Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 2 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim. i november 2021. Det var 1,1 millionar fleire enn i november året før, da mykje av samfunnet var stengt ned. Talet på både norske og utanlandske overnattingar var meir enn dobla.

– November var ein månad med få restriksjonar i samband med koronapandemien, og det var stor aktivitet for mange verksemder, seier seniorrådgjevar Jarle Kvile i SSB.

Samanlikna med åra før pandemien var nivået på norske overnattingar i november over normalen, men det mangla framleis nokon utanlandske overnattingar.

– Vi reknar med å sjå effektane av dei nye tiltaka mot spreiing av koronaviruset i tala for desember, seier Jarle Kvile.

Figur 1. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring mot same månad året før

Kraftig auke i overnattingar på hotell

I fjor vart det for fyrste gong registrert fleire enn 1,5 millionar norske overnattingar på hotell i november. Det var meir enn dobbelt så mange som i november 2020. Denne rekorden bidrog klart mest til veksten i totale overnattingar i november 2021 samanlikna med november 2020.

I november 2021 var talet på utanlandske hotellovernattingar litt mindre enn to tredjedelar av kva det var før pandemien. Som for åra før pandemien var det flest utanlandske hotellovernattingar frå Sverige, Tyskland, USA og Storbritannia. Samanlikna med 2019 var det størst nedgang i talet på overnattingar frå USA, Storbritannia og Kina. Talet på overnattingar frå Tyskland var på om lag same nivå som i 2019.

– Med lette i restriksjonane var det i november i fjor like mange hotellovernattingar med ferie som formål som i november 2019. Fleire hotell melder også om stor aktivitet innanfor kurs og konferanse, seier Jarle Kvile.

Figur 2. Hotellovernattingar etter bustadsland. November 2015-2021

Normal november på Svalbard

På Svalbard var det også ein dobling av talet på overnattingar i november 2021 samanlikna med november 2020. Talet er på nivå med november 2019.

Det var 5 800 overnattingar ved hotella på Svalbard, nesten ni av ti var registrert som ferieovernattingar. På Svalbard var ein av tre overnattingar gjort av utlendingar.

Figur 3. Hotellovernattingar etter bustadsland. Svalbard. November 2015-2021

25. september 2021 fjerna regjeringa innreiserestriksjonane for EØS borgarar. Innreisekarantene vart også fjerna som krav for reisande frå område med lav smittespreiing. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

I samsvar med Eurostat, inngår ikkje karantenehotell i overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i november. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken.