Statistikk over personar med funksjonsnedsetjingar var ein fast del av Arbeidskraftundersøkinga (AKU) i heile perioden frå 2002 til 2021, som ei tilleggsundersøking. I åra etter har temaet ikkje vore med i AKU, av grunnar forklara i boks nedanfor. Når temaet no blir reintrodusert i AKU frå og med 2027 vil det vere ein del av undersøkinga kvart oddetalsår framover. Det betyr at denne statistikken blir teke opp att frå og med publiseringa av tal for 2027 i februar 2028. Deretter vil tala bli publisert kvart anna år.

Personar med funksjonsnedsetjing blir ofte omtala som ein av dei største minoritetane i Noreg, og det er stor interesse for statistikk om situasjonen deira på arbeidsmarknaden. Trass i rett til arbeid på lik linje med andre, er yrkesdeltakinga lågare i denne gruppa. Arbeid gir store fordelar både for den enkelte og for samfunnet, mellom anna økonomisk og sosialt, og auka sysselsetjing kan gi store samfunnsøkonomiske gevinstar. Låg deltaking i arbeidslivet kan skuldast fleire forhold, som manglande universell utforming, lite treffsikre ordningar, haldningar, kunnskapsmangel og diskriminering. Statistikken kan ikkje forklare årsakene direkte, men kan vise utviklinga i sysselsetjing, skilnader mellom grupper og forhold som tilrettelegging og ønskje om arbeid. Det er difor eit sterkt nasjonalt behov for å følgje utviklinga i sysselsetjinga og arbeidstilbodet blant personar med funksjonsnedsetjing, både av omsyn til den enkelte og til samfunnet som heilskap.

Ny definisjon av funksjonsnedsetjing

Tidlegare blei personar med funksjonsnedsetjing fanga opp på litt ulike måtar i Statistisk sentralbyrå (SSB) sine personundersøkingar. Manglande samordning på feltet gjorde det vanskeleg å samanlikne resultat og få eit konsistent bilete av levekår og deltaking i samfunnet for personar med funksjonsnedsetjing. Det blei difor satt i gang eit prosjekt finansiert av Bufdir, som munna ut i eit notat med ei tydeleg tilråding om framgangsmåte for å avgrense personar med funksjonsnedsetjing i personundersøkingar.

Den nye tilrådinga er eit spørsmålssett i to trinn: først eit ja/nei-spørsmål om ein har ei fysisk, psykisk eller kognitiv funksjonsnedsetjing, deretter eit spørsmål om graden av avgrensing i dagleglivet. Det blir tilrådd at det første spørsmålet åleine blir brukt til dømevis deltaking i arbeidsmarknaden for personar med funksjonsnedsetjing, altså at alle som svarar ja på det spørsmålet blir definert å ha funksjonsnedsetjing. Grunnen til dette er at ein, ved å leggje opplevde avgrensingar inn i definisjonen av gruppa, risikerer å ikkje fange opp korleis endringar i samfunnet påverkar utfall for gruppa. Spørsmålet om opplevde avgrensingar gjer det mogleg med supplerande analysar av skilnader i levekår for gruppa.

Det blir nokre endringar sjølv om statistikken blir teken opp att

Spørsmålssettet i tilrådinga nemnd ovanfor blir teke inn i AKU frå og med når datainnsamlinga for året 2027 byrjar, som vil seie frå og med januar 2027. Personar som deltek i Årsutvalet er 1/4 av utvalet i AKU og består av respondentane som er med i panelundersøkinga for 2. eller 6. gong (av i alt 8 gonger). AKU er i utgangspunktet ein kvartalsundersøking der dei som deltek i undersøkinga får spørsmål om til dømes sysselsetjing og eventuelt jobbsøking kvart einaste kvartal dei deltek. Andre tema av meir varig karakter blir berre stilt til respondentane ein gong i året, nærmare bestemt til årsutvalet. Desse temaa blir det følgeleg berre publisert årstal for. for AKU, vil dermed få spørsmålet «har du ei fysisk, psykisk eller kognitiv funksjonsnedsetjing». Dei som svarar ja på dette vil, i tråd med tilrådinga nemnd ovanfor, få spørsmålet om graden av avgrensing i dagleglivet og deretter tilleggsundersøkinga for personar med funksjonsnedsetjing slik ho var utforma tidlegare. Dette nye spørsmålet er godt egna både for telefonintervju og for svar via webskjema, som AKU er i ferd med å innføre som valfritt supplement til telefonintervju.

At det frå 2027 blir eit nytt spørsmål som definerer gruppa «personar med funksjonsnedsetjing» betyr også at det blir eit brot i statistikken frå og med det året. Tala vil truleg ikkje bli direkte samanliknbare med tala for perioden 2002–2020 sidan det då blei brukt ein annan måte å definere gruppa «personar med funksjonsnedsetjing». Denne måten innebar at dei som skulle svare måtte ta stilling til eit spørsmål med ei lang forklaring av funksjonsnedsetjing, og som dermed ikkje var egna for webskjema fordi mange svarer på webskjema på små skjermar (smarttelefon). Dei nye tala vil heller ikkje bli samanliknbare med tala for 2021, men det er heller ikkje ønskeleg sidan det då berre var ei undergruppe av personar med funksjonsnedsetjing som blei fanga opp det året, som forklara nedanfor i boksen om bakgrunnen for at temaet blei teke ut av AKU. Korleis gruppa blei definert høvesvis i åra 2002–2020 og i 2021 er også forklara nærmare i eigen boks nedanfor.

I tillegg til ny definisjon av funksjonsnedsetjing blir det ei endring i kor ofte statistikken vil bli publisert. Tidlegare blei statistikken publisert kvart år, medan den nye berre vil bli publisert annakvart år. Dette heng saman med at spørsmåla om funksjonsnedsetjing må bli stilt til årsutvalet i AKU, men ikkje samtidig med enkelte spørsmål om helse, som blir stilt annakvart år (partalsår). Desse spørsmåla om helse må bli stilt årsutvalet i AKU i partalsår ifølje EU-forordninga AKU er underlagt (eur-lex.europa.eu). Det er nettopp desse spørsmåla som i 2021 blei brukt i definisjonen av funksjonsnedsetjing og som ga uønskte resultat. Det er heller ikkje ønskeleg å stille spørsmål om funksjonsnedsetjing i tillegg til helsespørsmåla til respondentane som deltek i undersøkinga, av grunnar forklara nærmare i eit eige notat. For å skilje temaet om funksjonsnedsetjing frå det som har med helseproblem å gjere, er det difor nødvendig å stille desse spørsmåla annakvart år.

Frå og med 2023 har det vore frivillig for personar under 18 år å deltake i AKU. Dette i motsetnad til dei som blir trekt ut i myndig alder (18 år og eldre), som må svare på undersøkinga. Dei som er med i AKU deltek i undersøkinga i to år. I praksis er difor undersøkinga frivillig også for dei 18- og 19-åringane som blei trekt ut til å vere med i undersøkinga før dei blei myndige. Det er svært høgt prioritert frå SSB si side å leggje til rette for at flest mogleg av dei som deltek i undersøkinga på frivillig basis, faktisk vel å svare. Éin måte å leggje til rette for det, er å redusere omfanget av spørsmål som blir stilt i undersøkinga, og særleg spørsmål som kan bli oppfatta som sensitive. Spørsmål om funksjonsnedsetjing er døme på slike spørsmål. Sjølv om mange ungdommar og unge vaksne deltek på arbeidsmarknaden, er det ofte skulegang, studiar eller opplæring som er hovudfokus i tenåra. I ei avveging mellom omsynet til samfunnsnyttig statistikk og omsynet til lågast mogleg Oppgåvebyrde er eit ord som blir brukt for å beskrive at det er ei byrde å delteke i spørjeundersøkingar, både fordi det tar tid å svare og fordi spørsmål kan vere vanskelege og/eller ubehagelege å svare på. Kva ein person synes er ubehageleg å svare på er sjølvsagt subjektivt og kan variere mellom innsamlingsmetoder (til dømes telefonintervju versus webskjema), men spørsmål om helsetilstand eller funksjonsnivå blir oftare oppfatta som meir personlege og kanskje ubehagelege å svare på enn spørsmål om til dømes jobbsøking eller kva for yrke ein har. for dei som deltek i AKU frivillig, har SSB valt å sette 20 år som nedre aldersgrense for å kunne få spørsmålet om funksjonsnedsetjing – og dermed eventuelt resten av tilleggsundersøkinga. Det betyr at statistikken som blir publisert frå 2028 vil gjelde personar 20–66 år, endra frå 15–66 år i perioden 2006-2021 (og 16-66 år i perioden 2002–2005).

Forskjell mellom nasjonale og internasjonale tal

Sidan AKU er underlagt EU-forordning blir norske AKU-data sendt til det europeiske statistikkbyrået, Eurostat, som publiserer sine eigne tabellar (ec.europa.eu). Eurostat bruker helsespørsmåla, som altså blir samla inn i EU- og EØS-landa i partalsår, som ei erstatning for spørsmål om funksjonsnedsetjing og presenterer tal basert på desse spørsmåla som tal for funksjonsnedsetjing (disability). Data basert på nasjonale spørsmål, altså spørsmål som landa sjølv har valt å ha med i AKU, blir ikkje sendt til Eurostat. Dei nye spørsmåla om funksjonsnedsetjing og  tilleggsundersøkinga er døme på slike nasjonale spørsmål. Følgeleg vil det framover eksistere to sett med tabellar med tal frå norsk AKU om funksjonsnedsetjing, men med to heilt forskjellige definisjonar og for forskjellige år.

Oppsummert vil publisering av statistikk over personar med funksjonsnedsetjing sin situasjon på arbeidsmarknaden bli teken opp att på ssb.no i byrjinga av 2028. Deretter vil det bli publisert tal annakvart år. Dataa vil også bli sendt til Sikt (sikt.no), til bruk i forsking og analyse.

Denne artikkelen er finansiert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Frå 2021 blei det gjort fleire endringar i AKU, og mellom anna blei definisjonen av «personar med funksjonsnedsetjingar» endra. Kort forklara blei eit nytt spørsmål om helseproblem brukt på ein slik måte at berre personar med helseproblem kunne bli definerte som personar med funksjonsnedsetjingar. Kvifor dette blei gjort og detaljane rundt korleis gruppa blei definert i AKU i 2021, er forklara nærmare i eit notat frå 2024.

Resultatet av 2021-endringane var at det var personar med helseproblem og funksjonsnedsetjing, som blei fanga opp – altså berre ei undergruppe av alle personar med funksjonsnedsetjing. Då tala frå 2021 blei presentert på ssb.no, fekk Statistisk sentralbyrå (SSB) fleire innspel frå sentrale brukarar av AKU-statistikken om personar med funksjonsnedsetjingar, som peika på at statistikken var forringa, i hovudsak fordi funksjonsnedsetjingar verken trenger påverke helse eller vere knytt til helse. SSB svarte med å endre på omgrepsbruken i publiserte tabellar, ta temaet midlertidig ut av AKU og starte ei utgreiing med sikte på å få temaet inn i AKU igjen.

Utgreiinga konkluderte med at temaet burde bli teke inn igjen i AKU i oddetalsår (oddetalsår fordi helsespørsmåla må vere med i AKU i partalsår grunna internasjonale forpliktingar), med føresetnad om at ein kom fram til ein måte å måle gruppa «personar med funksjonsnedsetjing» på, som var egna til bruk i AKU. SSB satt i gang eit prosjekt finansiert av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) med kartlegging av korleis funksjonsendesetjing blei målt på i SSB sine personundersøkingar. Denne kartlegginga var første del av for eit prosjekt for å komme fram til ein felles framgangsmåte for å måle gruppa «personar med funksjonsnedsetjing» på til bruk i SSB sine personundersøkingar, som det blei publisert eit notat om i juni 2026. Det er tilrådinga i dette notatet SSB planleggar å introdusere i AKU frå og med 2027.

I 2021 blei det gjort endringar i AKU-spørjeskjemaet og også noko i måten AKU blei samla inn på. I perioden 2002–2020 fekk personar som var med i AKU i 2. kvartal spørsmålet: «I tillegg har vi nokre spørsmål om funksjonshemming. Med funksjonshemming meiner vi fysiske eller psykiske helseproblem av meir varig karakter som kan føre til avgrensingar i det daglege livet. Det kan til dømes vere sterkt nedsett syn eller høyrsel, lese- og skrivevanskar, rørslehemmingar, hjarte- eller lungeproblem, psykisk utviklingshemming, psykiske lidingar eller anna. Etter di meining, har du ei funksjonshemming?» Dei som svara ja blei definert å ha ei funksjonsnedsetjing, og fekk spørsmåla i tilleggsundersøkinga om funksjonsnedsetjing. I intervjuinstruksen, altså rettleiinga intervjuarane tek utgangspunkt i dersom personane som svarar på undersøkinga har oppklarande spørsmål, vart «varig karakter» konkretisert til minst seks månader.

I det nye AKU-spørjeskjemaet frå og med 2021 vart det gamle spørsmålet om funksjonsnedsetjing ovanfor bytt ut med tre korte ja/nei-spørsmål. Personar som var med i AKU for 2. eller 6. gong, fekk følgjande spørsmål: «No kjem nokre spørsmål om helse. Har du i dag nokon sjukdom eller helseproblem som har vart i minst 6 månader?» Dei som svara ja, og berre dei som svara ja, fekk spørsmålet «Avgrensar sjukdomen eller helseproblema kva du kan gjere i kvardagen?» Dei som svara ja, og berre dei som svara ja, fekk spørsmål om graden av avgrensingar og deretter spørsmålet: «Tenkjer du på dette som ei funksjonshemming?» Dei som svara ja, gjekk vidare til spørsmåla i tilleggsundersøkinga om funksjonsnedsetjing. Framgangsmåten i 2021 fanga dermed opp ei anna gruppe enn tidlegare; nærare bestemt vart personar med helseproblem og funksjonsnedsetjing fanga opp.

Meir informasjon om desse to definisjonane og om bakgrunnen for endringane innført i 2021 finnes i eit eige notat.