Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 3,1 millionar ved i september 2022. Det er 424 000 fleire enn i september i fjor og 268 000 fleire enn i september 2019.
2,3 millionar av overnattingane i september i år var norske.
–Dette er det høgste talet målt for norske overnattingar i september månad, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.
Samanlikna med 2021 var det hotellovernattingar som bidrog mest til veksten i det samla talet på overnattingar. Dei utanlandske hotellovernattingane vart nesten dobla medan dei norske auka med 10 prosent.
– September er ein månad der det tradisjonelt er mykje kurs og konferanse. Hotellovernattingar med kurs og konferanse som formål hadde ein auke på 45 prosent frå september i fjor, seier Kristin Aasestad.
Sterk vekst frå i fjor for hotella
På hotella var det 2,2 millionar overnattingar i september. Dette er ein auke på 21 prosent samanlikna med september i fjor, og på same nivå som i september 2019.
Halvparten av alle hotellovernattingane var i Oslo, Bergensregion, Romerike, Stavangeregion og Trondheim. Talet i Oslo gjekk opp 57 prosent målt mot same månad året før. Det var også stor auke i Bergensregion og Romerike.
Før pandemien var det vanleg at utlendingar stod for omtrent 1 av 4 hotellovernattingar i september månad. Under pandemien var denne delen på omtrent 10 prosent. I år er delen utanlandske overnattingar nesten tilbake til nivået før pandemien.
Fleire på campingplassar og hyttegrender
Det var 515 000 overnattingar ved norske campingplassar i september, 11 000 fleire enn september sist år. Utanlandske overnattingar auka med 44 prosent medan norske overnattingar fall nesten 10 prosent. Dei fleste fylka hadde fleire utlendingar på camping samanlikna med i fjor. Ein fjerdedel av dei utanlandske campingovernattingane var i Vestland fylke.
Ved var det om lag 331 000 overnattingar, 11 prosent fleire enn i september i fjor. Også her kom bidraget til auken frå utanlandske overnattingar.
Når man ser på campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar samla var det flest utanlandske overnattingar i Vestland fylke. Innlandet og Viken hadde flest norske overnattingar.
I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av september, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 1 500 og 3 000 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i september månad i Noreg.
I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang. Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.