Samla var det om lag 2,6 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim. i september 2021, ifølgje nye tal frå overnattingsstatistikken. Det er 800 000 fleire overnattingar enn i september i fjor, ei auke på 44 prosent.

– Det er veldig nært nivået før pandemien. I september 2019 var det samla talet på overnattingar på 2,8 millionar, seier rådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Utanlandske overnattingar vart meir enn dobla samanlikna med same månad i fjor. Da var det riktig nok veldig få turistar som overnatta i Noreg. Éin av tre utanlandske overnattingar mangla framleis i september i år samanlikna med september 2019.

Talet på norske overnattingar auka med 34 prosent i september samanlikna med same månad i fjor.

– Det skuldast i stor grad at mange fleire overnatta på hotell i forbindelse med kurs og konferansar, og var på andre typar jobbreiser med hotellovernatting. Overnattingar med kurs og konferansar hadde ei auke på 120 prosent frå september i fjor, medan andre yrkesovernattingar gjekk opp 42 prosent, seier Kristin Aasestad.

September er ein månad der det tradisjonelt er mykje overnattingar i forbindelse med kurs og konferansar. Den 25. september fjerna regjeringa også kravet om 1 meter avstand mellom folk. Det gjorde at hotella kunne ta imot fleire bestillingar.

– Sjølv om 1-metersregelen ikkje blei fjerna før i slutten av månaden, tyder tala på at dette hadde ein stor effekt med ein gong. Det er ei auke i talet på overnatting for alle fylka. Dette er sjølvsagt gode nyheiter for næringa, men det vil nok ta litt meir tid før vi kan friskmelda bransjen, seier Kristin Aasestad.

Figur 1. Hotellovernattingar fordelt etter formål med overnattingane, september 2019, 2020 og 2021

Sterk vekst for hotella

Med fritids- og ferieovernattingar inkludert var det totalt 1,8 millionar overnattingar på hotell i september i år. Det er ein auke på 46 prosent samanlikna med september i fjor, men 350 000 lågare enn september 2019.

Nesten 90 prosent av hotellovernattingane var norske. Før pandemien var det vanleg at utlendingar stod for omtrent 25 prosent av hotellovernattingane i september månad. Delen utanlandske overnattingar var nede i 8 prosent i september 2020.

– Sidan april i år har vi sett fleire norske hotellovernattingar samanlikna med i fjor. I september syner tala at utlendingane så smått er på veg tilbake, sjølv om tala framleis er låge samanlikna med tida før pandemien, seier Kristin Aasestad.

Figur 2. Hotellovernattingar etter bustadland. September 2016-2021

Samanlikna med september i fjor auka talet på hotellovernattingar i alle fylka. Av dei 67 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB. var det storbyregionane Oslo, Bergensregion, Romerike og Trondheim som bidrog mest til auken. Det var storbyhotella som sleit mest under pandemien.

Talet på overnattingar på campingplassar auka med 33 prosent samanlikna med i fjor, medan overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar auka med 55 prosent. Begge hadde over 100 000 fleire overnattingar enn i september i fjor.

Figur 3. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring mot same månad året før

Rettet 29.10 kl 09.14.

25. november 2021 fjernet regjeringa innreiserestriksjonane for EØS borgarar. Innreisekarantene vart også fjerna som krav for reisande frå område med lav smittespreiing. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

I samsvar med Eurostat, inngår ikkje karantenehotell i overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i september. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken.