Impact cases blir brukt av mange forskingsinstitusjonar for å synleggjere korleis og på kva måte forsking har innverknad på politikk, næringsliv, samfunnsliv, helse og miljø. Statistisk sentralbyrå (SSB) har som målsetting å levere forsking og analyser som skal være til nytte for forvaltninga, Stortinget, partane i arbeidslivet og allmennheita.
Denne impact casen tek føre seg levekårsundersøkinga for studentar. Levekårsundersøkinga for studentar er ei spørjeundersøking som har vorte gjennomført med ujamne mellomrom sidan 1998, og siste runde vart gjennomført i 2021. Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse har finansiert undersøkinga. Dette notatet viser korleis levekårsundersøkinga for studentar (2021) har vorte nytta i tida etterpå.
Levekårsundersøkinga for studentar 2021. Impact case
Dette notatet viser korleis levekårsundersøkinga for studentar (2021) har vorte nytta i tida etterpå.
Notater 2025/24
Publisert: 26. juni 2025
ISBN (elektronisk):978-82-587-2020-8
Artikkelen er ein del av serien
ISBN (elektronisk):978-82-587-2020-8