Tal frå overnattingsstatistikken syner at det samla var om lag 1,6 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim. i mai i år. Det var ei auke på 51,7 prosent samanlikna med mai i fjor. Første del av mai 2020 var prega av låg aktivitet og mange stengde overnattingsverksemder og det er derfor viktig å sjå tala i samanheng med korleis dei var før pandemien. Samla overnattingar for mai 2021 målt mot mai 2019 syner ein nedgang på 42,8 prosent. For hotella var det framleis langt unna normalen for overnattingar i mai, mens for campingplassane var det svært gode tal.

Figur 1. Overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i mai

Mai-rekord for norske campingovernattingar

Det var om lag 638 000 overnattingar ved norske campingplassar i mai, ein auke på om lag 22 prosent frå mai i fjor. Det var dei norske overnattingane på campingplassane som bidrog til auken, med rekordhøge 631 000 norske overnattingar på campingplassane. I mai i år var det fleire offentlege fri- og heilagdagar kor det var gunstig å ta langhelg samanlikna med mai i fjor som nok har bidrege til auken.

Talet på utanlandske overnattingar var framleis svært lågt fordi Noreg heldt fram med strenge reiserestriksjonar for utanlandske turister. Berre 1 prosent av gjestane på norske campingplassar i mai var frå utlandet.

– Til tross for at mai var ein god månad for mange av campingplassane, valde fleire å halde stengt. Campingplassar som i stor grad baserer seg på utanlandske gjester som til dømes tyske fisketuristar, kunne ikkje ynskje sine vanlege gjester velkommen og såg det derfor meir hensiktsmessig å halde stengt, seier rådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Figur 2. Overnattingar ved campingplassar for mai

Overnattingar ved hotella tok seg opp

I løpet av mai i år var det 792 000 overnattingar ved hotella i Noreg. I mai i 2019, før koronautbrotet, var det heile 1,2 millionar fleire overnattingar. Samanlikna med mai i 2020, var det ein auke på 344 000 overnattingar. Sjølv om talet på overnattingar på hotella tok seg opp frå mai i fjor, er det framleis eit godt stykke att før ein er tilbake til det som har vore normale tal for mai.

– Det var ein auke både i norske og utanlandske overnattingar. Ein årsak var at i mai i fjor valde fleire hotell å halde stengt som følgje av lokale koronatiltak eller at dei mangla gjestar. I mai i år ser ein i tillegg at fleire arbeidsgjevarar som nytta utanlandsk arbeidskraft, valde å innkvartere arbeidarane frå utlandet på hotell, seier rådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Figur 3. Overnattingar ved hotella for mai

Hyttegrend og vandrarheim

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 132 000 overnattingar ved hyttegrend og vandrarheimar i mai i år, ein auke på heile 123 prosent samanlikna med i mai 2020. Ein del av denne auken kan forklaras med at Statistisk Sentralbyrå har gjort endringar i næringsplasseringa for nokre overnattingsverksemder i overnattingsstatistikken

Færre overnattingar ved fritidsbustadsformidling

  • 17 000 overnattingar i mai 2021
  • 7600 færre enn mai sist år
  • Norske overnattingar vart redusert med om lag 7 100
  • Det var 500 færre utanlandske overnattingar

29. juni publiserte Eurostat ein artikkel om overnattingar i delingsøkonomien, med tall frå AirBnB, Expedia, Booking.com og Tripadvisor. Du kan lese meir om denne saka i ein egen artikkel her.

5. november 2020 innførte regjeringa karantenehotell gjeldande frå 9. november for å avgrense importsmitte av korona. Reglane har vorte endra ved fleire høve. Regel var i mai at dei som kom til Noreg plikter å gjennomføre karantenetida på karantenehotell, men det vart gjort endringar i kva grupper som er unntatt frå denne plikten og kor lenge dei må opphalde seg på karantenehotell. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

I samsvar med Eurostat, tar vi ut karantenehotell av overnattingsstatistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i mai. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken