Totalt blei det behandla 7,6 millionar tonn avfall ved Norske avfallsanlegg i 2020. 612 000 tonn avfall blei handtert ved norske biogass- og komposteringsanlegg, 1,6 millionar tonn avfall blei forbrent ved avfallsforbrenningsanlegg og 5,4 millionar tonn blei deponert.

Over 50 prosent meir park- og hageavfall kompostert

Den totale mengda biologisk behandla avfall har auka frå 605 000 tonn i 2019 til 612 000 tonn i 2020. Av dette blei 393 000 tonn behandla ved biogassanlegg, mens 219 tonn avfall blei kompostert.

Mengda avfall som blei kompostert har auka med dryge 30 prosent frå 2019 til 2020. Det er park- og hageavfall som står for mesteparten av auken, frå 73 000 tonn i 2019 til 115 000 tonn i 2020 – ein auke på over 50 prosent. Matavfall og fiskeavfall og anna marint avfall har også hatt ein auke – begge på 11 000 tonn.

Mengda avfall som blei biogassbehandla gjekk litt ned i 2020, sett i forhold til 2019. Her er det materialtypen anna organisk som har hatt den største nedgangen samanlikna med føregåande år. Denne kategorien inneheld blant anna biorestavfall frå biogassanlegg, landbruksavfall som halm og gras, trefordelingsavfall og vassverkslam.

Like mengder deponert avfall

Totalt blei 5,4 millionar tonn avfall i 2020 enten deponert eller brukt som fyllmassar eller dekkmassar. Dette er omtrent det same som året før. Av dei 5,4 millionane var om lag halvparten lett forureina massar som stein og grus. Den andre halvparten består av og farleg avfall.

Det blei deponert 1,7 millionar tonn ordinært avfall i 2020. Desse består for det meste av betong og tegl. Noko av det er forureina med tungmetall, PCB eller andre helse- eller miljøskadelege stoff. I tillegg består dette avfallet av forbrenningsrestar som slagg, støv, botnoske og flygeoske. Dei resterande mengdene som blei deponert var 0,9 millionar tonn farleg avfall. Som ein kan sjå i figur 2 under var det berre små skilnader i tala frå 2020 samanlikna med 2019.

Forbrenning av avfall

Om lag same mengde avfall blei forbrent ved avfallsforbrenningsanlegg i 2020 samanlikna med i 2019. Noko meir avfall blei forbrent utan , og litt mindre avfall blei forbrent med energiutnytting. Det er for det meste restavfall (92 prosent), men også nokre reine masser (8 prosent) som vart forbrent.

I tillegg til mengda forbrent ved norske forbrenningsanlegg, blir avfall òg eksportert til utlandet for forbrenning.