Det var 1,3 millionar norske hotellovernattingar i april i år, ein nedgang på 6,0 prosent frå april 2022. Utanlandske hotellovernattingar auka 25 prosent, til 353 000, syner nye tal frå overnattingsstatistikken.

Samanlikna med april 2019, før pandemien, var det 7,8 prosent fleire norske hotellovernattingar. Talet på utanlandske hotellovernattingar i april er nesten tilbake på same nivå som før pandemien.

–  Det ser ut som nordmenn held fram med å feriere i Noreg. Det var fleire norske hotellovernattingar enn før pandemien, men litt færre enn i april i fjor, då det var eit rush av gjester etter pandemien, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB.

Legg vi til overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, var det nesten 2,3 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i april 2023. Det er 75 000 færre enn april i fjor.

SSBs reiseundersøkelse for første kvartal 2023 viser også at nordmenn har halde fram med å reise i Noreg etter at reiserestriksjonane vart oppheva.

Figur 1. Hotellovernattingar etter bustadsland. April 2019 -2023

Korrigert for Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad var overnattingar i april på hotell, campingplassar og vandrarheimar uendra frå førige månad. Desse tala syner også små endringar siste året, etter store svingingar mellom 2020 og 2022.

Du kan lese meir om sesongjusteringar her.

April-rekord for hotella i Oslo

I Oslo og Trøndelag var det ein auke i talet på hotellovernattingar samanlikna med april 2022. I Vestfold og Telemark, Rogaland, Troms og Finnmark og Viken var det ein nedgang, medan det i dei andre fylka var små endringar.

For nesten alle fylka auka utanlandske hotellovernattingar samtidig som dei norske gjekk ned. Auken i talet på utanlandske hotellovernattingar var størst i Oslo og Vestland, mens nedgangen i dei norske var størst i Viken og Vestland.

–  Meir enn halvparten av auken i utanlandske hotellovernattingar var i Oslo og saman med ein liten auke også for norske overnattingar vart det sett rekord for hotellovernattingar i Oslo for april, seier Boyd Oyier.

– Vi nærmar oss same nivå for utanlandske overnattingar ved hotella som før pandemien. Men framleis er det færre overnattingar frå Asia, legg Oyier til.

Figur 2. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke. April 2022 - april 2023
Kjelde: Overnattingar, Statistisk sentralbyrå og Kartverket.

Færre campingovernattingar

  • 311 000 overnattingar på campingplassar i april 2023
  • 10 prosent nedgang mot april 2022
  • Norske overnattingar gjekk ned 11 prosent
  • Utanlandske overnattingar auka med 1,2 prosent

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar

  • 274 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk ned med 5,3 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 13 prosent

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av april, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 800 og 1 600 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i april månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.