Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 27,1 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i Noreg i 2021. I 2020 var det 23,7 millionar overnattingar. Alle typar overnattingsverksemder hadde fleire overnattingar i 2021 enn i 2020.

Sjølv om tala har gått opp samanlikna med 2020 er nivået framleis langt lågare enn før koronapandemien. Talet på overnattingar i 2021 var 23 prosent lågare enn i 2019. Hotella var hardast ramma, der heile 1 av 3 overnattingar frå 2019 er blitt borte.

–Ikkje sidan 2004 har vi sett så låge tal på hotellovernattingar som i korona-åra. I alle månader i 2021 var hotellovernattingar lågare enn i 2019. Veksten i norske overnattingar kompenserte ikkje for mangel på utanlandske turistar, seier rådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Figur 1. Overnattingar ved hotell. 2004 til 2021

Nordmenn stod for auka

Overnattingar på hotella gjekk opp 11 prosent frå 2020 til 2021 medan dei på campingplassar og Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheim. auka med høvesvis 15 og 35 prosent. Talet på utanlandske overnattingar samla sett var om lag uendra frå 2020. Det var nordmenn som drog opp talet på overnattingar i fjor, med ein auke på 17 prosent frå 2020.

I juli blei det registrert over 6 millionar norske overnattingar. Det er det høgste talet SSB har registrert for norske overnattingar i løpet av ein enkel månad. Det ble òg satt månadsrekord for norske overnattingar på hotell i august og oktober. I denne perioden var det mindre restriksjonar knytte til avstand og arrangement.

–Vi var betre rusta i fjor enn året før og mange verksemder kunne være i drift sjølv med smitteavgrensande tiltak. I tillegg var nordmenn framleis villige til å bruke ferietid i Noreg, sjølv med lettare restriksjonar enn i 2020, seier Kristin Aasestad.

Trass i rekordane var tal på overnattingar lågare ein før pandemien. Sjølv med mange norske overnattingar i sommarmånadene var både norske og utanlandske overnattingar låge resten av året. Overnattingar formidla gjennom norske Statistikken gjelder formidlarar med verksemd i Noreg og deira formidling av private hytter, feriehus, leilegheiter og rom til norske og utanlandske gjester i Noreg stod for 2 prosent av dei Samlede overnattingar av kommersielle aktørar og overnattingar i private fritidsbustader leigd via norsk formidlar i 2021, ned frå 4 prosent frå 2020. Sju av ti overnattingar i private fritidsbustader i 2021 var norske. I desember såg vi ein overvekt av utanlandske overnattingar, då det var langt fleire utanlandske overnattingar enn dei svært låge tala for desember 2020.

Regionale skilnader

Det var fleire overnattingar i alle fylka i fjor samanlikna med 2020. Svalbard og Oslo var dei fylka som var hardast råka i 2020, og det var også her det var den største auka, med høvesvis 22 og 31 prosent, sjølv om dei også her er langt unna normalt nivå. Overnattingar gjort av nordmenn auka òg mest på Svalbard og Oslo, med høvesvis 43 og 34 prosent. Utanlandske overnattingar auka mest i Trøndelag og Møre og Romsdal, medan dei fall i Innlandet og Viken med høvesvis 43 og 34 prosent. I 2021 var talet på overnattingar høgast i Viken og Vestland.

Figur 2. Prosentvis endring i overnattingar etter fylke. 2020 – 2021

Utanlandske overnattingar tredobla seg i desember

Reiselivsbransjen fekk ein god start i desember før utbrotet av omikron førte til nye nasjonale tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. I desember 2021 var talet på utanlandske overnattingar tre gangar så høgt som i desember 2020, ein månad òg prega av koronarestriksjonar. På hyttegrender og vandrarheimar var utanlandske overnattingar over seks gangar høgare, medan dei på hotella og campingplassar vart meir enn dobla samanlikna med desember 2020.

Norske overnattingar auka med 31 prosent frå desember 2020 til desember 2021, hovudsakleg på grunn av auka i overnattingar på hotell. Det var ein liten nedgang for campingplassar og ein 14 prosent auke på hyttegrender. Samanlikna med desember 2019 var en fjerdedel av alle overnattingar framleis borte.

–Auka frå ein krevjande desember i 2020 var forventa, men den aukande trenden for overnattingar vi har sett de siste tre månader vart dempa av dei nye tiltaka, seier Kristin Aasestad.

Blant Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSBvar overnattingar på hotell i Oslo, Østerdalen, Haldenkanalen og Oppdal meir ein dobla frå desember 2020. Storbyregionane Oslo, Bergensregion og Tromsø hadde flest hotellovernattingar, etterfølgt av Trondheim, Romerike og Stavangerregion. Samla sett hadde dei seks regionane 486 000 overnattingar, som utgjer 51 prosent av alle hotellovernattingar i desember 2021.

Figur 3. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring mot same månad året før

13. desember 2021 innførte regjeringa strengare nasjonale tiltak for å avgrense smitten. Kravet om innreisekarantene vart vidareført samt karantenehotellordninga for dei som ikkje har eigna karantenestad. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

I samsvar med Eurostat, inngår ikkje karantenehotell i overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i desember. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken.