Tal frå overnattingsstatistikken syner at det samla var om lag 883 000 ved i april i år. Det er ei auke på 167 prosent samanlikna med april i 2020, som var den månaden under pandemien med dei strengaste tiltaka. Det er derfor viktig å sjå tala i samanheng med korleis dei var før pandemien, og målt mot april 2019 var det ein nedgang på heile 58 prosent.

– Det låge talet på overnattingar har vore stabilt etter at restriksjonar knytt til reising vart strengare i november i fjor. Oppmjukinga i restriksjonar frå slutten av mai vil nok føre til ein betring, seier rådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Figur 1. Overnattingar i alt for april

Heile to av tre overnattingar har vorte borte på hotella sidan april 2019. Nedgangen målt mot 2019 var òg merkbart på dei andre overnattingsformene, og på var ein av tre overnattingar blitt borte, medan campingplassane hadde ein nedgang på 22 prosent målt mot 2019.

Figur 2. Overnattingar etter innkvarteringstype for april

Mange tomme hotellrom

I løpet av april kom det 239 000 gjestar til dei litt over 66 000 hotellromma som var tilgjengeleg. Samtidig syner tal frå DSB at det var 11 100 ankomne gjestar i kategorien karantenehotell i Noreg i same månad. Karantenehotell haldas utanfor i samsvar med Eurostat sine definisjonar.

– Det er ikkje mogleg å separere ut dei som er i karantene dersom man har desse inkludert i rapporteringa. Det kan derfor hende vi har fleire overnattingar med enn dei vi faktisk skulle hatt, seier Kristin Aasestad.

For heile landet var på 24 prosent, noko som tilsvara at om lag 3 av 4 rom stod ledige i heile landet i løpet av april. I åra før pandemien stod om lag 1 av 2 rom ledig.

Her var det derimot store regionale skilnadar. Ringsaker, Oppdal og Hardangerfjord hadde ei utnytting av rom på berre 10 prosent. Til samanlikning, hadde Oppdal ei utnytting av rom på 35 prosent i 2019, og var den regionen med det største fallet i utnytting av rom målt mot 2019. I den andre enden av skalaen skilde Nord-Troms-region, Hitra/Frøya og Fjordkysten seg ut med høvesvis ei utnytting av rom på 45, 49, og 55 prosent.

Overnattingar på fritidsbustadsformidling

  • 25 000 formidla overnattingar på i april
  • 14 000 fleire enn april sist år
  • Norske overnattingar auka med om lag 14 000
  • Det var 700 fleire utanlandske overnattingar

Eurostat har laga ein oversikt over viktige korttidsindikatorar og deira utvikling under koronapandemien. Der kan man få ein visuell oversikt over utviklinga i overnattingar i ulike europeiske land.

5. november 2020 innførte regjeringa karantenehotell gjeldande frå 9. november for å avgrense importsmitte av korona. Reglane har vorte endra ved fleire høve. Regel var i april at dei som kom til Noreg plikter å gjennomføre karantenetida på karantenehotell, men det vart gjort endringar i kva grupper som er unntatt frå denne plikten og kor lenge dei må opphalde seg på karantenehotell. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

I samsvar med Eurostat, tar vi ut karantenehotell av overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i april. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken.