Ferske tal frå overnattingsstatistikken viser at det var om lag 2,4 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheim. i oktober 2022, ein nedgang på 0,5 prosent frå oktober 2021. Det var 1,9 millionar norske overnattingar, 5,6 prosent færre ein i fjor og 409 000 utanlandske overnattingar, ein oppgang på 33 prosent.

– Etter opphevinga av reiserestriksjonane i september i fjor, var det rekordmange norske overnattingar i Noreg i oktober 2021. I år har vi hatt fleire moglegheiter til å reise utanlands og dermed ser vi ein liten nedgang for norske overnattingar, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

8 av 10 overnattingar i oktober i år var på hotell. Norske hotellovernattingar vart redusert med 5,7 prosent, medan dei utanlandske auka med 41 prosent samanlikna med i fjor.

Fleire norske hotellovernattingar enn i 2019

Samanlikna med oktober 2019 var det 66 000 fleire norske overnattingar på hotell, som er ein auke på 4,3 prosent.

– Norske overnattingar ved hotella er tilbake til nivået før pandemien. Sidan gjenopninga tidlegare i år har det i alle månader vore fleire norske hotellovernattingar enn i tilsvarande månad i 2019, seier Kristin Aasestad.

Figur 1a. Norske hotellovernattingar i år målt mot 2019
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Overnattingar. Dataene varierer fra 677268 til 2262037.
Highcharts.com
Figur 1a. Norske hotellovernattingar i år målt mot 2019
Månad2019 Norske hotellovernattingar2022 Norske hotellovernattingar
jan.1 124 849677 268
feb.1 209 1591 041 536
mar.1 473 8221 499 280
apr.1 243 7591 426 809
mai1 444 6971 587 456
jun.1 759 9931 947 624
jul.2 112 9412 262 037
aug.1 942 7232 051 952
sep.1 607 5171 752 093
okt.1 535 0681 600 995
Figur 1b. Utanlandske hotellovernattingar i år målt mot 2019
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Overnattingar. Dataene varierer fra 183270 til 1254236.
Highcharts.com
Figur 1b. Utanlandske hotellovernattingar i år målt mot 2019
Månad2019 Utanlandske hotellovernattingar2022 Utanlandske hotellovernattingar
jan.332 991183 270
feb.423 835293 916
mar.431 365328 236
apr.363 927281 566
mai556 707375 972
jun.953 598706 457
jul.1 254 2361 021 574
aug.1 136 304931 523
sep.568 076455 957
okt.387 930313 577

Trass fleire månader utan reiserestriksjonar var det i oktober i år framleis færre utanlanske overnattingar enn i oktober 2019. Totalt mangla 1 av 5 utanlandske overnattingar, og særskilt mangla dei frå Asia.

Hausten er vanlegvis høgsesong for arrangement og konferansar ved norske hotell. I år var det 294 000 overnattingar i forbindelse med kurs og konferansar. Målt mot oktober i 2019 var dette ein auke på 4,0 prosent. Hotellovernattingar med ferie og fritid som formål auka med 11 prosent medan dei med yrkesformål gjekk ned 13 prosent.

Regionale skilnader

Dei fleste fylka hadde små endringar i hotellovernattingar samanlikna med oktober 2019. Auken var størst i Agder, med 22 prosent, etterfølgt av Innlandet og Vestfold og Telemark. I Oslo var det ein nedgang for både norske og utanlandske overnattingar samanlikna med oktober for tre år sidan.

Figur 2. Hotellovernattingar etter fylke. Oktober 2019 og 2022
Søylediagram med 2 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Fylke.
Figuren har 1 Y akse som viser Overnattingar. Dataene varierer fra 8997 til 470463.
Highcharts.com
Figur 2. Hotellovernattingar etter fylke. Oktober 2019 og 2022
Fylkeoktober 2019oktober 2022
Viken322 439316 080
Oslo470 463434 039
Innlandet104 832115 282
Vestfold og Telemark87 74496 015
Agder63 30277 421
Rogaland144 036140 159
Vestland257 116261 736
Møre og Romsdal70 81376 345
Trøndelag - Trööndelage177 406173 994
Nordland - Nordlánnda82 99085 430
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku130 651129 074
Svalbard11 2068 997

Liten nedgang på campingplassar og hyttegrender

Det var 220 000 overnattingar ved norske campingplassar i oktober, ein nedgang på 1,1 prosent frå oktober i fjor. Norske overnattingar gjekk ned 3,5 prosent medan utanlandske overnattingar auka med 18 prosent.

Ved Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheim. var det om lag 215 000 overnattingar, 2,1 prosent færre enn i fjor.

– Dei siste tre årane har vore utfordrande for bransjen. Gjennom pandemiåra 2020 og 2021 valde fleire campingplassar og hyttegrender, og særskilt dei som var avhengige av utlendingar å stenge. I år melder fleire at høge straumprisar har ført til stengde campingplassar og hyttegrender, seier Kristin Aasestad.

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av oktober, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 300 og 1 500 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i oktober månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.