Statistikken økonomisk sosialhjelp syner at det var omlag 165 800 Sosialhjelpsmottakarar er dei som får vedtak om stønad til livsopphold etter sosialtenestelova §§18 og/eller 19. i 2025. I 2025 var det dei med norsk For personar fødd i utlandet, er dette (med nokre få unntak) eige fødeland. For personar som er fødde i Noreg er det foreldra sitt fødeland. I dei tilfella der foreldra har ulikt fødeland, er det fødelandet til mora som vert valt. Dersom ikkje personen sjølv eller nokre av foreldra er fødd utanlands, vert landbakgrunn henta frå dei fyrste utanlandsfødde ein treff på i rekkjefylgja mormor, morfar, farmor eller farfar. som var den største gruppa, med meir enn 55 300 sosialhjelpsmottakarar, men det var likevel ein reduksjon på om lag 3 prosent frå 2024 (sjå figur 1).

Figur 1. Talet på sosialhjelpsmottakarar etter landbakgrunn. 2025.

Etter dette følgde dei med landbakgrunn frå Ukraina, med i underkant av 30 500 sosialhjelpsmottakarar, noko som var ein liten nedgang på 0,4 prosent frå 2024.

Fleire av dei andre landa hadde også ein reduksjon i talet på mottakarar. Dei med landbakgrunn frå Eritrea hadde 6 prosent færre mottakarar enn året før. Irak hadde 2,2 prosent færre mottakarar enn i 2024. Polen hadde 0,3 prosent færre i 2025 enn året før.

Nokre av dei ti landa hadde ein auke i talet på mottakarar frå 2024 til 2025. Det var i 2025 i underkant av 11 200 sosialhjelpsmottakarar frå Syria, som var ein auke på 0,6 prosent frå året før. Om lag 8 600 med landbakgrunn frå Somalia mottok sosialhjelp i 2025, som var 3,4 prosent fleire mottakarar enn i 2024. 

Det var 4,3 prosent fleire mottakarar med russisk landbakgrunn og 1,6 prosent fleire med landbakgrunn frå Afghanistan som fekk sosialhjelp i 2025. Sverige hadde 3,1 prosent fleire sosialhjelpsmottakarar i 2025. 

Dei resterande landa, samt personar som var utan registrert landbakgrunn hadde meir enn 40 000 sosialhjelpsmottakarar, noko som var ein auke på rundt 2 prosent frå 2024 til 2025. 

Mest sosialhjelp betalt ut til ukrainarar

I 2025 betalte Noregs kommunar ut nesten 12,4 milliardar kroner i økonomisk sosialhjelp totalt til alle sosialhjelpsmottakarar, som var ein auke på meir enn 4 prosent frå 2024. Sosialhjelpsmottakarar frå dei ti landa som er nemnde over mottok i underkant av 76 prosent av alle sosialhjelpsutbetalingane i 2025, noko som utgjorde om lag 9,4 milliardar kroner.

Det var sosialhjelpsmottakarane frå Ukraina som fekk den største delen av den totale utbetalinga (sjå figur 2), med meir enn 3,1 milliardar kroner, noko som var ein auke på omlag 12 prosent frå 2024. Det tyder at om lag 25 prosent av dei totale utbetalingane i 2025 gjekk til sosialhjelpsmottakarar med ukrainsk landbakgrunn.

Figur 2. Totale sosialhjelpsutbetalingar etter landbakgrunn og kjønn. 2025. Milliardar kroner. Løpande prisar

Ukrainske kvinner fekk meir enn 2 milliardar kroner i sosialhjelp i 2025, ein auke på 13,3 prosent frå året før. Ukrainske menn mottok ein lågare del med i overkant av 1 milliard kroner som var ein auke på 9,4 prosent frå 2024.

Dei med norsk landbakgrunn fekk meir enn 2,3 milliardar kroner av sosialhjelpsutbetalingane, noko som er den nest største delen av sosialhjelpa som vart utbetalt i 2025. Dette var likevel ein reduksjon på om lag 4,5 prosent frå 2024. Norske menn fekk største delen av utbetalingane med nesten 1,4 milliardar kroner samanlikna med norske kvinner som mottok i underkant av 1 milliard kroner. I overkant av 19 prosent av det som vart betalt ut av sosialhjelp på landsbasis gjekk til dei med norsk landbakgrunn i 2025.   

Sosialhjelpsmottakarar frå Syria og Somalia mottok høvesvis i underkant av 1,2 milliardar kroner og i overkant av 1 milliard kroner utbetalt frå Nav-kontora i 2025. Dette vil seie at mottakarar frå Syria fekk 9,7 prosent og mottakarar frå Somalia 8,3 prosent av dei totale sosialhjelpsutbetalingane i landet. Blant syrarar vart det utbetalt meir enn 700 millionar kroner til menn og i underkant av 500 millionar kroner til kvinner. Til samanlikning mottok kvinner med somalisk landbakgrunn meir enn 640 millionar kroner, medan somaliske menn fekk over 380 millionar kroner. 

Flest med kort stønadsmottak frå Polen og Noreg

Det varierer kor mange månader mottakarar frå dei ti landa fekk sosialhjelp i løpet av 2025. Figur 3 syner stønadstida som sosialhjelpsmottakarar frå dei ti landa omtala i denne artikkelen hadde i 2025.

Figur 3. Sosialhjelpsmottakarar etter landbakgrunn og månader med sosialhjelp. 2025. Prosent.

Om vi ser på landstala totalt, hadde heile 41 prosent av sosialhjelpsmottakarane eit kortidsmottak som varte i 1 til 3 månader. Delen som hadde 4 til 6 månader stønadstid i 2025 var på 19 prosent. Enda færre hadde sosialhjelp i 7 til 9 månader, 13 prosent mottok sosialhjelp så lenge. Rundt 27 prosent av alle mottakarar i landet fekk sosialhjelp i 10 til 12 månader. 

Blant dei med landbakgrunn frå Polen og Noreg var det høvesvis 52 og 54 prosent som fekk sosialhjelp i 1 til 3 månader. For sosialhjelpsmottakarar frå Eritrea og Sverige var det 38 og 47 prosent av mottakarane som hadde dette like lenge. For dei seks andre landa var det mellom 26 til 33 prosent som mottok sosialhjelp i 1 til 3 månader.

Ukraina har størst auke i langtidsmottak 

Det å motta økonomisk sosialhjelp i 10 til 12 månader vert rekna som eit tungt langtidsmottak, då mottakarane har fått sosialhjelp mesteparten av kalenderåret. I 2025 fekk 47 prosent av sosialhjelpsmottakarane frå Russland sosialhjelp i denne stønadskategorien, noko som var ein auke på nesten 7 prosentpoeng frå 2024. Etter dette kom mottakarar frå Somalia med ein prosentdel med 42 prosent som var langtidsmottakarar, men likevel var dette berre ein auke på noko under 1 prosentpoeng frå 2024. 

Prosentdelen langtidsmottakarar med landbakgrunn frå Syria, Afghanistan, Irak og Ukraina varierte mellom 34 til 39 prosent i 2025. Til samanlikning var det færrast med norsk landbakgrunn som fekk økonomisk stønad i 10 til 12 månader, om lag 14 prosent hadde denne stønadstida i 2025. Delen mottakarar frå Polen, Sverige og Eritrea med denne lengste stønadstida var på høvesvis 18, 20 og 29 prosent.

Mottakarar frå Ukraina hadde størst auke i tungt langtidsmottak frå 2024 til 2025 med rundt 10 prosentpoeng. Meir enn 18 prosent av alle sosialhjelpsmottakarane i Noreg kom frå Ukraina og dei bur i nesten alle landets kommunar. Dei aller fleste ukrainske sosialhjelpsmottakarar var busett i Oslo i 2025, meir enn 7 prosent. I Stavanger og Bergen budde det til saman 7 prosent sosialhjelpsmottakarar med ukrainsk landbakgrunn i 2025.

Ulik aldersfordeling mellom landa

Om vi ser nærare på dei einskilde ti landa ser vi at sosialhjelpsmottakarane var ujamt fordelte etter aldersgrupper. Mottakarar frå Syria, Sverige og Afghanistan var til dømes i fleirtal i den yngste aldersgruppa (17-25 år) samanlikna med dei sju andre landa i 2025, og prosentdelen varierte frå 20 til 23 prosent. Russland hadde færrast av dei yngste sosialhjelpsmottakarane med rundt 11 prosent (sjå figur 4). 

Figur 4. Sosialhjelpsmottakarar etter landbakgrunn og aldersgruppe. 2025. Prosent.

Om vi ser på sosialhjelpstala totalt for heile landet i 2025, fekk nær 18 prosent i aldersgruppa 17-25 år økonomisk sosialhjelp.

Afghanistan, Sverige og Eritrea hadde flest sosialhjelpsmottakarar i aldersgruppa 26 til 35 år, samanlikna med dei sju andre landa. Prosentdelen for desse tre landa var høvesvis rundt 28, 29 og 30 prosent i 2025. Dei med landbakgrunn frå Russland, Ukraina og Irak hadde færrast sosialhjelpsmottakarar i denne aldersgruppa med høvesvis om lag 13, 17 og 19 prosent. 

Sosialhjelpsmottakarar frå dei fire landa Eritrea, Somalia, Syria og Polen hadde flest i aldersgruppa 36 til 45 år med, ein liten variasjon i prosentdelen frå 28 til nær 30 prosent.

Til samanlikning med sosialhjelpstala totalt for heile landet, var delen mottakarar i aldersgruppene 26 til 35 år og 36 til 45 år begge på om lag 24 prosent.

...og dei eldste sosialhjelpsmottakarane 

I alderskategorien 46 til 59 år var det sosialhjelpsmottakarar med landbakgrunn frå Irak som hadde den høgaste delen, med nær 29 prosent. Landet med færrast mottakarar i same alderskategori var Afghanistan med om lag 18 prosent.

I 2025 viste sosialhjelpstala for heile landet at 13 prosent av mottakarane var 60 år eller eldre, ein auke på 1 prosentpoeng frå 2024. Polen og Sverige er dei einaste av dei ti landa som hadde ein nedgang i denne eldste alderskategorien. Det var sosialhjelpsmottakarar med russisk landbakgrunn som hadde den høgaste delen, med rundt 38 prosent som var 60 år eller eldre.

Aldersskilnadene i sosialhjelpsmottak speglar òg i stor grad at alderssamansetjinga er ulik mellom dei ti landa.