Både fødselsoverskot og nettoinnvandring bidrog til auken. Det viser nye tal frå statistikken Befolkning.
– Det var fleire som vart fødd enn som døydde, og det var fleire som flytte til enn ut frå Noreg. I sum vart det då ein auke i folketalet, seier seniorrådgjevar Magnus Haug i SSB.
Talet på fødde var 55 400, opp 1 400 frå året før. Dermed auka fødselsoverskotet med 600, sjølv om talet på døde auka med 800.
På landsnivå er det sjeldan store endringar i fødsels- og dødstala frå år til år. Tala på kor mange som flyttar inn og ut av landet svingar meir.
– Det var 10 800 færre innvandringar enn året før. Mellom anna var det 7 500 færre ukrainske statsborgarar som flytte til landet, seier Haug.
SSB kjem attende med detaljert statistikk for fødde og døde 12. mars, og for innvandringar og andre typar flyttingar 13. mars.
Finn tal for din kommune
Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for 2025, for alle kommunar etter fylke:

