På grunn av pandemirestriksjonar har det lenge vore vanskeleg å samanlikne utviklinga i overnattingar direkte med same periode året før. Nå er ikkje dette lenger tilfellet, og resultatet er ein beskjeden auke i overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder. Auka var på 2,2 prosent samanlikna med mars 2022. Bak dette talet skjuler det seg derimot store forskjellar. Norske overnattingar var om lag uendra, medan utanlandske overnattingar er opp 9,3 prosent.

Hotellovernattingane trekker opp næringa

Mens campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar har hatt ein nedgang i overnattingar på 5,7 prosent, auka hotellovernattingane med 4,4 prosent. For begge innkvarteringstypane auka norske overnattingar med 0,2 prosent. Utanlandske overnattingar går ned med 17 prosent for campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, og opp med heile 23 prosent for hotell.

– Det vi eigentleg ser er at talet på utanlandske hotellgjester nærmar seg nivået vi hadde før pandemien, seier rådgjevar Guro Henriksen i SSB.

I mars 2019 var det 431 000 utanlandske hotellovernattingar. I mars 2022 var dette talet berre 328 000, sjølv om dei siste restriksjonane blei løfta i februar 2022. 

– Dette kan tyde på at det tok litt tid før dei utanlandske gjestene responderte på endringane. Sjølv om vi nå ser ein stor auke, samanlikna med i fjor, var det berre 405 000 utanlandske hotellovernattingar i mars i år, noko som framleis er ein del lågare enn i 2019, seier Guro Henriksen.

Figur 1. Hotellovernattingar etter bustadsland. Mars 2019-2023

Held veksten frem?

Sesongvariasjonar gjer det normalt vanskeleg å samanlikne endringar i overnattingar frå ein månad til den neste.

– Nettopp derfor samanliknar vi ofte overnattingstalene med same månad året før. Men det finnes eit anna alternativ. Ved hjelp av ein metodikk vi kallar sesongjustering kan vi ta ut dei sesongmessige variasjonane. Da sit vi igjen med eit mål på den underliggande utviklinga i næringa, seier Guro Henriksen.

Du kan lese meir om sesongjusteringar her.

I perioden januar 2019 til februar 2020, før pandemien, auka dei norske sesongjusterte hotellovernattingane med 6,2 prosent. I same periode auka utanlandske hotellovernattingar med 13 prosent.

– Før pandemien var det ein positiv trend for både norske og utanlandske hotellovernattingar. Men dette har endra seg. Etter pandemien har vi hatt ein svak månadleg sesongkorrigert nedgang i norske hotellovernattingar, mot ein jamn auke for dei utanlandske, seier Guro Henriksen.

Frå 4. kvartal i fjor til 1. kvartal i år var den sesongkorrigerte nedgangen på 2,4 prosent for norske hotellovernattingar, mens dei utanlandske auka med 6,4 prosent.

– Vi veit ikkje kvifor norske hotellovernattingar har stagnert, men vi ser at dei har lagt seg på et nivå litt over det vi hadde før pandemien. Da blir det naturleg å spørje seg kva som skjer med utviklinga i utanlandske hotellovernattingar, nå når dei snart tar igjen nivået frå før pandemien, seier Guro Henriksen.

Figur 2. Sesongjusterte hotellovernattingar etter bustadsland. Januar 2019-mars 2023

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av mars, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 600 og 1 700 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i mars månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.