I januar 2022 betalte eit gjennomsnittleg norsk hushald om lag 2 770 kroner i månaden for ein barnehageplass. I tillegg kravde barnehagane i snitt inn 336 kroner for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter. Eit års Undersøkinga måler månedssatsar for fulltidsopphald på 41 timer eller meir per uke. i norske barnehagar, inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter, kosta i snitt 34 165 kroner i januar 2022. Dette er ei auke på 3,8 prosent samanlikna med same tid i fjor, syner nye tal frå statistikken "Foreldrebetaling i barnehagar"

Tala er rekna ut ifrå eit rikt datagrunnlag, med fullteljing av både private og kommunale barnehagar. Dette gjev oss eit godt bilete av gjennomsnittleg foreldrebetaling for barn i barnehagen. For meir detaljar, sjå rapporten Foreldrebetaling i barnehager, januar 2022.

Maksimalgrense for foreldrebetalinga fastsett av Stortinget. Makspris for 2022 er 3 315 kroner per månad, og totalt 36 465 kroner per år. vart frå januar 2022 auka frå 3 230 kroner til 3 315 kroner per månad. Den nominelle auken er ca. 2,6 prosent. Ettersom dei aller fleste barnehagar følgjer den nasjonalt bestemte satsen, har dette vore eit bidrag til auken i foreldrebetaling i barnehagar frå januar 2021 til januar 2022. Det som forklarer forskjellen på den nominelle og reelle aukinga for foreldrebetalinga er auka gjennomsnittlege kostpengar og tilleggsutgifter frå 2021 til 2022.

Høgast og lågast

I januar 2022 hadde Møre og Romsdal fylke høgast gjennomsnittleg Den estimerte årsbetalinga inkluderer barnehagesats, kostpengar og andre tilleggsutgifter, samt tar omsyn til betalingsmoderasjon grunna lav inntekt, gratis kjernetid, søskenmoderasjon og friplassar Årsbetalinger er konsekvent berekna for 11 betalingsterminar. på 35 293 kroner, ei auke på 2,9 prosent frå januar 2021.

På motsett side var det lågast gjennomsnittleg årsbetaling i Agder, kor årsbetalinga viste oppgang frå 30 785 til 32 717 kroner. Samanlikna med Møre og Romsdal vart ein større del av barna omfatta av moderasjonsordningar i Agder. Dette svara til moderasjon i form av friplass, reduksjon i foreldrebetaling og søskenmoderasjon.

Kostpengar og andre utgifter

I januar 2022 betalte eit gjennomsnittleg hushald rundt 3 212 kroner årleg i kostpengar og andre tilleggsutgifter for et barn i kommunal barnehage. Tilsvarande tal i januar 2021 var rundt 2 629 kroner. Hushald med barn i privateigde barnehagar betalte i gjennomsnitt litt under 4 200 kroner i januar 2022 i kostpengar og andre tilleggsutgifter årleg, medan dei i januar 2021 betalte litt under 3 900 kroner. For barn i kommunale barnehagar gir det ei auking på 22 prosent i kostpengar og andre tilleggsutgifter årleg frå januar 2021 til januar 2022. For barn i privateigde barnehagar var auken på 7,6 prosent.

Foreldre med barn i private barnehagar betaler i gjennomsnitt meir i kostpengar og andre tilleggsutgifter enn foreldre som har barn i kommunale barnehagar, men denne forskjellen har gått ned frå i fjor til i år. I januar 2022 var forskjellen i gjennomsnittleg årleg betaling for kostpengar og andre tilleggsutgifter 957 kroner mot 1243 kroner i januar 2021.