Det var nesten 1,2 millionar norske og 366 000 utanlandske hotellovernattingar i januar i år, ein auke på høvesvis 3,6 og 18 prosent frå januar 2023.

– Auken blant utlendingar på hotell etter pandemi-tida held fram. I januar i år var det nesten like mange utanlandske hotellovernattingar som i januar 2020, seier rådgjevar Boyd Oyier i SSB.

Legg vi til Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingarpå campingplassar, : Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar var det totalt 1,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i januar 2024. Det er 81 000 fleire enn i januar i fjor, syner nye tal frå overnattingsstatistikken.

Figur 1. Hotellovernattingar etter bustadsland. Januar 2019 -2024

Regionale skilnader for hotella

Hotellovernattingar i Oslo, Akershus og Vestland bidrog mest til den samla oppgangen i januar 2024, samanlikna med same månad i fjor. Desse tre fylka stod for 74 prosent av auken i talet på hotellovernattingar. Talet på utanlandske overnattingar auka i nesten alle fylka, og mest i Oslo og Vestland. Norske overnattingar auka mest i Oslo og Akershus.

Flest hotellovernattingar hadde Oslo med 343 000 overnattingar, følgt av Vestland med 178 000 overnattingar.

Overnattingar med fritid som formål bidrog mest til veksten for hotellovernattingar. Oslo og Vestland bidrog mest til oppgangen i fritidsovernattingar, medan Oslo og Rogaland bidrog mest til auken i overnattingar med yrke som formål.

Samanlikna med januar i fjor var det en ein auke i talet på hotellovernattingar i 10 av fylka og for Svalbard. I prosent auka hotellovernattingane mest på Svalbard, Telemark og Nordland, med høvesvis 40, 18 og 17 prosent. Størst nedgang i prosent var det i Vestfold og Innlandet fylke.

Figur 2. Prosentvis endring i hotellovernattingar etter fylke. Januar 2023 - januar 2024

Sterk januar for hotellnæringa

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldetved norske hotell var på 1,4 milliardar kroner i januar i år. Samanlikna med januar 2023 har losjiomsetninga auka med 13 prosent, medan talet på hotellovernattingar har auka med 6,7 prosent. Troms og Oslo bidrog mest til auken i losjiomsetning.

Omsetning for overnattingar som ikkje omfattar omsetning for eventuell servering og meirverdiavgift delt på utleigde rom var 1 224 kroner, ein auke på 5,2 prosent frå januar i fjor. Samanlikna med januar i fjor har prisen per rom auka mest i Troms og Telemark. I dei fleste andre fylka var prisen om lag uendra.

Færre campingovernattingar i januar 2024

  • 97 000 overnattingar på campingplassar
  • 18 prosent nedgang frå januar 2023
  • Norske overnattingar gjekk ned 23 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 18 prosent

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar i januar 2024

  • 218 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk ned 8,8 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 18 prosent

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av januar, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 600 og 1 400 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i januar månad i Noreg.

1. januar 2024 vart 3 fylke til 7 nye, og vi har nå 15 fylke i Noreg. Frå og med publisering av tal for januar 2024 er overnattingsstatistikken publisert med den nye inndelinga. Svalbard blir i statistikken rekna på lik linje som fylke sjølv om regionen ikkje er definert som fylke i lovens forstand. Med dei nye fylka er dei aller fleste reiselivsregionane vidareført, men det er gjort ei oppsplitting for reiselivsregion Hadeland/Ringerike for å sikre at ingen reiselivsregionar kryssar fylkesgrenser. Kommunane Jevnaker og Lunner er flytta til reiselivsregion Romerike og får nytt namn Romerike/Hadeland. Kommunane Ringerike og Hole er flytta til reiselivsregion Norefjell og får nytt namn Norefjell/Ringerike. I tillegg har reiselivsregionar i fylke som er splitta opp har fått nye nummer. Se Standard for reiselivsregionar 2024 for detaljer om den nye inndelinga.

Nesten alle tidlegare tabellar er avslutta, og nye oppretta. Tal er publisert tilbake til 2016 på nye fylke og det er oppretta nye tabellar for tidsseriar med sesongjusterte tal. Samstundes har SSB starta med å publisere årstal i eigne tabellar.

SSB har slutta å publisere tal for «hittil i år» og tal for totale overnattingar på kommunar og kommunegrupper.

Desse endringane påverkar lagra søk og API-spørjingar som er gjort mot tabellane. 

Les meir om API  her: https://www.ssb.no/api