisane kommunane oppgjer vektast saman til gjennomsnittlege prisar i dei respektive regionane, basert på leigd areal i kvar enkelt kommune. Landbruksdirektoratet har også utarbeidd ein prisindeks med år 2000 som basisår. Resultatet frå undersøkinga vert også rapportert til internasjonale statistikkorgan. Årlege endringar kan tolkast som endringar i betalingsvilje for jord, og indirekte som ein indikator på endringar i lønsemda i jordbruket. Ein bør likevel være varsam med slike tolkingar, ettersom resultata kan være sterkt påverka av kvaliteten på datamaterialet. Dette gjeld i størst grad for grønsaks- og potetjord. 

Prisane på leige av jordbruksareal varierer mykje etter bruken av arealet, etter kvar arealet ligg og om det er «god» eller «dårleg» jord. I 2025 var gjennomsnittsprisane per dekar følgjande:

  • grønsaker/bær 868 kr
  • potet 698 kr
  • korn 400 kr
  • gras 269 kr

Leigeprisane for innmarksbeite og utmarksbeite var mykje lågare, med respektive 73 og 14 kr per dekar. Med unntak for areal for grasdyrking og korndyrking, som heldt seg omtrent uendra, auka jordleigeprisane frå 2024 til 2025.

Figur 4. Gjennomsnittspris for leigejord til ulike føremål. 2021-2025. Heile landet. Kroner per dekar

Det er store prisskilnader etter område. I 2025 hadde Rogaland dei høgaste leigeprisane for areal i alle kategoriane. For innmarksbeite varr gjennomsnittet i Rogaland 180 kroner per dekar, dobbelt så mykje som i Vestfold, Telemark og Agder som følgde bak med 90 kroner per dekar. Skilnaden er mindre i andre kategoriar, særleg for grønsaker og bær der det skiljer snaue 10 kroner per dekar mellom Rogaland og Austlandet.

Prisnivået heng samen med om det er stor eller liten etterspurnad etter areal. I område med betydeleg potet- og grønsakproduksjon har jorda behov for vekstskifte, noko som kan gi auka leigeprisar. I område der etterspurnaden er liten, blir jordbruksareal ofte leigd ut utan betaling. Eller betalinga skjer i form av motytingar som til dømes gjerdehald, brøyting og ved.

Figur 5. Gjennomsnittspris for god leigejord til ulike føremål, etter område. 2025. Kroner per dekar
¹ Prisar for korndyrking på Vestlandet og i Nord-Noreg vert ikkje samla inn på grunn av låg førekomst