Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var nesten 2,1 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingarved ​ Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim i november i år. Det var 1,7 millionar norske overnattingar, ned 1,3 prosent frå i fjor, og 331 000 utanlandske overnattingar. Gjestar frå Sverige, USA, Storbritannia og Tyskland  stod for om lag 46 prosent av dei utanlandske overnattingane.

– I ein krevjande tid er det positivt å sjå ein auke i talet på utanlandske gjester. Det blir spennande å følgje utviklinga i dei kommande månadene for å sjå om denne trenden fortsett, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB.

Korrigert for Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsseriar. Justeringa for sesongmønsteret, gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månadauka talet på overnattingar på hotell, campingplassar og vandrarheimar med 0,2 prosent frå oktober til november. Når ein ser bort frå dei normale sesongvariasjonane viser tala at dei norske overnattingane fall med 1,2 prosent, medan det var ein oppgang på 3,6 prosent for utanlandske overnattingar. Figur 1 viser korleis den underliggjande trenden for utanlandske gjestar har auka sidan reiserestriksjonane blei oppheva frå midten av februar. Se eigen artikkel for meir om kva sesongjusterte tal viser.

Figur 1. Sesongjusterte overnattingar. Norske og utanlandske. Januar 2019- november 2022
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad/år.
Figuren har 1 Y akse som viser Overnattingar. Dataene varierer fra 73893 til 2927161.
Highcharts.com
Figur 1. Sesongjusterte overnattingar. Norske og utanlandske. Januar 2019- november 2022
Månad/årNorske hotellovernattingarUtanlandske hotellovernattingar
jan.191 984 351848 508
feb.191 944 880825 933
mar.191 986 704868 330
apr.192 035 696886 319
mai.192 042 768883 158
jun.192 041 838884 787
jul.192 038 933901 405
aug.192 026 260899 895
sept.192 051 503898 626
okt.192 097 669925 675
nov.192 085 560920 923
des.192 141 080950 876
jan.202 142 139948 990
feb.202 123 880938 976
mar.20893 874449 746
apr.20344 62499 580
mai.20970 76385 688
jun.201 628 00473 893
jul.202 876 399183 460
aug.202 036 014273 626
sept.201 613 390234 506
okt.201 584 675275 611
nov.20992 263300 341
des.201 336 493187 550
jan.211 016 339236 410
feb.211 193 844137 160
mar.211 040 157148 637
apr.21964 078177 102
mai.211 476 499124 340
jun.211 928 30383 342
jul.212 927 161204 479
aug.212 485 492377 166
sept.212 181 263508 567
okt.212 415 616632 380
nov.212 274 286653 106
des.211 759 210560 900
jan.221 386 581543 873
feb.221 876 134735 307
mar.222 198 071800 508
apr.222 310 611817 853
mai.222 302 449820 911
jun.222 290 366830 589
jul.222 202 773842 162
aug.222 265 417850 613
sep.222 278 051853 601
okt.222 286 687839 583
nov.222 259 137869 742

Fleire hotellovernattingar enn i fjor

Det var nesten 1,8 millionar hotellovernattingar i november, ein auke på 3,3 prosent frå i fjor. Utanlandske hotellovernattingar auka med 43 prosent, medan norske hotellovernattingar gjekk ned med 1,6 prosent.

– Talet på hotellovernattingar er tilbake på same nivå som før pandemien. November 2021 var ein månad med få restriksjonar i samband med koronapandemien og rekord i talet på norske overnattingar på hotella. I år var det nesten like mange norske overnattingar, seier Boyd Oyier.

– Sjølv om talet på utanlandske hotellovernattingar var litt lågare enn i 2019, var det i november like mange overnattingar som i åra 2016 til 2018, seier Boyd Oyier.

Figur 2. Hotellovernattingar etter bustadsland. November 2016-2022
Liggende søylediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad/år.
Figuren har 1 Y akse som viser Overnattingar. Dataene varierer fra 88411 til 1781074.
Highcharts.com
Figur 2. Hotellovernattingar etter bustadsland. November 2016-2022
Månad/årUtanlandske hotellovernattingarNorske hotellovernattingar
Nov. 2016266 2541 310 734
Nov. 2017274 5461 373 030
Nov. 2018267 5111 389 345
Nov. 2019297 9911 483 083
Nov. 202088 411592 430
Nov. 2021188 2991 518 786
Nov. 2022269 6641 493 880

Det var ein auke i utanlandske hotellovernattingar i nesten alle fylka samanlikna med november i fjor. Auken i talet på utanlandske overnattingar var størst i Oslo og Troms og Finnmark.

Talet på norske overnattingar på hotell gjekk mest ned i Viken og Innlandet medan talet på overnattingar auka mest i Oslo og Troms og Finnmark. 

Figur 3. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke. November 2021- november 2022

Figur 3. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke. November 2021- november 2022

Kart over Norway, admin1 med 13 dataserier.
Zoom in+Zoom out-
Kjelde: Overnattingar, Statistisk sentralbyrå og Kartverket.

Høgare priser på hotellovernattingar

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldetved norske hotell var på 1,7 milliardar kroner i november i år. Samanlikna med november 2021 har losjiomsetninga auka med 20 prosent, medan talet på overnattingar har auka med 3,3 prosent. Om vi ser på prisutviklinga i konsumprisindeksen for Overnattingstenester dekker prisen per person per døgn med frukost på  hotell og liknande overnattingsverksemder. har den gått noko ned sidan toppen sommaren 2022, men er framleis høgare enn i november 2021.

– Pris per rom pleier å falle etter sommarmånadene, medan den i år har halde seg høgare enn vanleg etter toppen i juni. Fleire hotell har oppgitt at prisane har auka på grunn ein generell auke i kostnadene og auka i etterspurnad, seier Boyd Oyier.

Gjennomsnittsprisen på hotellrom var 1 217 kroner, ein auke på 15 prosent frå november i fjor. Samanlikna med november i fjor har prisen per rom auka mest i Rogaland og Oslo, lågast prisauke var det i Nordland.

Små endringar på campingplassar og hyttegrender

Det var 138 000 overnattingar ved norske campingplassar i november, ein nedgang på 0,7 prosent frå november i fjor. Norske overnattingar gjekk ned 1,9 prosent medan utanlandske overnattingar auka med 9,2 prosent.

Det var 161 000 overnattingar ved Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheim, ein auke på 3,1 prosent frå i fjor.

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av november, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 500 og 1 800 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i november månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.