Tolvmånadersveksten i desember 2025 var 4,3 prosent, samanlikna med 3,8 prosent i desember 2024. Figur 1 viser den årlege prosentvise endringa, eller tolvmånadersveksten, i perioden desember 2021 til desember 2025.

Figur 1. BKI. Prosentvis endring frå same månad året før, desember 2021 - desember 2025

Kostnadene for bygging av einebustadar i tre auka med 4,2 prosent frå desember 2024 til desember 2025, medan kostnadene for bustadblokker steig med 4,3 prosent. Materialkostnadene auka med 3,7 prosent for bustadblokker og med 5,1 prosent for einebustadar. Prisveksten på trelast bidrog til at materialkostnadane for einebustadar auka meir enn for bustadblokker.

Materialkostnadene auka vidare 

SSB publiserer materialindeksar for sentrale varegrupper som betong, betongelement, armeringsstål, konstruksjonsstål og trelast. Etter ein nedgang frå toppen i 2021 og fram til sommaren 23, har trelastprisane halde fram med å stige. Dei har auka med 13,4 prosent sidan desember 2024 (sjå figur 2). Auken var sterkast første halvår medan den flata ut utover hausten og vinteren. Prisane på armeringsstål har derimot minka med 4,2 prosent, medan konstruksjonsstål har stige med 2,2 prosent i same periode. Prisane på betong og betongelement er no høvesvis 3,1 prosent og 5,2 prosent høgare enn ved utgangen av 2024.

Figur 2. Materialindeksar, desember 2021 - desember 2025. 2015=100

Årsvekst på 4,3 prosent

Ved publiseringa av desembertala for byggjekostnadsindeksane for bustader lagar SSB òg tal for årsveksten. Årsveksten finn ein ved å rekne ut gjennomsnittet av dei tolv månadlege indeksane, og samanlikne det med gjennomsnittet for året før. For dei samla byggjekostnadene var årsveksten høvesvis 4,4 prosent i 2023 og 3,8 prosent i 2024, medan den i 2025 enda på 4,3 prosent.