Tal frå overnattingsstatistikken syner at det samla var om lag 2,8 millionar ved i juni i år. Det er ei auke på 18 prosent samanlikna med juni i fjor. Juni var i år framleis prega av få utanlandske overnattingar, sjølv om det var fleire lettelsar i reiserestriksjonar. Samla overnattingar for juni 2021 målt mot juni 2019 syner ein nedgang på 35 prosent. Utanlandske overnattingar fall med heile 91 prosent, medan norske overnattingar fall kun med 3,4 prosent samanlikna med rekordåret 2019.

Figur 1. Overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i juni

Oppgangen på campingplassar hald fram

Det var kun for andre gong sidan SSB starta med å registrere overnattingar på campingplassar i 1968, fleire enn 1 million norske overnattingar i juni månad. Det var mange nordmenn som benytta campingplassar i fjor og, men i år var det over 100 000 fleire overnattingar. Innlandet, Agder og Nordland hadde alle tre ein betydeleg auke i overnattingar, og bidrog mest til auken. Ein nedgang i vestlandsfylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal, samt i Trøndelag dempa oppgangen.

Figur 2. Overnattingar etter overnattingstype. Endring mot same månad året før

Sterk vekst for hotella, men under hallvegs av normalen

Det var om lag 1,2 millionar overnattingar ved norske hotell i juni, ein auke på om lag 19 prosent frå juni i fjor. Sjølv om det var ei solid auke på over 200 000 overnattingar samanlikna med juni i fjor, var det framleis under halvparten av overnattingane det vanlegvis er i juni.

Samanlikna med juni i fjor var det og ei auke i alle fylka i landet, der særskilt Innlandet, Oslo og Nordland skilte seg ut med den største auka i talet på overnattingar. Samanliknar man med to år tilbake, er heile 7 av 10 overnattingar blitt borte i Oslo og på Svalbard, som saman med Viken og Vestland mista meir enn halvparten av overnattingane dei hadde for to år sidan. På den andre enden av skalaen hadde Agder, Nordland, Vestfold og Telemark ein mindre nedgang, med høvesvis 5, 14 og 15 prosent færre overnattingar.

Figur 3. Endring i hotellovernattingar etter fylke. 2019 mot 2021

5. november 2020 innførte regjeringa karantenehotell gjeldande frå 9. november for å avgrense importsmitte av korona. Reglane har vorte endra ved fleire høve. I juli plikta ein del av dei som kom til Noreg å gjennomføre karantenetida på karantenehotell. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

I samsvar med Eurostat, inngår ikkje karantenehotell i overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i juli. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken.