Resultat frå Landbruksundersøkinga 2024 viser at om lag 14 prosent av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar i 2024, dette er på same nivå som førre undersøking i 2021. Gjennomsnittleg investert beløp per jordbruksbedrift auka frå 989 000 kroner i 2021 til 1 101 000 kroner i 2024.
– Det er innafor driftsformene storfe mjølkeproduksjon og svin og fjørfe vi finn størst del som har investert i driftsbygningar, seier Reidar Steffenstorpet, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå.
Innafor desse driftsformene var det høvesvis 22 og 25 prosent av jordbruksbedriftene som investerte. Til samanlikning var det berre 7 prosent av bedrifter innafor driftsforma korn og oljevekstar som investerte i driftsbygning.
I 2024 blei det investert 4,1 milliardar kroner i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Om lag 29 prosent av bedriftene investerte i nye eller brukte maskiner og reiskap. Av bedriftene som investerte, blei det i gjennomsnitt investert 381 000 kroner i 2024, mot 276 000 kroner i 2021.
2,7 milliardar til vedlikehald av driftsbygningar
Om lag 78 prosent av jordbruksbedriftene hadde utgifter til vedlikehald av driftsbygningar i 2024. Utgiftene utgjorde i alt 2,7 milliardar kroner, og det svarer til omtrent 93 000 kroner per jordbruksbedrift med utført vedlikehald. I 2021 blei det brukt 2,2 milliardar til vedlikehald, tilsvarande 81 000 kroner per jordbruksbedrift. Det er i Nord-Noreg vi finn størst del med vedlikehald, her var det 89 prosent av jordbruksbedriftene som hadde utgifter til vedlikehald i 2024. Samstundes er det i Trøndelag det er høgst gjennomsnittleg utgift med 106 000 kroner per jordbruksbedrift.
Auka utgifter til leasing
Totalt betalte jordbruksbedriftene 1,3 milliardar kroner i leasingleige for maskiner og reiskap i 2024. I gjennomsnitt betalte kvar bedrift med leasing 190 000 kroner. Til samanlikning betalte jordbruksbedriftene 1,1 milliardar i 2021, tilsvarande 151 000 per jordbruksbedrift.
Vedlikehald av maskinar og reiskapar
Jordbruksbedriftene brukte til saman 3,0 milliardar kroner på vedlikehald av maskinar og reiskapar i 2024. Om lag halvparten av dette, 1,6 milliardar, blei brukt på vedlikehald av traktor eller skurtresker. I 2021 var utgiftene til vedlikehald 2,4 milliardar kroner. Delen av jordbruksbedriftene med vedlikehald av maskinar og reiskapar auka frå 88 prosent i 2021 til 94 prosent i 2024.
