Nye tal frå kosthaldsstatistikken viser ein auke i kjøpt Inkluderer eteleg mengde selde mat- og drikkevarer frå daglegvarebutikkar i Noreg. Det vil seia mengde mat og drikke etter at emballasje, skinn, skal, bein eller anna som ikkje blir ete er fjerna. Tala viser ikkje faktisk matinntak. Det inkluderer heller ikkje kjøp frå kafé, restaurant, kiosk, bensinstasjon, grensehandel, Vinmonopolet og mat servert på institusjonar. mat- og drikkevarer per person per år frå daglegvarebutikkar mellom 2018 og 2023. Auken gjeld for nær alle Mat- og drikkevaregruppering tilpassa norske forhold. Grupperinga inneheld 15 hovudgrupper (nivå 1) etter opphav og bruk med tilhøyrande undergrupper (nivå 2) og undergrupper av undergrupper (nivå 3). For heile grupperinga, sjå ssb.no/klass/klassifikasjoner/716.

– Tala for 2023 viser mellom anna at me kjøper meir kvitt kjøt og mindre raudt kjøt enn tidlegare, seier Trond Ekornrud, seniorrådgivar ved seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk i SSB.

Matvaregruppene «Fisk, sjømat, produkt av fisk og sjømat» og «Olje, smør, margarin», hadde begge ein liten nedgang. Dette var elles dei to matvaregruppene som hadde størst auke i pris mellom 2015 og 2023.

– Nedgangen kan tyda på at nordmenn har blitt påverka av prisauken, seier Ekornrud.

Stor auke i kjøp av sukkerfri brus

Tala viser ein stor auke kjøpte drikkevarer per person per år i perioden 2018-2023. Nordmenn kjøpte mellom anna i gjennomsnitt vel 112 liter sukra og søte drikkevarer utan alkohol frå daglegvarebutikkar i 2023. Dette er ein auke på 29 liter per person frå 2018. Hovudårsaka er auken i kjøp av sukkerfri brus, som er 26 liter høgare per person i 2023 enn i 2018. I tillegg er det ein stor auke i kjøp av ulike energidrikkar. For alkoholhaldig drikke, kjøpte me i gjennomsnitt 44 liter «Øl og sider, alkoholhaldig» per person i 2023, som er ein auke på 10 liter frå 2018. Vidare kjøpte nordmenn 86 liter mjølk og yoghurt per person i 2023, som er ein auke på vel 2 liter frå 2018.

Tala viser samtidig ein auke for nær alle matvaregrupper i perioden 2018-2023. Me kjøpte i gjennomsnitt 45 kg eteleg mengde kjøt og kjøtprodukt per person, og i overkant av 11 kg fisk og sjømat i daglegvarebutikkar i 2023. Medan kjøt og kjøtprodukt auka med 1 kg per person mellom 2018 og 2023, gjekk kjøp av fisk litt ned i same periode. Det kan vera fleire faktorar som bidreg til nedgangen i kjøp av fisk og fiskeprodukt. Ein viktig faktor er truleg den store prisauken på fisk i perioden 2018-2023.  

Me kjøpte i gjennomsnitt 50 kg brød per person i 2023, som er ein auke på om lag 3 kg per person samanlikna med i 2018. Vidare kjøpte me vel 85 kg friske og fryste frukt og grønsaker, som er ein auke på 5,5 kg frå 2018. Elles kjøpte me i gjennomsnitt 19 kg Inkluderer sukker, melis, honning, sirup. godteri med og utan sukker og kakao/sjokoladebaserte produkt. Inkluderer ikkje syltetøy og iskrem., som er ein auke på 3 kg per person frå 2018.

Nordmenn kjøpte òg i gjennomsnitt 26 kg Dei eteklare rettane inneheld råvarer som høyrer heime i andre matvaregrupper, som t.d. mjøl, ost, grønsaker, kjøt og fisk. I denne gruppa finn ein ofte prosessert mat. per person i daglegvarebutikkar i 2023, som er ein auke på 3,5 kg frå 2018. Eteklare kjøtrettar utgjorde den største undergruppa her med om lag 12 kg. Ulike  variantar av frosenpizza var på om lag 5 kg per person i 2023, som er ein auke på om lag 0,4 kg frå 2018.

Drikkevarer utan alkohol var den største matvaregruppa i 2023

Kosthaldet har stor betydning for helsa vår. Eit sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet, er bra for både helse og trivsel, og kan bidra til førebygging av ei rekke livsstilsjukdomar i befolkninga. Dei nasjonale kostråda (helsedirektoratet.no) anbefaler eit variert kosthald der me blir oppmoda til å eta meir av både grønsaker, frukt, bær og fisk. Samtidig blir ein anbefalt å eta mindre av raudt kjøt og kjøtprodukt, salt og saltrike matvarer, sukker, brus, saft og godteri.

I løpet av 2023 kjøpte nordmenn i gjennomsnitt om lag 672 kg eteleg mengde mat- og drikkevarer per person i norske daglegvarebutikkar. Dette er ein auke på nær 78 kg per person, eller 13 prosent, frå 2018. 

Den største mat- og drikkevaregruppa i 2023 var «Drikkevarer utan alkohol» med 166 liter per person. I denne gruppa utgjorde mellom anna kunstig søta brus vel 64 liter, brus med sukker 29 liter og jus og om lag 22 liter og ulike energidrikkar vel 7 liter. «Drikkevarer utan alkohol» auka med 33 liter per person, eller 26 prosent, mellom 2018 og 2023. Ei av hovudårsakene til den store auken kan vera at «Mineralvann, leskedrikker og juice» er ei av gruppene som hadde den lågaste prisauken i perioden 2015-2023.

– Nordmenn kjøpte over dobbelt så mykje sukkerfri brus som sukra brus i 2023. Utviklinga i perioden 2018-2023 viser at det blir stadig meir vanleg å drikka sukkerfri brus framføre sukra brus, seier Ekornrud.

Når det gjeld alkoholhaldig drikke, så kjøpte me i gjennomsnitt om lag 44 liter «Øl, sider, alkoholhaldig» per person i daglegvarebutikkar i 2023. Dette er ein auke med 9,8 liter per person, eller 28,5 prosent, i perioden 2018-2023. Hovudårsaka til dette er ein auke på 7,7 liter kjøpt øl per person mellom 2018 og 2023. 

Den nest største matvaregruppa som nordmenn kjøpte i daglegvarebutikkar i 2023 var «Mjølk, mjølkeprodukt og egg» med om lag 123 liter eteleg mengde per person. I denne gruppa utgjorde mjølk (heil-, lett- og skumma mjølk) 70 liter, fløyte og rømme snautt 7 liter, yoghurt snautt 16 liter, ost i underkant av 18 kg, medan egg utgjorde vel 10 kg. «Mjølk, mjølkeprodukt, egg» har auka med 5,4 liter per person, eller 4,6 prosent, mellom 2018 og 2023. Ei av hovudårsakene er at kjøp av ost har auka med om lag 2,7 kg per person. Det er elles kjøp av Her definert som ost med 17 prosent feitt eller meir. som har auka mest.   

Den tredje største matvaregruppa i 2023 var «Kornvarer» med vel 74 kg. I denne gruppa utgjorde brød 50 kg, mjøl, gryn og ris snautt 15 kg, kaker, smurde lefser og søt kjeks i overkant av 4 kg, frukostkorn vel 2 kg og pasta, nudlar og couscous vel 3 kg. Medan det har vore ein auke i kjøpt brød mellom 2018 og 2023, så har kjøp av eteleg mengde Her definert som brød med 6 prosent fiber eller meir. gått ned i same periode.

Figur 1 viser gjennomsnittleg eteleg mengde mat- og drikkevarer som blei kjøpt i daglegvarebutikkar per person i 2018 og 2023 fordelt etter matvaregrupper. 

Figur 1. Gjennomsnittleg eteleg mengde selde mat- og drikkevarer per person per år (kg), etter matvaregrupper. Heile landet. 2018 og 2023

Helsemyndigheitene anbefaler at me skal eta meir frukt og grønsaker. Kosthaldsstatistikken viser at nordmenn i gjennomsnitt kjøpte i underkant av 96 kg eteleg mengde Inkluderer både friske og fryste frukt, bær og grønsaker, samt produkt av frukt, bær og grønsaker. Juice er ikkje inkludert her, men i gruppa drikkevarer utan alkohol. Tala er ikkje justerte for eventuelt matsvinn. per person i 2023. Dette er ein auke på 7 kg per person samanlikna med i 2018.

Stor auke i kjøp av mat- og drikkevarer i daglegvarebutikkar under pandemien

Då koronapandemien traff Noreg i 2020, blei konsekvensane mellom anna stengte grenser, bortfall av tax free og restriksjonar for restaurant- og utelivsbransjen. Redusert grensehandel og færre restaurant- og kafébesøk førte til auka omsetning for daglegvarebutikkane i Noreg.

Tala frå kosthaldsstatistikken viser at fleire av matvaregruppene, målt i kjøpt eteleg mengde per person, hadde toppår under pandemien. Tala viser ein relativt stor auke i kjøpt eteleg mengde for alle matvaregrupper mellom 2019 og 2020. Den største prosentvise auken var for matvaregruppene «Øl, sider, alkoholhaldig», «Poteter, potetprodukt», «Drikkevarer utan alkohol» og «grønsaker og grønsaksprodukt». Nivået haldt seg også stabilt eller auka for dei fleste matvaregruppene mellom 2020 og 2021 før det blei redusert noko i 2022 – det første året etter pandemien - for fleirtalet av matvaregruppene. Sjølv om det var ein nedgang for fleirtalet av matvarene mellom 2021 og 2022, så var nivået for kjøpt eteleg mengde i 2023 framleis høgare enn i åra før pandemien for nær alle matvaregrupper.

Figur 2 viser gjennomsnittleg eteleg mengde mat- og drikkevarer som blei kjøpt i daglegvarebutikkar per person i perioden 2018-2023 fordelt etter matvaregrupper. 

Figur 2 

Visualiseringa viser utviklinga i selde mengder mat- og drikkevarer per person per år, målt i kilo, for perioden 2018 til 2023. Ho består av eit linjediagram der kvar linje representerer ei matvaregruppe. Du kan velja éi eller fleire grupper frå nedtrekksmenyen øvst for å tilpassa visninga.

Brukarrettleiing:

Bruk nedtrekksmenyen for å velja kva matvaregrupper du vil sjå. Du kan òg klikka på fargeforklaringa til høgre for å framheva ei bestemt gruppe. Hald musepeikaren over ei linje for å sjå nøyaktige verdiar. Nedst til høgre finn du ikon for å dela, byggja inn eller lasta ned visualiseringa og data.

Metainformasjon:
All informasjon om tala finn du i statistikken Kosthald.

Talgrunnlag:
Talgrunnlaget ligger i Statistikkbank-tabell 13692.

Tilgjengelegheit:

I denne interaktive visualiseringa testar vi ut presentasjon av tal frå Statistisk sentralbyrå på ein alternativ og visuell måte, og løysinga kan reknast som ein pilot. Vi har lagt vekt på å utvikla slike visualiseringar med relativt liten ressursbruk og har nytta eit tredjepartsverktøy (her: Tableau Public). Føremålet er å få erfaring med nye formidlingsformer, samt få innspel frå brukarane.

Tenesta er optimalisert for større skjermar, og det kan vera at interaktiviteten ikkje er like brukarvenleg på mobile einingar. Verktøyet oppfyller dei fleste krava til universell utforming, men datavisualiseringar er i seg sjølve mest nyttige for personar med synssans. Send ein førespurnad til kontaktpersonane dersom du ønskjer tilgang til dette innhaldet på ein alternativ måte.

Det kan vera fleire faktorar som bidreg til at kjøpt eteleg mengde mat- og drikkevarer framleis er høgare etter pandemien samanlikna med åra før. Ein faktor kan vera at kjøpsmønstera som nordmenn tileigna seg under pandemien, har halde fram også i åra etter gjenopninga. Eit døme er kjøp av alkoholhaldig drikke frå daglegvarebutikkar («Øl og sider, alkoholhaldig»), som hadde ein stor prosentvis auke i kjøpt mengde mellom 2019 og 2020, men som i 2023 ligg på omtrent nivå som i 2020. Dette kan tyda på at kjøpemønsteret me la til oss under pandemien, der kjøp av alkohol på restaurant, kafé og bar var avgrensa, til ein viss grad er vidareført etter pandemien. Ein annan faktor kan vera Ein periode med høge eller sterkt auka prisar, såkalla inflasjon., som har bidrege til at ein i større grad enn tidlegare kjøper størsteparten av all mat og drikke frå daglegvarebutikkar og mindre frå restaurant eller liknande samanlikna med i åra før pandemien.  

Nordmenn kjøpte mindre raudt kjøt og meir kvitt kjøt i 2023 enn i 2018

Helsemyndigheitene anbefaler nordmenn å eta mindre raudt kjøt. I 2023 kjøpte me i gjennomsnitt i overkant av 45 kg eteleg mengde kjøt og kjøtprodukt per person i daglegvarebutikkar, som er ein auke på 1 kg per person samanlikna med i 2018. Heilt eller kverna kjøt utgjorde i underkant av 23 kg av dette. Middagspølser, kjøtkaker/karbonadar, burgar og postei utgjorde snautt 16 kg, medan salta, røykt og tørka kjøt om lag 7 kg.

– Nordmenn kjøpte i gjennomsnitt meir raudt enn kvitt kjøt per person i 2023. Medan me kjøpte 13 kg heilt eller kverna raudt kjøt, så kjøpte me 9 kg kvitt kjøt. I perioden 2018-2023 har rett nok kjøp av raudt kjøt gått ned og kjøp av kvitt kjøt gått opp, noko som betyr at forskjellen mellom kjøpt raudt og kvitt kjøt minkar, seier Ekornrud.

I dei nasjonale kostråda blir det anbefalt å eta meir fisk og fiskeprodukt. I 2023 kjøpte nordmenn i gjennomsnitt i overkant av 11 kg eteleg mengde «Fisk, sjømat, produkt av fisk og sjømat» per person. Gruppa fersk, kjølt og fryst fisk utgjorde vel 3 kg av dette, fiskeprodukt i overkant av 5 kg, medan skaldyr utgjorde i underkant av 2 kg. Tala for kjøpt eteleg mengde fisk og fiskeprodukt viser ein liten nedgang mellom 2018 og 2023.

Helsemyndigheitene anbefaler elles at me skal eta mindre søtsaker. For matvaregruppa «Sukker, søtsaker, syltetøy m.m.», blei det i gjennomsnitt kjøpt i underkant av 29 kg eteleg mengde per person i løpet av 2023. Av desse utgjorde godteri med sukker i overkant av 5 kg, ulike typar syltetøy i underkant av 4 kg, medan ulike typar iskrem utgjorde snautt 7 kg. «Sukker, søtsaker, syltetøy m.m.» har auka med vel 3 kg per person frå 2018 til 2023. Ei av årsakene til auken kan vera at varegruppa «sukker, syltetøy, honning, sjokolade og sukkervarer», var ei av gruppene som hadde den lågaste auken i konsumprisindeksen i perioden 2015-2023. I tillegg kan fjerninga av særavgifta på sjokolade- og sukkervarer frå og med 2021 verka inn på auken.

Størst dagleg mengde karbohydrat per person

Kosthaldsstatistikken presenterer også tal for gjennomsnittleg mengde Næringsstoffa er byggjeklossane i matvarene som gir oss energi og/eller næring. Energi og næringsstoff er i hovudsak berekna frå deklarerte verdiar og tal frå den offisielle norske matvaretabellen. For varer som manglar verdiar, er maskinlæring brukt for å predikera verdiar. For fullstendig kodeliste, sjå: ssb.no/klass/klassifikasjoner/718/koder"/ per person per dag. Tala er baserte på eteleg mengde kjøpte matvarer i daglegvarebutikkar. Tala viser ikkje faktisk inntak av energi og næringsstoff per person. Det viser også berre gjennomsnittsverdiar for heile befolkninga. For tal på faktisk inntak og for ulike grupper i befolkninga, må ein sjå til utvalsundersøkingar som måler dette spesifikt, t.d. Norkost 4.

«Utviklingen i norsk kosthold (Helsedirektoratet.no)» viser at energi på engrosnivå var på 11 Energi i kosthaldet blir oppgitt i Mega joule (MJ). per person per dag i 2023. Resultata frå kosthaldsstatistikken viser at energiinnhaldet frå kjøpte matvarer i daglegvarebutikkar per person per dag har auka frå 9,5 MJ i 2018 til 10,4 MJ i 2023. Tala for 2023 er noko lågare enn i matforsyningsstatistikken og den nasjonale kosthaldsundersøkinga blant vaksne, Norkost 4. Det er viktig å understreka at tala berre inkluderer kjøp frå daglegvarebutikkar. I tillegg gjeld tala per person i heile befolkninga, ikkje berre den vaksne.

– Resultata for 2023 viser at karbohydrat og feitt var dei to energigivande næringsstoffa den kjøpte maten innehaldt mest av. Dette er som forventa og er relativt stabilt gjennom heile perioden 2018-2023, seier Ekornrud.

Tala for utviklinga i perioden 2018-2023 viser at gjennomsnittleg mengde næringsstoff per person frå den kjøpte maten i daglegvarebutikkar har auka for alle næringsstoff. Figur 3 viser gjennomsnittleg mengde næringsstoff i selde mat- og drikkevarer per person per dag i 2018 og 2023.

Figur 3. Gjennomsnittleg mengde næringsstoff per person per dag (gram) i selde mat- og drikkevarer. Heile landet. 2018 og 2023

¹ Verdien for sukkerartar inngår òg som ein del av verdien for karbohydrat totalt.
² Verdien for metta feittsyrer inngår òg som ein del av feitt totalt.

Gjennomsnittleg dagleg mengde karbohydrat per person frå kjøpte mat- og drikkevarer var på vel 267 gram i 2023. Av desse utgjorde Inkluderer både reint sukker (sukrose) i søta produkt, samt det som finst naturleg som druesukker (glukose) og fruktsukker (fruktose)  i frukt og grønsaker og som mjølkesukker (laktose) i mjølk. om lag 108 gram. Både karbohydrat totalt og sukkerartar har auka i perioden 2018 til 2023.

For feitt var gjennomsnittleg dagleg mengde i underkant av 111 gram per person per dag der metta feittsyrer utgjorde vel 41 gram. Vidare viser resultata at dagleg mengde protein per person per dag var på om lag 87 gram, kostfiber i overkant av 25 gram, medan alkohol var på i overkant av 4 gram.

Resultata for Inkluderer både reint salt og sukker, samt det som inngår i andre mat- og drikkevarer. viser mellom anna at nordmenn i gjennomsnitt kjøpte meir salt per person per dag enn anbefalingane i dei nasjonale kostråda. Dei nasjonale kostråda anbefaler at ein skal avgrensa det daglege inntaket av salt og saltrike matvarer. Det same gjeld for inntaket av sukker, brus, saft og godteri.

Tal for 2023 viser at kjøpt eteleg mengde Alle saltpakningar over 1 kg er fjerna frå matvareutvalet. per person var 9,6 gram og er ein auke frå 8,8 gram i 2018. Både tala i 2018 og 2023 er høgare enn det anbefalte daglege inntaket i kostråda på omkring 5-6 gram.

For sukkartar viser tala at eteleg mengde per person per dag var på 108 gram i 2023, som er ein auke frå 89 gram i 2018. Det finst inga anbefaling på dagleg mengde sukkerartar, berre for tilsett sukker.

Næringsstoffa sine prosentvise energibidrag

Dei energigivande næringsstoffa i kosthaldet vårt er karbohydrat, protein, feitt, kostfiber og alkohol (Mattilsynet 2025). Delen av det totale energiinnhaldet i kosthaldet som kjem frå dei energigivande næringsstoffa blir ofte gitt i nemninga energiprosent (E%).

Figur 4 viser dei ulike energivande næringsstoffa sine prosentvise bidrag til den totale energimengda i kjøpte matvarer frå daglegvarebutikkar i 2023.

Figur 4. Energigivande næringsstoff sine bidrag til det totale energiinnhaldet i selde mat- og drikkevarer. Prosent (E%). 2023

Karbohydrat var den største bidragsytaren til energien i kjøpte mat- og drikkevarer i daglegvarebutikkar i 2023 med nær 44 prosent. Det blir anbefalt av norske helsemyndigheiter at det totale karbohydratinnhaldet i kosthaldet skal ligga mellom 45–60 energiprosent. Sukkerartar, som inngår i karbohydrat, utgjorde i underkant av 18 prosent av det totale energiinnhaldet.

Feitt var den nest største bidragsytaren til det totale energiinnhaldet med i underkant av 40 prosent. Det blir anbefalt at feittinnhaldet i kosthaldet skal ligga mellom 25–40 energiprosent. Metta feittsyrer, som inngår i feitt, utgjorde i underkant av 15 prosent av det totale energiinnhaldet. Det er anbefalt at metta feitt i kosten ligg under 10 energiprosent.

Protein utgjorde det tredje største energibidraget med i overkant av 14 prosent. Det blir anbefalt at proteininnhaldet til kosthaldet skal ligga mellom 10–20 energiprosent. Elles viser tala at kostfiber utgjorde om lag 2 prosent, og alkohol frå drikkevarer bidrog med i overkant av 2 prosent av den totale energimengda i den kjøpte maten frå daglegvarebutikkar.

Det er små endringar i tala for energiprosent i 2023 samanlikna med i 2018. Energiprosenten til feitt, kostfiber og protein i 2023 har minka noko samanlikna med i 2018, mens den har auka litt for karbohydrat og alkohol.  

For matvaregruppene som bidrog mest til dei ulike energigivande næringsstoffa i 2023, så viser grunnlagstala at «Kornvarer» og «Sukker, søtsaker og syltetøy» var dei to største kjeldene til den totale mengda karbohydrat i kjøpe matvarer med høvesvis 39 og 17 prosent av den totale mengda karbohydrat. For feitt totalt var det gruppene «Mjølk og mjølkeprodukt» og «Olje, smør og margarin» med høvesvis 21 og 18 prosent. Også for metta feitt var det dei to same to matvaregruppene som bidrog mest med høvesvis 34 og 17 prosent. For protein var det «Mjølk og mjølkeprodukt» og «Kjøt og kjøtprodukt» og med høvesvis 27 og 24 prosent, medan det for kostfiber var Kornvarer og Grønsaker, grønsaksprodukt (høvesvis 40 og 13 prosent). Utviklinga i perioden 2018-2023 viser relativt små endringar i kva matvarer som bidreg mest til dei ulike energigivande næringsstoffa.  

SSB har utvikla ein kosthaldsstatistikk, som ved hjelp av ein ny metode gjer det mogleg å følgja utviklinga i befolkninga sine innkjøp av mat- og drikkevarer i daglegvarebutikkar frå år til år. Statistikken er basert på ei samanstilling av opplysningar frå følgjande datakjelder: 

  • Data over faktisk mengde selde mat- og drikkevarer på enkeltvarenivå (med unikt id-nummer) frå eit utval på 169 daglegvarebutikkar frå dei fire største daglegvarekjedene (Bunnpris, Coop, Norgesgruppen og Rema 1000). Dette er same utval som blir brukt til å laga Konsumprisindeksen.
  • Tradesolutions (vetduat.no) database med opplysningar om næringsinnhald, vekt og volum for ei rekke mat- og drikkevarer (med unikt id-nummer)   
  • Matvaretabellen (matvaretabellen.no) – oversikt over næringsinnhald, eteleg del for ulike mat- og drikkevarer
  • Kassal.app – database med opplysningar om næringsinnhald for ei rekke mat- og drikkevarer (med unikt id-nummer) 
  • Ulike nettsider som t.d. Unil.no med opplysningar om næringsinnhald, vekt og volum for ei rekke mat- og drikkevarer (med unikt id-nummer)   
  • Maskinlæring er brukt til å predikera næringsinnhald for alle varer som manglar opplysningar om dette frå dei andre datakjeldene
  • Verksemd og foretaksregisteret (VoF) - for å estimera tala for eteleg mengde selde varer frå utvalet butikkar til å bli landsrepresentativt. Her er det laga vekter for dei ulike kjedene basert på omsetningstal for alle verksemder i næring 47.111 Butikkhandel med breitt vareutval med hovudvekt på nærings- og nytelesemidlar
  • SBBs befolkningsstatistikk – befolkning i alt per 31.12 det aktuelle året for å finna gjennomsnittleg eteleg mengde per person i befolkninga.

Ved hjelp av ein ny metode gir statistikken ei oversikt over kosthaldet i den norske befolkninga. Metoden nyttar tal for eteleg mengde selde matvarer i eit utval norske daglegvarebutikkar i løpet av året. Statistikken presenterer tal for gjennomsnittleg eteleg mengde kjøpte mat- og drikkevarer per person i befolkninga per dag og per år, etter matvaregrupper og næringsinnhald. For meir om metoden som blir brukt, sjå om statistikken og metodenotatet «Kostholdsstatistikk - Metodenotat for publisering av 2018-årgangen».  

Statistikken må sjåast i samanheng med tal frå «Utviklingen i norsk kosthold (helsedirektoratet.no)» og utvalsundersøkingar om eigenrapportert matinntak som Norkost 4 (Helsedirektoratet.no) og Forbruksundersøkinga til SSB. Arbeidet med statistikken er finansiert av Helsedirektoratet, og utarbeidd i samarbeid med Avdeling for ernæringsvitskap ved Universitet i Oslo.

Det er viktig å understreka at tala er basert på salstal frå eit utval på om lag 170 daglegvarebutikkar. Dersom det er ein skeivskap i matvarekjøpsmønsteret i butikkutvalet samanlikna med den totale butikkpopulasjonen kan dette påverka gjennomsnittstala for kjøpt eteleg mengde per person. Dette kan vera gjeldande innanfor enkelte matvaregrupper, og særleg for den mest detaljerte inndelinga av matvaregrupper (nivå 3).