Samla var det om lag 5,2 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i august 2022, ifølgje nye tal frå overnattingsstatistikken. Det er 801 000 fleire enn i august i fjor, ei auke på 18 prosent.

– August er den store feriemånaden i Europa og utanlandske turistar kunne igjen reise til Noreg. 2021 var prega av uvisse rundt pandemien, og det var då 1 million færre utanlandske overnattingar enn det som er vanleg for august. I august i år var dei tilbake på same nivå som før koronapandemien, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Fleire utanlandske overnattingar på hotell

Det var auken i utanlandske overnattingar på hotell som bidrog mest til veksten i det samla talet på overnattingar frå august i fjor. Dei utanlandske hotellovernattingane auka med heile 190 prosent. Norske hotellovernattingar var om lag uendra.

–Opne grenser betydde fleire moglegheiter for nordmenn i år, men likevel klarte hotella å behalde de høge tala på norske overnattingar frå i fjor, seier Kristin Aasestad.

Samanlikna med august i 2019 auka norske overnattingar ved hotell med 109 000. Utanlandske hotellovernattingar var 18 prosent lågare. Det var framleis få overnattingar frå Asia. Til saman manglar det 9 av 10 hotellovernattingar frå Kina, Japan og Sør-Korea. I same perioden auka hotellovernattingar frå Nederland med 30 prosent.

Av dei 67 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB var det Oslo som hadde flest utanlandske overnattingar på hotell, følgt av Bergensregion. 40 prosent av alle utanlandske hotellovernattingar var i desse to regionane.

Figur 1. Hotellovernattingar etter bustadsland. August 2016-2022
Liggende søylediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Overnattingar. Dataene varierer fra 1595807 til 3079027.
Highcharts.com
Figur 1. Hotellovernattingar etter bustadsland. August 2016-2022
MånadNorske overnattingarUtenlandske overnattingar
Aug. 20161 686 7281 087 204
Aug. 20171 776 0991 095 327
Aug. 20181 813 3411 102 879
Aug. 20191 942 7231 136 304
Aug. 20201 595 807216 436
Aug. 20212 022 236320 741
Aug. 20222 051 952931 523

Høg losjiomsetning på hotell

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet. ved norske hotell har svinga mykje gjennom pandemien. Samanlikna med august 2019 har losjiomsetninga auka med 25 prosent. Samstundes viser figur 1 at talet på hotellovernattingar har gått noko ned sidan august 2019. I august 2019 var gjennomsnittsprisen på eit hotellrom 1008 kroner, medan den i august i år hadde auka til 1275 kroner. Også tal frå konsumprisindeksen viser at det har vore ein stor prisauke på overnattingstenester i denne perioden som har gjeve grunnlag for auken i losjiomsetninga.

Sesongvariasjon: Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad. viser at losjiomsetning sidan april i år har vore høgare enn før pandemien. For den siste tre månaders perioden var det hotella Oslo som bidrog mest til oppgangen.

Figur 2. Losjiomsetning (1000 kr)² på hotell, sesongjustert. August 2017-2022¹
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser 1000 kroner. Dataene varierer fra 211277.6 til 1734326.2.
Highcharts.com
Figur 2. Losjiomsetning (1000 kr)² på hotell, sesongjustert. August 2017-2022¹
MånadLosjiomsetning, SesongjustertLosjiomsetning, Glatta sesongjustert
aug.171 246 317,41 245 472,7
sept.171 280 4701 250 831,9
okt.171 236 838,31 253 935,1
nov.171 257 065,71 255 947,5
des.171 254 922,41 254 893,3
jan.181 246 651,41 251 118,3
feb.181 246 650,81 247 479,4
mar.181 305 428,81 245 469,4
apr.181 234 265,21 245 877,9
mai.181 218 374,81 247 714,8
jun.181 263 1731 251 066,7
jul.181 270 654,71 254 013
aug.181 314 540,71 256 590,2
sept.181 257 721,21 259 041,2
okt.181 239 833,81 261 724,8
nov.181 274 283,61 265 372,5
des.181 269 4391 272 737,9
jan.191 302 450,41 285 714,8
feb.191 288 855,61 303 437
mar.191 285 350,61 324 858,2
apr.191 337 2971 346 349,5
mai.191 381 199,81 365 020,6
jun.191 397 640,41 377 923,9
jul.191 386 643,61 383 859,2
aug.191 385 480,61 384 936
sept.191 353 238,31 385 499,2
okt.191 404 923,51 390 415,1
nov.191 365 389,71 401 346,5
des.191 426 785,91 416 772,9
jan.201 430 373,41 430 463,3
feb.201 455 897,71 444 361
mar.20591 489
apr.20211 277,6
mai.20316 189,8
jun.20573 929,3
jul.201 323 614,9
aug.20806 321,4
sept.20754 024,6
okt.20818 692,4
nov.20498 784,3
des.20660 372,2
jan.21508 970,2
feb.21513 837,2
mar.21470 202,3
apr.21453 584,4
mai.21564 347,6
jun.21747 018,3
jul.211 559 653,5
aug.211 198 787,2
sept.211 252 211
okt.211 433 633,2
nov.211 463 940,2
des.211 104 096
jan.22795 333,1
feb.221 133 657
mar.221 387 657
apr.221 698 431,41 686 056,1
mai.221 686 3591 694 803,1
jun.221 679 680,21 703 708,9
jul.221 734 326,21 712 471,5
aug.221 725 043,11 719 934,8
¹ Månader under koronapandemien vart behandla som ekstremverdiar i sesongjusteringsrutinen. Glatta sesongjusterte tal er derfor tatt ut frå figuren for perioden mars 2020 til og med mars 2022. ² Figuren ble endret 30.09.2022 kl. 10.30. "(1000 kr)" ble lagt til i overskriften og y-aksetittelen ble endret fra "Losjiomsetning" til "1000 kroner".

Fleire utlendingar på campingplassar og andre utleigeeiningar

Det var 1,7 millionar overnattingar ved norske campingplassar i august. Dette var ein auke på 2,8 prosent frå august sist år. Det var 337 000 fleire utanlandske overnattingar, medan dei norske vart redusert med 292 000 overnattingar.

Ved hyttegrender og vandrarheimar var det om lag 524 000 overnattingar, 28 prosent fleire enn august i fjor. Også her kom bidraget til auken frå utanlandske overnattingar. For norske overnattingar var det ein nedgang.

–Mange plassar meldte om auke i gjester særskilt frå Tyskland og Nederland. 1 av 4 utanlandske overnattingar på campingplassar var i Vestland fylke, seier Kristin Aasestad.

Figur 3. Overnattingar på campingplassar etter bustadsland. Fylke. August 2022
Søylediagram med 2 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Fylke.
Figuren har 1 Y akse som viser Overnattingar. Dataene varierer fra 30716 til 262338.
Highcharts.com
Figur 3. Overnattingar på campingplassar etter bustadsland. Fylke. August 2022
FylkeUtanlandske overnattingarNorske overnattingar
Viken36 831151 070
Oslo30 71618 110
Innlandet74 927185 604
Vestfold og Telemark39 463182 097
Agder62 494121 293
Rogaland61 72936 440
Vestland184 76777 571
Møre og Romsdal70 95451 387
Trøndelag - Trööndelage37 94456 253
Nordland - Nordlánnda56 86040 574
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku42 44831 612

I samsvar med definisjonar frå Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av månaden, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 5 000 og 10 000 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i august månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.