Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 6,6 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim i juli 2023. Det er 99 000 færre enn i fjor. Nedgangen kjem hovudsakleg av færre overnattingar på campingplassar.

På campingplassane var det 2,6 millionar overnattingar i juli. Av desse var 1,7 millionar norske, ein nedgang på 172 000 frå i fjor.

–  Juli har vore kald og våt i år, særleg i Sør-Noreg. Campingplassar på Østlandet, Rogaland og Vestland registrerte færre norske gjester, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.  

I Nord-Noreg gjekk tala opp for både norske og utanlandske overnattingar på campingplassar. I Nordland auka norske overnattingar med 52 prosent. Utanlandske overnattingar gjekk mest opp i Troms og Finnmark med 16 prosent.

Figur 1. Campingovernattingar etter norske og utanlandske overnattingar. Juli 2019 -2023

Fleire utanlandske overnattingar på hotell

På hotella var det nesten 3,4 millionar overnattingar i juli. Dette er ein auke på 2,2 prosent samanlikna med juli i fjor og berre 13 000 færre en juli-rekorden frå  2019.

Auken for hotella skuldast ein 14 prosent auke i talet på utanlandske overnattingar.

–  Hotella har hatt en god sommar. Den svake norske krona har gjort Noreg meir attraktiv for utlendingar og kan være ein orsak til at vi ser ein auke i talet på overnattingar, sjølv med færre norske netter, seier Aasestad.

– I tillegg har fleire hotell som var reservert for Ukrainske flyktningar i fjor komme tilbake til vanleg drift, legg Aasestad til.

Størst auke var det i overnattingar frå USA. Amerikanarane sto for 15 prosent av alle utanlandske hotellovernattingar. Tyskland var nest størst med 161 000 overnattingar. Tal frå Tyskland og Nederland var lågare enn i juli fjor.

Det var ein auke i utanlandske overnattingar på hotell for alle fylka, bortsett frå Vestfold og Telemark. Auken var størst i Oslo med 52 000 fleire utanlandske overnattingar enn i same månad i fjor, følgt av Vestland med 46 000 fleire utanlandske overnattingar. Det var også ein stor auke i Troms og Finnmark og Viken.

Figur 2. Utanlandske hotellovernattingar etter fylke. Juli 2019 -2023

Høgare prisar på hotell

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet ved hotella var på 2,3 milliardar kroner i juli i år. Samanlikna med juli i fjor var det ein auke på 8,6 prosent medan talet på overnattingar gjekk opp 2,2 prosent i same periode.

Gjennomsnittsprisen på hotellrom i juli var 1331 kroner, dette er 4,8 prosent høgare enn i 2022. Prisane auka mest i  Møre og Romsdal og på Svalbard, medan dei gjekk ned i Trøndelag og Agder.

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar

  • 599 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk ned 11 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 5,7 prosent

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av juli, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 4400 og 9700 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i juli månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.