Både fødselsoverskot og nettoinnvandring bidrog til auken. Det viser nye tal frå statistikken Befolkning.

– Det var fleire som vart fødd enn som døydde, og det var fleire som flytte til enn ut frå Noreg. I sum vart det då ein auke i folketalet, seier seniorrådgjevar Magnus Haug i SSB.

Talet på fødde var 54 000, opp 2 030 frå året før. Dermed auka fødselsoverskotet med 1 590, sjølv om talet på døde auka med 440.

På landsnivå er det sjeldan store endringar i fødsels- og dødstala frå år til år. Tala på kor mange som flyttar inn og ut av landet svingar meir.

– Det var 20 500 færre innvandringar enn året før. Mellom anna var det 12 600 færre ukrainske statsborgarar som flytte til landet, seier Haug.

Figur 1. Befolkningsendringar i Noreg, 2000–2024

SSB kjem attende med detaljert statistikk for fødde og døde 11. mars.

Frå 3 600 til 80 300 ukrainarar på tre år

På tre år har talet på Personar som har både norsk og ukrainsk statsborgarskap vert talde som norske statsborgarar i befolkningsstatistikken. Dei er dermed ikkje rekna med i desse tala. auka frå 3 600 til 80 300.

– Dermed er ukrainarar den nest største gruppa utanlandske statsborgarar i landet. Til samanlikning er det 111 100 polske statsborgarar, medan 48 900 litauarar utgjer den tredje største gruppa, seier seniorrådgjevar Magnus Haug i SSB.

56,6 prosent av ukrainarane er kvinner, samanlikna med 49,5 prosent blant resten av befolkninga. Dei er òg yngre enn resten av befolkninga: 80,6 prosent av ukrainarane er under 50 år, mot 61,5 prosent av resten av befolkninga.

Finn tal for din kommune

Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for 2024, for alle kommunar etter fylke:


Østfold

Akershus

Oslo

Buskerud

Innlandet

Vestfold

Telemark

Agder

Rogaland

Vestland

Møre og Romsdal

Trøndelag

Nordland

Troms

Finnmark