Samla driftskostnader knytt til miljøvern i næringslivet utgjorde nesten 14,4 milliardar kroner i 2024, som er ein kraftig auke på 54 prosent frå 9,3 milliardar i 2023. Samstundes auka investeringane til miljøvern med 11 prosent, og nådde 12,4 milliardar kroner. Denne veksten var sterkt driven av næringane innan bergverksdrift og utvinning, som stod for 10,9 milliardar kronar, følgd av industrinæringane med 1,3 milliardar kroner. Alle størrelsar i statistikken for miljøvernutgifter er i laupande prisar.
Kraftig oppgang i driftskostnadene til miljøvern for industrinæringane
Dei totale driftskostnadene til miljøvern i industrinæringane viser ein oppgang på heile 54 prosent i 2024. Dette svarar til en auke på 5 milliardar kroner.
Metallindustrien stod for ein vesentleg del av oppgangen og hadde i 2024 ein oppgang i driftskostnader til miljøvern på 1,7 milliardar kroner frå året før, medan petroleums- og kolvareindustrien auka med 7 prosent, eller 89 millionar kroner. Kjemisk industri, transportmiddelindustri og mineralproduktindustri har òg hatt ein større oppgang. Transportmiddelindustrien er den som auka mest av desse med ein oppgang på 220 millionar eller 207 prosent.
CO2-kompensasjonsordninga drog opp offentlege miljøvernutgifter
Offentlege miljøvernutgifter var 60 milliardar kroner i 2024, opp frå 53,9 milliardar i 2023. Det er ei auke på 6,1 milliardar kroner, eller 11 prosent.
Subsidiar var den utgiftsposten som bidrog mest, med ei auke på 2,9 milliardar kroner, opp 153 prosent frå 2023. 2,7 milliardar av auken skuldast CO2-kompensasjonsordninga (Miljødirektoratet), som skal bidra til å hindre Når klimagassutslepp blir flytta til land med mindre streng klimapolitikk, til dømes når industri flyttar ut av Noreg på grunn av klimakvotar eller CO₂-avgift. i kraftintensiv industri på grunn av høgare klimakvoteprisar i Europa. Ordninga har tidlegare vore teken ut av statistikken for miljøvernutgifter (sjå forklaring i eigen boks), men er blitt reintrodusert på grunn av nye miljøkrav frå norske styresmakter.
Vidare auka overføringar til utlandet med 1 milliard kroner i 2024. Det er 26 prosent høgare enn i 2023. Særleg klima- og skogsatsinga drog opp. Denne posten har til føremål å bevare regnskog og annan tropisk skog i utlandet, sidan dette lagrar fleire milliardar tonn CO₂ kvart år.
I 2023-publiseringa av miljøvernutgifter (SSB-artikkel) vart CO₂-kompensasjonsordninga for industrien fjerna frå statistikken. Det var SSB og Eurostat si vurdering at ordninga ikkje oppfylte krava til miljøsubsidie. Ifølgje Eurostat kunne det òg vere mogleg at ordninga har ein negativ miljøeffekt, og dermed oppfyller krava til fossile subsidiar. Dette er det likevel ikkje teke stilling til. Frå 2024 vart det derimot innført krav om at 40 prosent av den samla kompensasjonen skal brukast på klima- og energieffektiviseringstiltak. Mottakarar av subsidien skal rapportere årleg om framdrift og leggje fram ein sluttrapport til Miljødirektoratet seinast innan 2035 som viser at 40 prosent er brukt på slike tiltak. Som følgje av dette har SSB reintrodusert ordninga i denne statistikken. Då er det berre 40 prosent av utbetalt beløp som er inkludert kvart år. Dette kan gi noko avvik frå den faktiske bruken, sidan 40-prosentdelen skal reknast som eit gjennomsnitt for heile perioden fram til 2035, og difor kan variere frå år til år.
Avløp var den største offentlege miljøvernutgifta i 2024
Fordelt på miljøformål var handsaming av avløp den største offentlege miljøvernposten i 2024. Avløpsutgiftene var på 25,1 milliardar kroner, ei auke på 1,4 milliardar frå 2023. Over halvparten av auken skuldast investeringar i kommunane, som må sjåast i samanheng med eit betydeleg investeringsbehov innan vatn og avløp i kommunane i perioden 2025–2045.
Vern av luft og klima er miljøposten som har auka mest i 2024. Denne posten var på 8,7 milliardar kroner i 2024, opp frå 5,8 milliardar i 2023. Det er ei auke på 2,9 milliardar, eller 50 prosent. Det er CO₂-kompensasjonsordninga som forklarar denne oppgangen.