Innanfor jordbruket er det særleg veksthusnæringa som har stort behov for energi til oppvarming og til vekst­lys. I tillegg til å vere ein stor utgiftspost, vil bruk av energi frå fossilt brensel gi utslepp av klimagassar til luft. Samstundes som næringa er ein energiforbrukar finst det òg ei moglegheit for å produsera energi gjennom ei bygningsmasse med store takflater som kan nyttast til solenergiproduksjon. Biogass eller energi frå gjødsellager, skogsavfall mv. er også energikjelder i frå landbruket.

Statistikken Energibalansen viser at jord- og skogbruk brukte om lag 3 900 GWh i 2025. Dette er ein svak nedgang frå 2024 da forbruket låg nærare 4 000 GWh. Forbruket utgjer 2,3 prosent av den totale energibruken i alle næringar eller 1,8 prosent av den totale energibruken i Noreg.

Figur 1. Energibalansen. Indeks for energibruk, etter næring. 2010-2025. 2010=100.

Bruk av energiberarar i husdyr- og planteproduksjon

Dei viktigaste energiberarane i husdyrproduksjon og planteproduksjon på friland er elektrisk kraft og diesel. Elektrisitet blir brukt til mange føremål i husdyr­produksjon, som til dømes oppvarming av fjøs, fôrhandtering, kjøling av mjølketank, fjøsvifte med meir. I planteproduksjon er korntørker og kjølelager av dei største forbrukarane av elektrisitet.

SSB samlar inn data om energibruk i jordbruket gjennom statistikken Landbruksundersøkinga med nokre års mellomrom. Forbruket av elektrisitet i jordbruket eksklusive veksthus var i 2024 på om lag 1,29 milliardar kilowattimar (kWh). Det er ein reduksjon på 0,3 milliardar kWh eller om lag 2 prosent frå 2021. Samanlikna med 2001 er det derimot ei auke på 5 prosent. Jordbruks­produksjonen var om lag den same, samstundes med at talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert. Ser ein på forbruket per jordbruksbedrift med straumforbruk var det både i 2024 og 2021 på om lag 40 000 kWh. Tilsvarande tal for 2001 var 22 000 kWh per bedrift. Skilnaden i forbruket mellom regionane har samanheng med både type produksjon og storleik på bedriftene.

Figur 2. Bruk av elektrisitet i jordbruket (eksklusiv veksthus). Heile landet og regionar. MWh

Figur 3. Forbruk av elektrisitet i jordbruket per jordbruksbedrift. Heile landet og regionar. MWh

Diesel er ein viktig innsatsfaktor for drift av maskinar og tørkeanlegg i jordbruket. I 2024 blei det i alt brukt 142 millionar liter. Det er om lag 11 prosent meir enn i 2001, men 2 prosent mindre enn 2021.

Forbruket av diesel per jordbruksbedrift var 4 000 liter i 2024. Sidan 2001 har det auka med om lag 1 700 liter, men samanlikna med 2021 har det gått marginalt ned, omtrent 200 liter.

Figur 4. Bruk av diesel i jordbruket (eksklusiv veksthus). Heile landet og regionar. 1 000 liter

Figur 5. Forbruk av diesel i jordbruket per jordbruksbedrift (eksklusiv veksthus). Heile landet og regionar. Liter

Bruk av energiberarar i veksthusproduksjon

Produksjon i veksthus er den driftsforma innanfor jordbruket som treng mest energi. Landbruksundersøkinga for 2018 viste at det totalt blei brukt 395 000 MWh elektrisitet i 2018. Elektrisitet til oppvarming har minka alle dei undersøkte åra. I høve til 2009 blei det brukt 23 prosent mindre elektrisitet i 2018.

Figur 6. Bruk av elektrisitet og naturgass i veksthus. MWh

Over tid har det skjedd store endringar i bruk av ulike energiberarar i veksthus­næringa. Fyringsolje var tidlegare ei viktig oppvarmingskjelde, men har over tid blitt erstatta av andre, meir miljøvennlege energiberarar.