Tal frå overnattingsstatistikken syner at det samla var om lag 6,6 millionar ved i juli 2021. Det er 3,9 prosent fleire enn i juli i fjor.

Talet på norske overnattingar auka med 3,0 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 14 prosent. Til tross for fleire lettingar i reiserestriksjonane var det få utanlandske overnattingar i juli i år samanlikna med åra før koronapandemien.

Meir enn 3 millionar campingovernattingar

For første gong har SSB registrert over 3 millionar overnattingar på campingplassar i løpet av ein månad. Heile 2,8 millionar av desse vart gjort av nordmenn, ein auke på 5,2 prosent frå juli 2020.

Justering av kriterane for innreise har opna for at utanlandske turistar kunne reise til Noreg, men framleis merker mange campingplassar bortfallet av utlendingane. Samanlikna med juli 2020 auka talet på utanlandske overnattingar på campingplassar med 19 prosent. Samanlikna med juli 2019 var det 72 prosent færre overnattingar gjort av utlendingar. I juli i år var det flest campingovernattingar av gjester frå Tyskland, Nederland, Sverige og Danmark.

Framleis få hotellovernattingar i Oslo

Det var 3 millionar overnattingar på hotell i juli i år, om lag det same som i juli i fjor. Samanlikna med juli i 2020 var det ei auke i talet på overnattingar i Oslo og Innlandet, medan talet på overnattingar gjekk mest ned i Vestland, Agder og Møre og Romsdal. Sjølv om det i juli i år var fleire hotellovernattingar i Oslo enn i juli 2020, var det langt færre enn det som var vanleg i Oslo i juli i åra før koronautbrottet. Samanlikna med juli 2019 var nedgangen i Oslo på 37 prosent. Innlandet og Trøndelag var fylka med størst auke i tale på hotellovernattingar samanlikna med juli 2019.

Høgare priser på hotellovernattingar

ved hotella var i juli i år 18 prosent høgare enn same månad i fjor, til tross for uendra tal for overnattingar. Gjennomsnittsprisen per rom var på 1 272 kroner, som er ein oppgang på 15 prosent samanlikna med juli 2020. Det var ein auke for alle fylker, med unntak av Svalbard der prisen var uendra. Størst var auken i Agder og Vestfold og Telemark.

5. november 2020 innførte regjeringa karantenehotell gjeldande frå 9. november for å avgrense importsmitte av korona. Reglane har vorte endra ved fleire høve. I juli plikta ein del av dei som kom til Noreg å gjennomføre karantenetida på karantenehotell. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

I samsvar med Eurostat, inngår ikkje karantenehotell i overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i juli. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken.